Går sterkt imot innføring av ekstern styreleiar

Både Tenestemannslaget og Parat ved UiO går sterkt imot Stjernø-utvalets forslag om å innføra ekstern styreleiar. Det gjer både Parat-leiar Ole Martin Nodenes og NTL-leiar Ellen Dalen krystallklart overfor Uniforum.

REAGERER STERKT: Parat-leiar Ole Martin Nodenes og NTL-leiar Ellen Dalen reagerer sterkt på Stjernø-utvalets forslag om å innføra ekstern styreleiar.
Foto: Ola Sæther

I går formiddag gjorde hovudtillitsvald Live Rasmussen og leiar Bjørn Øgaard i Forskarforbundet ved UiO det klart at dei såg på forslaget frå utvalet om å innføra ekstern styreleiar som eit åtak på det akademiske sjølvstyret.

Også Tenestemannslaget ved UiO reagerer sterkt på framlegget om å innføra ekstern styreleiar.

- Me har stått på prinsippet om intern leiing og internt styrefleirtal før, og det står me også fast på i dag. Det er framleis svært viktig for oss, seier Ellen Dalen som leier Tenestemannslaget ved UiO.

- Glad for å sleppa omkamp

Ho ser likevel nokre positive trekk ved forslaget frå Stjernø-utvalet.

- Det er bra at det ikkje foreslår endring i tilknytingsform for universiteta og høgskulane. Det er ein omkamp me er glade for å sleppa, fortel ho til Uniforum.

Men ho er kritisk til forslaget om å slå alle universiteta og høgskulane saman til åtte til ti store institusjonar.

- Det er utfordringar i dag i høve til fragmentering av fagmiljø og arbeidsdeling mellom institusjonane. Det ser rett og slett ut som om det er behovet til Kunnskapsdepartementet for ei enklare form for styring, som ligg til grunn framfor eit mål om å få betre studiar og betre forsking, konstaterer Ellen Dalen.

- Negativt

Parat-leiar Ole Martin Nodenes er heller ikkje nøgd med framlegget om å innføra ekstern styreleiar.

- Det er svært negativt at utvalet lanserer dette forslaget på nytt etter at det var både dødt og gravlagt, etter at Ryssdal-utvalet forsøkte å lansera det. Men det er bra at utvalet tar forskingskvalitet på alvor og ser at det ikkje er nok med éin forskar for å kunna skapa eit godt forskingsmiljø, understrekar han.

Utvalet legg også ideen om eit eliteuniversitet død.

- Parat har ikkje noko problem med haldninga til utvalet i det spørsmålet. Samtidig synest me det er bra at det støttar vidareføring av sentra for framifrå forsking, seier han til Uniforum.

Fryktar rapporteringsvelde

Nodenes ser med interesse på at utvalet vil leggja om finansieringssystemet.

- Forslaget om å redusera den resultabaserte komponenten i finansieringssystemet er godt, sjølv om reduksjonen er meir symbolsk enn reell. Det som me ikkje er så glade for er at det skal etablerast fleire satsingsområde, som alle institusjonane må konkurrera om å få finansiering til.

- Det hadde vore mykje betre om utvalet hadde gått inn for å auka basisfinansieringa. No kjem det til å bli sterk konkurranse om satsingsområda, trur Parat-leiaren.
Utvalget foreslår at elementa som inngår i basisfinansieringa blir gjort synlege.

- Ein treng ikkje vera spåmann for å skjøna at rapporteringsveldet eser ut av slikt, meiner Nodenes.

Den 26. februar inviterer NTL alle UiO-tilsette til ein debatt om Stjernø-utvalets innstilling i Folkets hus på Youngstorget. Der vil også utvalsleiar Steinar Stjernø delta.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. jan. 2008 10:17 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere