Ingen får bli eliteuniversitet

All statleg høgare utdanning i Noreg skal samlast i åtte til ti fleircampusuniversitet med tyngdepunkt i ulike delar av landet. Ingen får bli eliteuniversitet, men det skal satsast på toppmiljø. Alle utdanningsinstitusjonane skal ha einskapleg leiing med vald eller tilsett rektor, men med ekstern styreleiar. Det foreslår fleirtalet i Stjernø-utvalet, som i formiddag la fram framlegget sitt til ny struktur i høgare utdanning.

STYRKJER REKTORROLLA: Steinar Stjernø vil styrkja rektorrolla og vil ha einskapleg leiing. Tora Aasland ser fram til debatten.
Foto: Ola Sæther

Det er likevel institusjonane som etter sonderingar seg i mellom vurderer kven dei skal slåast saman med. Det understreka utvalsleiar Steinar Stjernø, då han presenterte den ferdige rapporten frå utvalet som har sett på ny struktur i høgare utdanning. Han avviste på det sterkaste at utvalet har lagt føringar på kva institusjonar som skal slåast saman med kven.

Institusjonane skal koma med forslag til Kunnskapsdepartementet innan 1. januar 2010 om kva institusjonar dei vil slå seg saman med. Så vil regjeringa ta endeleg stilling til den endelege institusjonsstrukturen. Deretter skal samanslåingane setjast i verk så raskt som mogleg, understreka han.

- Svak rekruttering

Utvalet for høgare utdanning blei oppretta av dagens regjering 24. mai 2006. Mandatet var å leggja fram ein ny struktur i høgare utdanning for å kunna ta dei utfordringane Noreg vil møta som kunnskapsnasjon fram i dei neste 10-20 åra. I dag finst det 51 studiestader ved dei statlege universiteta og høgskulane, og 41 av dei har færre enn 2000 studentar og 19 færre enn 1000. Sidan 2000 er det oppretta 16 nye doktorgradsutdanningar ved dei dåverande høgskulane.

- Mange studiestader har svak rekruttering, evalueringar har påvist sviktande kvalitet i fleire sentrale utdanningar, og fleire prosessar trekkjer i retning av spreiing av utdanning og fagmiljø, seier Stjernø. Han viser til andre land som satsar på å konsentrera ressursane for å sikra kvaliteten i høgare utdanning og for å møta den internasjonale konkurransen og utfordringane frå kunnskapsøkonomien.

Foreslår nytt rådgjevande organ

Ifylgje framlegget frå utvalet vil dei institusjonane som blir resultatet av prosessen ha ulike profilar når det gjeld utdanning og forsking og nasjonal, internasjonal og regional innretning. Samtidig vil dei i ulik grad vera prega av intern differensiering på dei same områda.

Institusjonsprofilen skal dessutan drøftast med departementet og dannar grunnlaget for avtalar over fleire år mellom institusjon og departement. Utvalet foreslår at det blir oppretta eit eige rådgjevande organ for profilering, diversitet og konsentrasjon.

Det skal vera sett saman av internasjonale ekspertar, med eit lite sekretariat på ein til tre personar som skal forankrast administrativt i Norsk organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Fleire studiestader blir foreslått nedlagde, men den einaste høgskulen som utvalet meiner bør leggjast ned, er Høgkulen i Nesna i Nordland.

Slutt på kappløpet om å bli universitet

Utvalet meiner at den sterke samankoplinga mellom etablering av doktorgradsutdanningar og akkreditering som universitet skaper ei uheldig fragmentering av det nasjonale systemet for forskarutdanning, der resultatet blir mange små fagmiljø. Det er difor overtydd om at framlegget til ny institusjonsstruktur vil dempa desse problema.

Dersom framlegget ikkje blir fylgd, meiner utvalet at det er behov for å setja i verk andre tiltak for å stansa utviklinga mot fleire små doktorgradsutdanningar. Det foreslår at kravet for akkreditering som universitet då blir éi doktorgradsutdanning. Dette bør samtidig kombinerast med krav til institusjonsstorleik og ein strengare tolking av kravet om stabil forskarutdanning.

- Eg håpar dette framlegget vil setja ein strek over debatten om kven som skal få bli universitet, sa Stjernø under presentasjonen av forslaga til utvalet.

Ynskjer ikkje eliteuniversitet

Det er heller ikkje aktuell politikk for utvalet å gå inn for at det bør satsast på å utvikla eit internasjonalt toppuniversitet eller eliteuniversitet ved at det blir favorisert økonomisk framfor andre.

Men framlegget til utvalet om auka profilering, avtalar mellom institusjonane og departementet, er likevel ikkje til hinder for at eitt eller fleire universitet kan utvikla seg i den retninga, går det fram av forslaget frå Stjernøutvalet.

Det meiner også at ordninga med senter for framifrå forsking bør halda fram og utviklast vidare, og at ambisjonane til regjeringa om å auka forskingsinnsatsen bør styrkja toppmiljøa. All forskarutdanning i Noreg bør leggjast til forskarskular som oppfyller visse minstekrav til omfang og organisering.

Vil ha ekstern styreleiar og sterk rektor

Utvalet er heller ikkje snauare enn at det vågar å ta i den brannfakkelen som leiings- og styringsstrukturen på universiteta og høgskulane er.

Det foreslår å lovfesta ein styringsmodell med einskapleg leiing og ekstern styreleiar. Rektor skal som den øvste leiaren vera vald eller tilsett, men bør alltid vera medlem av styret. Utvalet foreslår også å lovfesta prosedyrar som sikrar involvering av tilsette og studentar i rekrutteringsprosessen.

Utvalsleiar Steinar Stjernø er ikkje redd for å provosera det akademiske miljøet med eit slikt forslag, seier han til Uniforum.

- Det er berre bra om me provoserer nokon. Formålet med dette framlegget er å styrkja rektorrolla og visa at rektor er den øvste leiaren for institusjonen. Dette er ein svensk modell for einskapleg styring. Rektor blir med i styret, og difor må det også vera ein ekstern styreleiar, sidan det er rektor som er den øvste leiaren for institusjonen. Det går heller ikkje an å ha ein intern styreleiar, så lenge rektor ikkje er leiar for styret.

Vil redusera den resultatbaserte finansieringa

Etter oppfatninga til Stjernø-utvalet bidrar kombinasjonen av høg institusjonell autonomi og det noverande finansieringssystemet til at utviklinga i høgare utdanning i for stor grad blir eit resultat av konkurransen mellom universiteta og høgskulane om studentar, tilsette og forskingspengar.

Utvalet går difor inn for at institusjonane får betre rammevilkår gjennom ein forsiktig reduksjon av den resultatbaserte finansieringa, kombinert med avtalar som strekkjer seg over fleire år, innanfor rammene av dei avgrensingane som fylgjer av årlege statsbudsjett.

Dagens finansieringssystem skaper for lite rom for politisk grunngitte avgjerder om kva område som bør prioriterast og korleis arbeidsdelinga mellom institusjonane bør vera.

Likevel vil ikkje utvalet tilbake til ein situasjon der departementet detaljstyrer universiteta og høgskulane. Av den grunn foreslår utvalet at det blir innført ei eiga strategisk undervisningsløyving.

Og for å redusera detaljstyringa bør utforminga av dagens mål- og resultatstyring vurderast nærare i samarbeid med sektoren. Heile systemet bør vurderast på nytt ved den varsla gjennomgangen av finansieringssystemet i 2009, meiner utvalet, som også peikar på at Teknas representant, Marianne Harg, tok dissens på fleire av forslaga.

Blant anna går ho inn for at dei vitskaplege høgskulane skal halda fram som i dag, samtidig som ho støttar enkelte av universiteta sine ambisjonar om å bli internasjonalt leiande på dei sterkaste fagområda sine. Ho trur heller ikkje større institusjonar vil gi eit svar på dei faglege utfordringane det norske kunnskapssystemet står overfor.

Forskingsminister Tora Aasland vil ikkje kommentera framlegga i utgreiinga før høyringsrunden er ferdig 1. mai. - Eg ser fram til ein konstruktiv debatt utover våren, seier ho i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. jan. 2008 17:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere