Flyttinga av Uniforum utsett

Uniforum-redaksjonen blir likevel ikkje flytta til brakka bak Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25 i dag, onsdag 6. februar. Årsaka er at hovudverneombod Mette Børing ved UiO har kravd enkelte utbetringar av lokalet før det kan takast i bruk. Flyttinga er difor førebels utsett til fredag 15. februar.

NYE LOKALE: Her står redaksjonen samla framfor dei nye lokala: F.v. Martin Toft, Lars Hoff, Grethe Tidemann, Alv Reidar Dale og Ola Sæther.
Foto: Ståle Skogstad

Dermed flyttar nesten heile Uniforum-redaksjonen frå Informasjonsavdelinga i Administrasjonsbygningen på Blindern til brakka bak Veglaboratoriet i Gaustadalléen 25, fredag 15. februar og ikkje onsdag 6. februar, som tidlegare kunngjort.

Alle som vil treffa Uniforum-redaksjonen må frå 15. februar difor ta turen til Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25, og ikkje lenger ta turen til Informasjonsavdelinga i 7. etasje i Administrasjonsbygningen.

Telefonnummera og e-postadressene blir dei same som før.

Årsaka til flyttinga er at det vil bli mangel på kontorplassar i Informasjonsavdelinga, etter at medarbeidarane i prosjektet "Ny UiO-web" har flytta inn.

Emneord: Universitetspolitikk, Uniforum nett no, Informasjonsavdelinga Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2008 14:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere