Jusdekan krev meir ressursar

- Det juridiske fakultetet er einig i at me må gi betre oppfylging av kvar student, men då må me få ein større bit av budsjettkaka til UiO. Det seier dekan Hans Petter Graver til Uniforum.

REDUSERA STUDENTTAL: - Viss me ikkje får fleire lærarar, så må me redusera talet på studentar for å få til målet om betre oppfylging, seier jusdekan Hans Petter Graver.
Foto: Martin Toft

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) godkjente denne månaden både mastergradsstudiet og doktorgradsstudiet i rettsvitskap ved Det juridiske fakultetet.

I hovudsak tilrår komiteen som har evaluert jusstudiet at kvar student blir fylgd betre opp enn i dag. Studentane er i stor grad overletne til seg sjølve, registrerer komiteen.

Det kjem også med forslag om at jusstudiet bør får ein Bologna-struktur for studia, slik at studentane først kan ta ein tre år lang bachelorgrad, som dei kan byggja ut med eit mastergradstillegg på to år. Komiteen ber også fakultetet om å innføra tiltak som kan gjera det lettare for dei utanlandske studentane å bli integrerte i studiemiljøet, gjennom å ha felles seminar.

Det blir også vist til at Det juridiske fakultetet kjem uheldig ut når det gjeld ressurstildeling om ein legg til grunn forholdet mellom talet på lærarar og talet på studentar.

- Einige i tilrådingane

- Ja, me er stort sett einige i tilrådingane til denne komiteen. Det er våre studentar som produserer dei billegaste studiepoenga i forhold til kor mykje pengar Universitetet i Oslo løyver til Det juridiske fakultetet, understrekar jusdekan Hans Petter Graver.

- På same måten som for Det samfunnsvitskaplege fakultetet går våre utgifter stort sett berre til lønn og dagleg drift. Me har ikkje dyrt vitskapleg utstyr eller store laboratorium slik både medisin, Mat.nat. og odontologi har, poengterer Graver.

Han viser til at fakultetet allereie for fem år sidan byrja å innføra ordningar som skulle gi tettare oppfylging av kvar student.

- På grunn av naudsynte innsparingar stansa det litt opp. No synest me at universitetsleiinga har vist stor forståing for behovet for å auka talet på undervisningsstillingar hos oss. Det var grunnen til at Det juridiske fakultetet også blei skjerma i høve til dei andre fakulteta, då universitetsbudsjettet skulle fordelast mellom fakulteta i haust. Dersom me skal klara å få til ei tettare oppfylging av kvar student, er det ein føresetnad at budsjettsituasjonen til fakultetet blir betre, seier Graver.

-Tilføring av meir ressursar

Så lenge ikkje det skjer, trur han at det må til meir drastiske tiltak.

- Viss me ikkje får fleire lærarar, så må me redusera talet på studentar for å få til målet om betre oppfylging. Løysinga på dei problema me har i dag er kort sagt tilføring av meir ressursar, understrekar han.

Han viser til at fakultetet allereie har spart pengar på eksamensbudsjettet ved å avgrensa kor mange gonger ein student som ikkje har stroke i eit fag kan ta eit fag om igjen for å betra karakteren.

I tillegg er tida på avdelingseksamenane redusert frå åtte til seks timar, medan eksamenstida i valemne får ei eksamenstid på fire timar i staden for på seks timar som tidlegare. Det blir heller ikkje gitt utsett prøve for emne som har eksamen kvart semester, og heimeeksamen på kurset JUR3000 blir erstatta med ein skuleeksamen på seks timar frå våren 2008. Saman med kutt på andre område, skal dette gi innsparingar på til saman 6,5 millionar kroner.

Evaluering i staden for eksamen

Dekanen er likevel ikkje uroa over at dette skal gi mastergradsstudiet i jus dårlegare kvalitet.

- Studentane legg for stor vekt på eksamen og prøving i kunnskap i staden for å vera opptatt av kva kunnskap og kompetanse undervisningspersonalet vårt gir dei. Det me no ynskjer å vurdera, er i kor stor grad me kan flytta ressursar frå eksamensbudsjettet til ei undervisning der studentane blir evaluerte gjennom heile studiet.

- Då vil det vera mogleg å gå ned i omfanget på eksamenar, og så kan me gi standpunktkarakterar til studentane, i alle fall opp til bachelornivået, seier han.

Som jurist ser han likevel at det reiser fleire prinsipielle spørsmål.

- Dette avgrensar den akademiske fridomen og utdanningsløpet til studentane, peikar han på.

Ikkje einig i Bologna-modell

Når det gjeld forslaget til evalueringskomiteen om at Det juridiske fakultetet også skal innføra ein 3-2-modell, også kalla Bologna-modell, for studia sine, er han ikkje lenger einig med komiteen.

- Me hadde det oppe vurdering også i samband med innføringa av Kvalitetsreforma. Då slo me fast at det ikkje ville vera nokon god modell for oss. Juss er på mange måtar ei profesjonsutdanning. Det må vera ein viss minstekunnskap ein må kunna krevja frå ein jusstudent, før vedkomande kan få seg stilling som jurist.

- Fordi me gjerne vil kartleggja kva arbeidslivet krev av ein kandidat frå jusstudiet har me invitert representantar frå Justisdepartementet, Riksadvokaten, Sivilombodsmannen, NHO, KS og Advoktatforeininga til å vurdera dette spørsmålet.

- Det vil vera nyttig for oss i høve til graden av spesialisering av undervisninga og eventuell innføring av Bologna-modellen, fortel han.

Obligatoriske kurs på engelsk

Akkrediteringskomiteen gav også Det juridiske fakultetet råd om å internasjonalisera jusstudiet meir blant anna gjennom å ha fleire engelskspråklege bøke på pensum.

- Jusstudentane er faktisk blant dei aller ivrigaste til å ta ein del av studieopphaldet i utlandet. Men når det gjeld dei utanlandske studentane ved fakultetet vårt, så ser eg at det kan vera vanskeleg for dei å koma i god kontakt med dei norske jusstudentane.

- Også i dag me masterkurs i både sjørett, menneskerettar og i EU-rett på engelsk. Nokre av desse faga har også eit norskspråkleg tilbod. Det me kunne gjera var å kutte ut det norskspråklege tilbodet og lata det engelskspråklege tilbodet bli obligatorisk for alle jusstudentar. Då ville dei kunna ha felles forelesingar og bli kjende med kvarandre på den måten, meiner Graver.

Emneord: Fakultetene, Jus Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2008 12:50 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere