- Ta mobbing på alvor!

- No må UiO ta mobbing på alvor. Difor bør universitetsleiinga leggja til rette for tiltak som kan betra arbeidsmiljøet ved heile universitetet. Det seier tillitsvalde for dei fire største fagforeiningane i ein kommentar til undersøkinga som viser at 12,5 prosent av dei HF-tilsette føler seg mobba. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe lovar at det etter kvart skal setjast i gang liknande undersøkingar på heile UiO.

TILTAK: - Leiinga bør leggja til rette for tiltak som kan betra arbeidsmiljøet ved heile universitetet, seier f.v. Ellen Dalen, Kristen Døssland, Kristian Mollestad og Ole Martin Nodenes.
Foto: Martin Toft

Det var tidlegare denne månaden Uniforum nett no og HF-aktuelt kunne melda at ei arbeidsmiljøundersøking på HF blant anna hadde avdekt at mange av dei tilsette, nærare bestemt 12,5 prosent, kjende seg mobba av kollegaer i løpet av dei siste seks månadane.

Samtidig hadde 27 prosent av dei tilsette registrert mobbing av andre. Og mobbinga var mest omfattande blant dei vitskaplege tilsette mellom 51 og 61 år. Dei tilsette på HF-fakultetet skårar likevel høgt på medverknad og eigenkontroll.

Fakultetsdirektør Anne Ma Eide tar dokumentasjonen frå arbeidsmiljøundersøkinga alvorleg og har lova å jobba med både dei gode og dei mindre gode sidene ved arbeidsmiljøet, ikkje minst mobbetala. No krev dei tilllitsvalde for NTL, Parat, Forskarforbundet og Akademikarane at universitetsleiinga også må ta mobbing på alvor.

- UiO bør ta ansvar

- Me synest det er kjempebra at HF har utført ei slik arbeidsmiljøundersøking. UiO bør ta ansvar for resultata på HF og gi naudsynt bistand til fakultetet og institutta i oppfylginga av undersøkinga. Ei kraftig kulturendring er det behov for, og det er for mykje å krevja at kvart enkelt institutt sjølv skal finna dei rette verktøya for dette. Ikkje minst sidan det er lite sannsynleg at dei høge mobbetala er spesielle for HF, seier Ellen Dalen frå NTL, Ole Martin Nodenes frå Parat, Kristen Døssland frå Akademikarane og Kristian Mollestad frå Forskarforbundet.

Alle er også interesserte i å vita kvifor nokon føler seg mobba og kvifor det er fleire blant dei vitskaplege tilsette enn blant dei teknisk/administrative tilsette som gir opp at dei er blitt mobba.

- Dette må kartleggjast nærmare. Me har grunn til å tru at nokon av dei føler seg mobba fordi dei synest at deira fagområde er nedprioritert i samband med prosessen rundt den faglege prioriteringa på fakulteta. Spesielt blant dei vitskaplege tilsette mellom 51 og 61 år kan dette vera tilfellet, trur dei fire tillitsvalde. Dei ser også ein mogleg annan konsekvens av dette.

- Nokon av dei som i dag er førsteamanuensar i eit fag som er truga av nedlegging, ser at heile forskarkarrieren deira rasar i grus, når dei forstår at det ikkje blir lyst ut noko professorat i faget etter at den eldste fagpersonen har gått av for aldersgrensa. Det må også lagast karriereplanar for forskarar under 60 år, understrekar dei.

- Må helsa på kvarandre

Alle viser til eit anna viktig funn som er gjort i arbeidsmiljøundersøkinga på HF.

- Folk er spurt om kva som skal til for å bli betre. Då svarer dei at personar må byrja å helsa på kvarandre. Viss nokon har søkt om opprykk til professor og fått avslag, så går dei ofte inn i seg sjølve, og kan føla at dei er blitt mobba av dei som bestemte det.

- Forskarane vil bli sett på det dei leverer fagleg, men samtidig vil dei gjerne sitja på kontoret og jobba i staden for å gjera andre ting, konstaterer dei.

Alle ser at det er stor skilnad på arbeidsmiljøet mellom dei vitskaplege tilsette og dei teknisk/administrative tilsette.

- Det er klart. Dei vitskaplege tilsette er ikkje ein del av eit større arbeidsmiljø på same måten som dei teknisk/administrative tilsette er det. Likevel er det positivt at undersøkinga slår fast at det er få tilfelle av mobbing mellom dei teknisk/administrative tilsette og dei vitskaplege tilsette, slår dei fast.

Dei peikar på at alle endringane som blei gjennomførte i samband med innføringa av Kvalitetsreforma, kan vera ein grunn til at spesielt HF slit med det mange oppfattar som mobbing.

Vil ha karriereplanar for alle

- No trur me faktisk det er prosessen rundt den faglege prioriteringa som er ei av årsakene. Diverre har ikkje Universitetsstyret vore villig til å snakka om dei personlege konsekvensane dette får. Finansieringssystemet som Kunnskapsdepartementet har pålagt universitetet, oppfordrar heller til konkurranse enn til samarbeid.

- Nokon av dei teknisk/administrative tilsette ved UiO får tilbod om nye stillingar, medan andre ikkje får vita om dei før søknadsfristen er gått ut. Høgskulen i Oslo er svært flink til å rekruttera studiekonsulentar frå UiO, som aldri har fått opprykk til rådgjevarstilling. Utarbeiding av karriereplanar også for alle tilsette under 60 år kan vera ei løysing på dette, trur dei.

Dei er likevel ikkje overtydde om at alle mobbeproblema ved UiO er avdekte.

- Me har truleg berre sett toppen av isfjellet. HF skal ha ros for at det har kome fram gjennom denne arbeidsmiljøundersøkinga. Det er også positivt at fakultetet har gått så breitt ut for å finna ut ting om alle sider ved arbeidsmiljøet. Det skal fakultetsleiinga ha skikkeleg honnør for, meiner dei.

Lovar arbeidsmiljøundersøking for heile UiO

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er også sterkt engasjert i funna frå arbeidsmiljøundersøkinga på HF.

- Universitetsleiinga vil ha eit godt samarbeid med dei tillitsvalde og med hovudverneombodet når det gjeld arbeidsmiljø og læringsmiljø. Sjølv prioriterer eg svært høgt arbeidet med å gjera universitetet til ein hyggeleg plass både å arbeida og studera på.

- Funna frå HF har vore oppe både på styremøtet og på møte med dekanane og fakultetsdirektørane, og me vil sjølvsagt gi honnør til HF som har gjennomført ei slik undersøking. Fakultetsleiinga på HF fylgjer no opp funna på ein god måte og vil leggja fram forslag til tiltak i løpet av april.

- På grunnlag av desse funna vil dekanane ved dei andre fakulteta ta stilling til når dei skal setja i gang ei liknande undersøking. Det vil sjølvsagt også bli gjennomført ei undersøking i Sentraladministrasjonen. Me vil bidra med råd til metodeval for undersøkingane, slik at det skal bli mogleg med samanlikning og gjentaking, understrekar ho.

-Nulltoleranse

Universitetsdirektøren vil ha ei klar haldning frå alle.

- Det er nulltoleranse for mobbing på UiO, anten det blir uttrykt verbalt eller med kroppsspråk. Difor er det viktig at me blir endå flinkare til å gi kvarandre ros, og det er også lov å gi kvarandre ein klapp på skuldra. Dessutan er det lov å gjera kvarandre gode.

- Dei tillitsvalde har grunn til å tru at ein del av dei spurte føler seg mobba fordi faga deira blir nedprioriterte i samband med prosess fagleg prioritering. Kva kommentar har du til det?

- Mobbinga er eit kulturfenomen som strekkjer seg lenger tilbake i tid enn til då UiO starta med prosess fagleg prioritering. UiO er eldst størst og best. Prosess fagleg prioritering er viktig for å finna ut kva UiO er best på, slår ho fast.

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 26. feb. 2008 14:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere