Vil ha obligatorisk kurs i kjønnsforsking

Kritisk kjønnsforsking bør bli eit obligatorisk kurs i forskaropplæringa ved UiO. Det foreslår ein internasjonal komité som har evaluert Senter for tverrfagleg kjønnsforsking på UiO. I evalueringa blir senteret rost opp i skyene. Det får blant anna honnør for å ha inkludert både multikulturelle, homoseksuelle og maskuline perspektiv i forskinga si, ved sida av tradisjonell kjønnsforsking. - Me er kjempenøgde, seier senterleiar Harriet Bjerrum Nielsen.

SER MOT BLINDERN: Senterleiar Harriet Bjerrum Nielsen er glad for at evalueringskomiteen støttar ynsket til Senter for tverrfagleg kjønnsforsking om å få lokale på Blindern.
Foto: Ola Sæther

Det er komiteen som har evaluert Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (tidlegare Senter for kvinne- og kjønnsforsking) som altså meiner at eit kurs i kritisk kjønnsforsking bør bli obligatorisk i forskaropplæringa og at kjønnsperspektiv må inn i alle profesjonsutdanningane ved UiO. Det vil seia både på juss, psykologi, medisin, teologi, odontologi og i lærarutdanninga. Framlegget får støtte frå senterleiar Harriet Bjerrum Nielsen.

- Det er ganske urovekkjande at me har hatt minst samarbeid med dei fagområda som utdannar folk som arbeider med menneske. Rart nok er det dei som i minst grad har etterspurt eit kjønnsperspektiv i faget sitt, konstaterer ho.

Stimulerande forskingsmiljø

I evalueringa får Senter for tverrfagleg kjønnsforsking honnør for å ha sett kjønnsperspektivet på dagsordenen på heile universitetet. Det er eit stimulerande forskingsmiljø for både dei vitskaplege tilsette og besøkjande, og paraplyprosjekta knyter både interne, eksterne og internasjonale forskarar til senteret.

Også formidlingsaktiviteten til senteret får god karakter, og evalueringskomiteen trekkjer her spesielt fram seminarverksemda, magasinet Bulletine og mediedeltakinga til forskarane. Det blir vist til at forskarane skriv mange vitskaplege artiklar i forskingstidsskrift som har godt ord på seg. Samtidig peikar evalueringa på at det er eit problem at det er svært mange mellombelse og svært få faste forskarstillingar ved senteret.

Må vera frittståande

Komiteen rår til at senteret får halda fram som eit frittståande senter under Universitetsstyret, og at det altså ikkje bør leggjast under eit fakultet. Dessutan ser evalueringskomiteen det som problematisk at senteret er lokalisert i Sognsveien og meiner UiO bør syta for at det får flytta nærare det sentrale universitetsområdet på Blindern, straks det blir ledige lokale der.

- Me er sjølvsagt kjempeglade for evalueringa, som legg så stor vekt på at senteret skal halda fram med å vera frittståande og direkte underlagt Universitetsstyret, seier Bjerrum Nielsen. Ho meiner at det ikkje går an å overvurdera kor viktig det er.

- Det faktum at me er eit frittståande senter, gir oss legitimitet når me uttaler oss om kjønnsperspektiva på fag ved alle fakulteta på UiO. Den organiseringa har fungert svært godt i dei 21 åra senteret har eksistert, så kvifor skal det då vera naudsynt å endra på den? spør ho, før ho svarer sjølv.

- Det blir argumentert med at det blir lettare å handtera forskingsfusk og takla personalproblem med tilknyting til eit fakultet. Men gjennom desse 21 åra har me aldri hatt ei fuskesak, og dei svært få personalsakene me har hatt, har me klart å takla fint gjennom den organiseringa me har i dag. Då blir det berre eit reint administrativt argument igjen, og det held ikkje, understrekar Bjerrum Nielsen.

Bør styrkja samarbeidet med medisin

I evalueringa blir det vist til at senteret har hatt eit omfattande samarbeid med SV-fakultetet og HF, medan det ikkje har eksistert noko samarbeid med Det odontologiske fakultetet, og i heller liten grad med Det medisinske fakultetet.

Komiteen tilrår difor at senteret styrkjer samarbeidet med Det medisinske fakultetet og dei andre fakulteta som det er lite samarbeid med i dag. Fakulteta blir oppfordra til sjølve å bidra til å styrkja samarbeidet med senteret.

Styret for senteret bør difor vera sett saman av representantar frå alle dei åtte fakulteta, mot at talet på studentrepresentantar blir redusert frå to til ein, går det fram av tilrådinga frå evalueringskomiteen. Universitetet blir også oppmoda til å leggja ein strategi for å få ført vidare professoratet i mannsforsking, når den tre år lange prøveperioden er over.

Vil ha meir internasjonalisering

Forskarane på senteret blir oppfordra til å publisera endå meir i internasjonale vitskaplege tidsskrift enn til no. Likevel viser komiteen til at det finst ein høg grad av internasjonalisering på senteret, og den viser til den systematiske kontakten det har med universitet utanfor Noreg, korleis det deltar i internasjonale forskings- og utdanningsnettverk, og er dessutan flinke til å invitera utanlandske forskarar til å halda forelesingar på seminara. Når det gjeld punktet om internasjonalisering, synest ikkje Bjerrum Nielsen at komiteen har treft spikaren på hovudet.

- Dette er faktisk det einaste punktet der eg er ueinig med evalueringskomiteen. Ein kan jo alltid bli betre, men eg synest eigentleg at ein del på 31 prosent internasjonale artiklar er ganske bra, av ei eining som har fire gonger så mange rekruttar som fast tilsette. Mest alle stipendiatane våre kjem frå HUMSAM-feltet og der er det jo vanleg å skriva avhandlinga i form av ein monografi, som regel på norsk.

- Sidan me har ansvar for å formidla resultata av forskinga vår til resten av samfunnet, så er det også viktig at me publiserer artiklar på norsk, og ikkje berre skriv på engelsk for det internasjonale forskarsamfunnet. No skal eg sjølv i gang med eit forskingsprosjekt om kjønnskodar i norsk skule. Om eg ikkje også formidlar resultata av den forskinga på norsk til resten av samfunnet, vil eg svikta samfunnsoppgåva mi som forskar, meiner Bjerrum Nielsen.

Evalueringskomiteen meiner også fakulteta bør halda fram med å finansiera professor II-stillingar ved senteret. Det blir også rådd til at kjønnsforskarar får stipend frå UiO for å vera utplasserte på eitt eller fleire av fakulteta.

Bør etablera master- og doktorgradsutdanning

Senteret bør også etablera ei eiga masterutdanning og doktorgradsutdanning, synest evalueringskomiteen. Det siste framlegget meiner senterleiaren må drøftast nærare.

- Det er til dømes eit viktig spørsmål om fulle utdanningsperiodar i kjønnsforsking vil kunna gå ut over målsettinga med å integrera kjønnsperspektiv i dei andre faga. Dessutan er det eit spørsmål om ressursar. Me skal driva vår eiga forsking, og samtidig gi fakulteta råd og koma med innspel til kjønnsperspektiv i dei ulike faga. Så me kan ikkje utvida utdanningstilbodet innanfor den noverande ressursramma, seier Bjerrum Nielsen.


Fakta om evalueringa:

- evalueringskomiteen er blitt leidd av professor Lotte Hedeager frå UiO. Med seg i komiteen har ho hatt professor Palle Rasmussen , Aalborgs Universitet, Bente Rosenbeck, Københavns Universitet og universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken frå Universitetet i Bergen.

- komiteen fekk mandat til å evaluera senteret av rektor Geir Ellingsrud, 19. juni 2007.

Emneord: Sentrene, Kvinne- og kjønnsforskning, Forskning Av Martin Toft
Publisert 15. jan. 2008 08:57 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere