Styret lagar ti på topp-liste

Alle medlemene i Universitetsstyret har fått i oppgåve å koma med forslag til fem til ti saker som skal takast opp i heile si breidde på møta i 2008. Forslaga skal leggjast fram på årets første styremøte måndag 21. januar klokka 10.00, og dei skal munna ut i ei ti på topp-liste over prioriterte saker. Styret skal også diskutera Riksrevisjonens merknader til status for det nye lønns- og personalsystemet (POLS).

Det første møtet til Universitetsstyret i 2008 blir først og fremst prega av at styremedlemane ikkje skal ta avgjerder. Alle sakene er orienterings- eller diskusjonssaker.

Etter planen kjem over halvparten av tida til å gå med til styremedlemene sine forslag til kva område UiO bør konsentrera seg om i 2008. Kvart styremedlem får ti minuttar på seg til presentera sine idear.

Planen er at det skal setjast opp ei ti på topp-liste over dei viktigaste sakene. Då ser ein bort frå UiOs oppfylging av innhaldet i rapporten til Stjernø-utvalet og arbeidet med den faglege prioriteringa som peikar seg ut som dei to aller viktigaste sakene for Universitetsstyret i 2008.

Merknadene til Riksrevisjonen

Styret kjem også til å få ei orientering om Riksrevisjonens merknader til status for nytt lønns- og personalsystem, også kjent som POLS. I fjor haust kom Riksrevisjonen med alvorlege merknader til UiOs rekneskap for 2006, knytt til innføringa av nytt lønns- og personalsystem. Det hadde blant anna ført til feilutbetalingar av lønn. Begge dei sistnemnde sakene blir handsama bak stengde dører.

For opne dører får Universitetsstyret ei orientering om avtalen om seniorpolitikk mellom UiO og fagforeiningane. Meininga er at avtalen skal setjast i verk frå 1. februar. Siste punktet på møtet er ei orientering om korleis det går med realfagssatsinga ved UiO.

Møtet skal haldast i Kollegierommet i 10. etasje i Administrasjonsbygningen.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. jan. 2008 11:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere