Tok Munch ned frå Aulaveggen

Munch-måleriet "Kjemien" blei i går tatt ned frå veggen i Universitetets Aula og flytta til ein annan bygning. Det var generalprøven før alle dei andre Munch-måleria også skal takast ned frå veggen, slik at oppussinga av Aulaen kan ta til. - Det gjekk mykje betre enn frykta, sa førsteamanuensis Tine Frøysaker til Uniforum, etter at arbeidet var utført.

FÅR LAUS MUNCH: Vitskapleg assistent Mirjam Liu og førsteamanuensis Tine Frøysaker har akkurat fått laus Munch-måleriet "Kjemien" frå Aulaveggen.
Foto: Martin Toft

Det var i går formiddag førsteamanuensis Tine Frøysaker saman med vitskapleg assistent Mirjam Liu og masterstudent Hanne Moltubakk Kempton ved konserveringsstudiet på UiO, kunne setja i gang arbeidet med å ta ned Edvard Munchs måleri "Kjemien" frå Aulaveggen. Dei høyrer alle til på Institutt for arkeologi, konservering og historie ved HF.

Den praktiske gjennomføringa var det selskapet Exel Fine Art som hadde ansvaret for, medan kunstformidlar Ulla Uberg i Teknisk avdeling hadde overoppsynet med arbeidet.

Hovudårsaka til at Munch-måleria må ned frå veggane i Aulaen, er at Aulaen skal gjerast klar til det store bygningsrenoveringa som skal vera ferdig i god tid før UiOs 200-årsjubileum i 2011.

- Skal finna ut tilstanden til måleria

- Aulaprosjektet skal finna ut tilstanden til måleria, og me vil finna ut korleis dei er på baksida. Før me sette i gang med dette arbeidet, har me tatt infraraude bilete av måleria og veggen. Både arkitektane og ingeniørane er nemleg interesserte i å vita meir om kva materiale veggen er laga av, fortel Frøysaker. Og kunstformidlar Ulla Uberg legg til:

- Gjennom dette arbeidet blir me betre kjende med konstruksjonen av Munchs måleri. Meininga er at me skal læra mest mogleg om korleis det står til med Munchs måleri i Aulaen, før heile bygningen skal rehabiliterast, understrekar Uberg. Førebels viser undersøkingane at ikkje alt står like bra til.

- Nei, festeordningane til måleria sviktar. Difor vil me koma med råd om betre festeordningar, før måleria blir sette på plass igjen, seier Uberg og Frøysaker.

Dei har allereie oppdaga store skader på måleriet "Historien", som dei skal ta ned frå veggen seinare.

- I 1986 blei det utsett for ein vasslekkasje. Det ber måleriet preg av. Dessutan var dei ikkje så gode til å festa måleria i 1946, som me er blitt i dag. Men dei gjorde det beste dei kunne få til på den tida, slår dei fast.

NEDE FRÅ VEGGEN: Munch-måleriet "Kjemien" er nede frå veggen og blir sett forsiktig ned på golvet.(Foto: Martin Toft)

Støv i Aulaen

Før dei gjekk i gang med å setja opp stillaset, som skulle gjera det lettare for dei å ta måleriet ned frå veggen, fjerna dei benkane langs kvar side i Aulaen. Bak synte ein heilt kvit marmorvegg seg.

- Resten av veggane er heilt gråe, så det viser kor mykje støv det er i lokalet, konstaterer Uberg, som også gjerne vil trekkja fram samarbeidet mellom konserveringsstudiet og Teknisk avdeling i dette arbeidet.

- Det viser korleis UiOs eigne ressursar kan trekkja vekslar på kvarandre. Difor er eg svært glade for at me utdannar målerikonservatorar på universitetet, understrekar ho. Og Tine Frøysaker legg til at studiet er ganske unikt.

- UiO og Göteborgs universitet er dei einaste universiteta i Norden som har dette studiet, seier Frøysaker, som sjølv har doktorgrad frå Göteborgs universitet.

- Og kvar skal de gjera av måleriet når de har fått det ned av veggen?

- Då flyttar me det til ein trygg stad der målerikonservatorane kan undersøkja det nærmare, svarar Uberg og Frøysaker.

Pakka måleriet inn i plast

På klarsignal frå mannskapet til Exel Fine Art går dei i gang med arbeidet med å ta måleriet ned frå veggen. Tine Frøysaker og Mirjam Liu klatrar til toppen av stillaset, der kunstteknikar Hans Petter Aamodt får laus skruane ved hjelp av ein elektrisk skrutrekkjar og ein hammar. Etter kvart kan dei fira måleriet ned frå veggen og ned på golvet. Så plasserer dei det på langs og ber det lengst bak i Aulaen, der dei legg det over ein plastemballasje, som dei til slutt pakkar måleriet inn i.

- Dette gjekk mykje betre enn eg hadde trudd. Sidan måleriet var godt festa i snorer, var det lettare å ta det ned enn me hadde trudd, seier ei svært letta Tine Frøysaker, etter at oppdraget er avslutta.

PÅ GOLVET: Munch-måleriet blir lagt forsiktig ned på golvet av Hans Petter Aamodt, Hanne Moltubakk Kempton, Mirjam Liu, Ulla Uberg og Odd Arne Johansen. Førsteamanuensis Tine Frøysaker (t.h.) passar på. (Foto: Martin Toft)

- Generalprøven

Neste år er det det over 11 meter lange og fire meter høge måleriet "Historien" som skal ned frå veggen. - Dette var berre generalprøven til det som skjer då, er førsteamanuensis Tine Frøysaker og kunstformidlar Ulla Uberg einige om. No håpar dei at UiO også snart får på plass pengar til konserveringa av desse Munch-måleria.

- Sidan dei skal vera oppe igjen i god tid før 200-årsjubileet i 2011, reknar me med at det skal gå bra, seier Uberg og Frøysaker.

Emneord: Fakultetene, Kunst Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2008 09:22 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere