- UiO får utvikla sin eigen profil

- Universitetet i Oslo vil få sjansen til å utvikla sin eigen profil meir enn det det har høve til i dag. Det meiner professor Peter Maassen blir konsekvensen dersom forslaga til Stjernø-utvalet blir gjennomført. Han var den einaste frå UiO som satt i dette utvalet.

EIGEN PROFIL: UiO får sjansen til å utvikla sin eigen profil meir enn det har høve til i dag, meiner professor og medlem i Stjernø-utvalet,, Peter Maassen.
Foto: Martin Toft

- Når eg tenkjer på profil, går eg lenger enn det å visa til at UiO er blant dei 20 beste universiteta i Europa. På den måten vil det bli mogleg å reindyrka ein profil med basis i UiOs forskingsstyrke, utdanningsorientering, inkludert eventuelle senter for framifrå undervisning.

- Dessutan kan ein ta med ynskt storleik og fagsamansetjing, forholdet mellom talet på bachelor-, master-, og Ph.D.-studentar, men også talet på utanlandske studentar og tilsette og samarbeid med eksterne partnarar, kan takast med, trur Maassen.

Han er overtydd om at dette vil gjera det lettare for UiO å oppfylla rolla si som ein forskingsinstitusjon, som kan ta tak i dei store utfordringane i Noreg.

- Då kan hovudstadsuniversitetet også konsentrera seg om å finna gode vitskapsbaserte løysingar innanfor, til dømes helse, miljø, utdanning og det fleirkulturelle samfunnet, uttaler han til Uniforum.

Rom for arbeidsdeling

Det er likevel rom for arbeidsdeling mellom UiO og høgskulane i Oslo-området.

- Der hadde det vore fornuftig med eit makeskifte og ei betre arbeidsdeling mellom institusjonane i hovudstadsregionen. Det er nok at éin institusjon i dette området tilbyr masterutdanning i spesifikke studium, slår han fast.

Maassen håpar at Stjernø-utvalet også har fått stansa debatten om kva institusjonar som kan få kalla seg for universitet.

- No blir det lettare å diskutera kva forskings- og utdanningspolitikk som er den beste for heile landet utan å ta regionale omsyn. Me håpar difor at framlegget om å etablera senter for framifrå undervisning,(SFU) også vil stimulera til betre undervisning både på universiteta og høgskulane, seier Maassen.

For tidleg fusjonsavgjerd

- Stjernø-utvalet oppfordrar institusjonane til å finna seg friarar og slå seg saman før statsråden avgjer det for dei. Vil dette seia at avgjerda om å flytta Veterinærhøgskulen til Ås kom litt for tidleg for dykk?

- Ja, det gjorde den. Men me skal jo ikkje sjå bort frå at Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås, ein gong i framtida kan bli slått saman med Universitetet i Oslo. Og då vil jo Veterinærhøgskulen vera med i porteføljen, smiler han.

Det er regjeringa som vil koma med ei tilråding til Stortinget om kva lagnad den meiner forslaga til Stjernø-utvalet vil få. Men institusjonane har frist på seg til 1. januar 2010 til å koma med innspel til kven dei ynskjer å fusjonera med.

Resultatet kan bli at dagens 38 høgskular og universitet kan bli reduserte til anten 8-10 institusjonar, dersom Stortinget fylgjer opp forslaga til Stjernø-utvalet, eller til mellom 16 og 18 institusjonar, dersom det blir eit kompromiss mellom ulike politiske krefter.

Likevel trur Peter Maassen at UiO vil koma heller urørt frå heile denne prosessen.

- Med rundt 30 000 studentar bør UiO verken bli mykje større eller mindre. Derimot er det sannsynleg at NTNU i Trondheim også vil koma til å få rundt 30 000 studentar når det nye kartet over høgare utdanning i Noreg, er teikna ferdig, spår Maassen.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. jan. 2008 13:16 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere