Kritiske til hestehandel om Veterinærhøgskulen

- Viss det er ein hestehandel som er bakgrunn for at regjeringa går inn for å flytta Veterinærhøgskulen til Ås, så er det ein dårleg måte å driva forskingspolitikk på, meiner UiO-rektor Geir Ellingsrud. Også prorektor Yngvild Wasteson ved Veterinærhøgskulen er rysta. - Eg er svært kritisk til det som har skjedd, seier ho til Uniforum.

HESTEHANDEL? Regjeringa går inn for å flytta Veterinærhøgskulen til Ås. - Eg er svært kritisk til det som har skjedd, seier prorektor Yngvild Wasteson til Uniforum.
Foto: Ola Sæther

I går blei det kjent at regjeringa rår Stortinget til å vedta at Noregs veterinærhøgskule og Veterinærinstituttet blir flytta frå Adamstua i Oslo til Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås. Der skal Veterinærhøgskulen og Veterinærinstituttet samlokaliserast i nye bygningar som skal byggjast til den bruken dei er tiltenkte. Det er rekna ut at flyttinga til saman kjem til å kosta 2,4 milliardar kroner når flytteprosessen er ferdig rundt 2016.

Både media og Oslobenken på Stortinget meiner at tilrådinga til regjeringa kom som eit resultat av ein hestehandel i regjeringa. SV skulle få gjennomslag i sitt syn på kor stort område av Trillemarka som burde vernast mot at Senterpartiet skulle få gjennomslag for flytting av Veterinærhøgskulen og Veterinærinstituttet til Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås, heimkommunen til partileiar Åslaug Haga.

- Dårleg forskingspolitikk

Universitetet i Oslo og rektor Geir Ellingsrud hadde helst sett at Veterinærhøgskulen blei slått saman med UiO.

- Viss det er ein hestehandel som har skjedd, så er det ein dårleg måte å driva forskingspolitikk på, seier Geir Ellingsrud til Uniforum.

- Me tar likevel vedtaket i regjeringa til etterretning, sjølv om me kan påvisa ein dobbeltfeil: Det er det klart dyraste alternativet, sidan det blir ein milliard dyrare enn å lata Veterinærhøgskulen bli verande på Adamstua, og dette er èin milliard kroner ekstra som går ut over heile sektoren, konstaterer Ellingsrud. Han viser til at det kunne ha vore store fordelar ved å ha fusjonert Veterinærhøgskulen med UiO.

- For forskinga ville det ha vore ein stor fordel å ha Veterinærhøgkulen i Oslo som ein del av UiO. Ein viktig grunn til det er at veterinærmedisinen også er i ferd med å utvikla seg i molekylærmedisinsk retning. Det vil seia at det er mindre vekt på forsking på klassiske produksjonsdyr. Fisk blir også viktigare og viktigare i høve til tidlegare, slår han fast.

Kunne ha styrkt norsk Life Science-forsking

Ellingsrud trur også at flyttinga vil gå ut over den framtidige toppforskinga ved Veterinærhøgskulen.

- Sidan UiO er tyngst på medisinsk forsking og på livsvitskapar (Life Science), så hadde det vore naturleg å ha veterinærmedisin med i eit slikt forskingsmiljø. Det ville ha styrkt norsk forsking innanfor Life Science, er han brennsikker på.

- Reknar du med at Stortinget kjem til å fylgja tilrådinga frå regjeringa?

- Det ligg vel i korta at Veterinærhøgskulen no kjem til å bli flytta til Ås.

- Skuffa

Heller ikkje prorektor Yngvild Wasteson ved Noregs veterinærhøgskule er glad for at regjeringa går inn for å flytta institusjonen til Ås.

- Me er svært skuffa over tilrådinga frå regjeringa. Samtidig har me jobba lenge for å få ei avgjerd, og når me no får den, er me svært lite nøgde med avgjerda, seier Wasteson, som er svært kritisk til korleis avgjerda blei formidla til Veterinærhøgskulen.

- Forskingsminister Tora Aasland ringte til rektor Lars Moe i går ettermiddag og fortalte han om det, lenge etter at saka hadde blitt kjent gjennom media, fortel ho.

- Me kan likevel lova at me skal gjera det beste ut av samlokaliseringa med Veterinærinstituttet på Ås, samtidig som me skal halda fram med forskingssamarbeidet med UiO. Det er også viktig at me blir organiserte som eit eige fakultet på Ås og at alle våre tilsette blir rekna som likeverdige med dei tilsette på Universitetet for miljø- og biovitskap, understrekar ho.

Ikkje alle er imot flytting

Men ho vedgår gjerne at ikkje alle fagmiljøa på Veterinærhøgskulen er motstandarar av flytting.

- Dei som forskar på produksjonsdyr som ku, gris og hest, har dårlege lokale her, og dei ser fram til å flytta inn i nye lokale på Ås. Dei utgjer mellom 20 og 30 prosent av dei vitskaplege tilsette hos oss. Dei føler at dei flyttar til noko. Alle me andre som forskar på smådyr, fisk og bakteriar, føler at me flyttar frå noko, sidan me har det ganske bra her. Også dei som jobbar med mattryggleik, synest at dei flyttar frå noko, sidan Mattilsynet ikkje skal flyttast til Ås.

- Kva blir den største fordelen med å flytta til Ås?

- Det blir ein stor fordel for produksjonsdyrmiljøet, som får heilt nye bygningar til dyra sine. Samlokaliseringa med Veterinærinstuttet blir truleg også positivt. Fagleg sett ville det likevel ha vore størst fordelar med å bli verande i Oslo. Det er også konklusjonen i Dovre-rapporten, som blei tinga av regjeringa, understrekar ho.

Historisk avgjerd

På Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås blir tilrådinga frå regjeringa helsa velkomen.

- Avgjerda til regjeringa om å samlokalisera Noregs veterinærhøgskule med Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) er det beste nyhendet me kunne få, seier rektor Knut Hove i ei pressemelding. Hove meiner samtidig at avgjerda er historisk og inneber den viktigaste utfordringa i institusjonen si snart 150 år gamle historie.

- Regjeringa legg opp til å utvikla ein heilt ny forskings- og utdanningsinstitusjon, og saman med Veterinærhøgskulen er dette ei utfordring UMB vil gjera sitt beste for å realisera, seier Hove.

Emneord: Forskning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. jan. 2008 15:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere