UiO lokkar ungdommar med graffiti

Den store messestafetten er no i gang for utdanninginstitusjonane. I løpet av ein og ein halv månad skal UiO delta på ti utdanningsmesser over heile landet. Universitetet er i graffitidrakt på den nye utstillingstanden sin, som det debuterer med på messa "Utdanning og yrke" i Oslo Spektrum denne veka. Pedagogikkstudent Emil Trygve Hasle (biletet) rapporterer om godt besøk og stor interesse for studium på UiO.

RÅDGJEVING: Marita Furehaug og Mohamed Hamed får svar på spørmåla sine om UiO av pedagogikkstudent Emil Trygve Hasle.
Foto: Yngve Vogt

Over hundre utdanningsinstitusjonar frå inn- og utland er representerte på utstillingsmessa 2Utdanning og yrke 2008" i Oslo Spektrum denne veka.

Universitetet i Oslo lanserer samtidig den nye standen sin, inspirert av graffitikunst, truleg mest for å trekkja til seg fleire gutar blant søkjarane. Det er i alle fall pedagogikkstudent Emil Trygve Hasle overtydd om. Han debuterer som marknadsføringsagent for UiO på denne messa.

- Eigentleg har eg aldri vore nokon stor fan av å driva med sal, men dette er gøy. Eg synest det er moro å snakka med unge og håpefulle ungdommar.

- Lurer på opptakskrav

- Kva er dei mest interesserte i å vita om UiO?

- Dei fleste lurer på opptakskrav til profesjonsfag som medisin, psykologi og juss. Mange blir svært overraska når eg fortel at dei som søkte seg inn på psykogistudiet hausten 2006 måtte ha 59 skulepoeng. Då fylgjer eg opp med å spørja dei om kvifor dei ynskjer å gå på psykologi. Dei svarer ofte at dei vil ta eit fag som handlar om mellommenneskelege forhold. Så då brukar eg høvet til å råda dei til å vurdera andre fag, som pedagogikk og sosiologi, som i stor grad også er menneskerelaterte fag, seier Hasle.

UiO-student via messebesøk

Sjølv har han vore gjennom eit fire dagar langt kurs i korleis han best kan fortelja om studietilboda ved UiO. Han er sjølv student i pedagogikk ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet, og det er også eit resultat av eit messebesøk.

- Eg blei interessert i å studera vidare gjennom å jobba i ein barnehage, og eit besøk på utdanningssmessa på Sjølyst for nokre år sidan fekk meg til å søkja meg inn på pedagogikk ved UiO. Der helg eg på med didaktikk og organisasjonsopplæring, og eg håpar eg kan bruka det i ein jobb der eg kan driva med opplæringstiltak i organisasjonar. Tidlegare har eg jobba både i Veritas og i Raudekrossen, fortel Hasle.

Vil studera arabisk i Egypt

Medan Uniforum er til stades, dukkar Marita Furehaug og Mohamed Hamed opp for å få svar på spørsmåla sine av Emil Trygve Hasle og dei andre studentane på UiOs stand.

- Eg er interessert i å studera arabisk ved Universitetet i Kairo, der kjærasten min Mohammed Hamed er student. Difor ville eg vita om UiO hadde ein utvekslingsavtale med det universitetet. Svaret eg fekk, var at eg måtte vera arabiskstudent ved UiO i minst eitt år før eg kunne reisa ut. For meg er ikkje det bra i det heile tatt, seier Furehaug.

- Kva vil du gjera no?

- No vil eg ta kontakt med Lånekassen for å finna ut om det går an å få stipend for å studera ved Universitetet i Kairo utan å gå via Universitetet i Oslo.

- Kva synest de om denne utdanningsmessa?

- Inngangsbilletten på 60 kroner per person er litt høg, med tanke på at det einaste me har fått ut av det er ei e-postadresse og ein studiekatalog, meiner Furehaug og Hamed.

SLAPPA AV: Mange av skuleelevane fann ut at det var godt å slappa av på UiOs stand. (FOTO: Yngve Vogt)

Gode tilbakemeldingar på ny stand

Seniorkonsulent Berit Rødsand i Informasjonsavdelinga er ansvarleg for presentasjonen av UiO på dei ti utdanningsmessene der universitetet deltar.

- Me er svært nøgde med UiOs nye stand og med studentane som står der. Også kollegaene våre frå dei andre universiteta og høgskulane har gitt oss gode tilbakemeldingar på den nye standen vår, fortel ho.

Rødsand synest det førebels er vanskeleg å samanlikna årets besøkstal med tala frå i fjor.

- Det har i alle fall vore ein brukbar oppslutnad heile dagen, både måndag og tysdag. Og me er som sagt svært nøgde med studentane og dei andre som står på stand for oss. Dei har alle gått på eit fire dagar langt kurs, der dei har fått innføring i alle studieprogramma og opptakskrava ved UiO. Dei har også fått vita alt som er verdt å vita om Studentsamskipnaden i Oslo (SiO). Og dei siste to dagane har dei blitt kursa i formidling av det eksterne firmaet Læringsentreprenørene (LENT). Alle er difor godt førebudde på oppgåva med å marknadsføra studietilboda på universitetet vårt, slår ho fast.

Messa "Utdanning- og yrke 2008" blir avslutta i dag. Seinare denne veka er det utdanningsmessa på Hamar som står på programmet for utstillingsteamet til UiO.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 9. jan. 2008 13:27 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere