Æra Inge Lønning på 70-årsdagen

- Etter å ha høyrt alle desse foredraga og innlegga, har eg i heile formiddag plaga meg sjølv med spørsmålet om korleis eg kunne finna på å forlata denne staden. Det sa stortingsrepresentant for Høgre og tidlegare UiO-rektor, Inge Lønning etter markeringa av 70-årsdagen hans på Det teologiske fakultetet i dag, 20. februar.

70-ÅRSGÅVE: Tidlegare UiO-rektor Inge Lønning får overrekt ei 70-årsgåve frå dagens UiO-rektor Geir Ellingsrud.
Foto: Martin Toft

Både rektor Geir Ellingsrud og dekan Trygve Wyller helsa Inge Lønning på 70-årsdagen med å visa kva rolle han hadde spela både som rektor ved Universitetet i Oslo frå 1985-92 og som ein markant teologiprofessor.

- Du har nok fått med deg det gode utsynet frå 9. etasje i Administrasjonsbygningen, men du har heilt sikkert også opplevd både gledene og sorgene ved å leia Noregs viktigaste kunnskapsinstitusjon, sa Ellingsrud til jubilanten.

- Du var kjent som reformatoren som møtte motbør. Likevel tok du deg alltid tid til å lytta til dei som hadde ein vanskeleg livssituasjon. Det hadde du gode føresetnader til å gjera. Også du opplevde at på UiO er omkampar det vanlege. Det som skulle vera eit punktum for ei sak, blir ofte eit kolon.

- Ein perspektivanalyse blei vedtatt av det gamle Kollegiet, men diskusjonen om ressursfordelinga på UiO er enno ikkje avslutta. I dag ber det namnet "Prosjekt for fagleg prioritering," slo han fast.

- Etablerte innovasjonssenter

Dagens UiO-rektor gav også Inge Lønning ein stor del av æra for utbygginga av Gaustadbekkdalen.

- Etter ditt initiativ blei det etablert eit innovasjonssenter der. I fjor hadde Birkeland Innovasjon registrert at det var 70 idear med UiO som utgangspunkt i den offentlege databasen Doffin. Du gjorde ein svært stor innsats for UiO dei sju åra du var rektor, og truleg har du også gjort ein minst like stor innsats for forsking og høgare utdanning, etter at du blei med i det politiske livet på Stortinget, blant anna som medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, sa Ellingsrud, før han på vegner av UiO overrekte 70-åringen ei gåve .Og Inge Lønning kvitterte med ein talande replikk:

- Erfaringa mi som leiar ved UiO, var at dess høgare teoretisk intelligens ein institusjon har, dess vanskelegare har den for å styra seg sjølv, oppsummerte han til ivrig klapping frå ei forsamling med ei stor overvekt av professorar.

- I det politiske livet er det annleis. Dei fleste tog hadde gått, om ein skulle ha diskutert seg ferdig, slik som på universitetet, konstaterte han.

Dekan Trygve Wyller helsa frå Det teologiske fakultet.

- Du er ein intens forskarprofil som har bidratt til å endra norsk systematisk teologi. Og festskriftet frå Det teologiske fakultetet til deg på 70-årsdagen, som har fått namnet "Menneskeverd," har i Dagbladet blitt kalla "tidenes best festskrift." Og det er ikkje ironisk meint, peika han på.

- Introduserte Luther-renessansen

Saman med professor Tarald Rasmussen overrekte dekan Trygve Wyller særheftet av Norsk Teologisk Tidsskrift: "En moderne klassiker" som gåve til Inge Lønning.

- Sjølv om du blir rekna som UiOs mann, så er du for oss på Det teologiske fakultetet endå meir vår. Du var den som introduserte Luther-renessansen og let Luther framstå som ein del av ein ny teologi. Du påverka vår lærargenerasjon meir enn nokon andre, og det var ikkje fordi me hadde dei same teologiske og politiske synspunkta som deg. Det var heller måten å driva teologisk læring på, som påverka oss, understreka Rasmussen etterpå.

Seinare var det fagseminar om kristendom og kultur med innlegg av professorane Theodor Jørgensen, Trond Berg Eriksen, Svein Aage Christoffersen, Jone Salomonsen og Kjetil Hafstad. Det var ein svært nøgd og takksam Inge Lønning som reiste seg etter at markeringa var over.

- Eg er stor takk skuldig til mitt gamle og unge fakultet for alt det har gjort for at denne dagen ikkje skulle gli forbi i det stille. Eg skal forsøk å ikkje lata det gå til hovudet på meg, lova han. Så gjekk alle vidare til ei mottaking med lett servering i foajeen på Det teologiske fakultetet.

Emneord: Fakultetene, Teologi Av Martin Toft
Publisert 20. feb. 2008 16:24 - Sist endra 10. des. 2008 19:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere