Får 10 millionar til forsking på vaksinasjon

Det fattige afrikanske landet Malawi har klart å få vaksinasjonsprogramma sine ut til ein større del av innbyggjarane enn det India har klart. Det skjer trass i at India har ein stor vaksineproduserande industri og eit betre rusta helsesystem. Forskarane Sidsel Roalkvam (biletet) og Desmond McNeill ved Senter for utvikling og miljø ved UiO har fått 10 millionar kroner frå Forskingsrådet for å finna forklaringa på dette.

GODT: - Det kjennest godt for ein samfunnsforskar å få pengar frå programområdet for global helse- og vaksinasjon, seier førsteamanuensis Sidsel Roalkvam.
Foto: Ståle Skogstad

Det er Forskingsrådet sitt program for global helse- og vaksinasjonsforsking (GLOBVAC) som har tildelt desse pengane til det tverrfaglege forskingsprosjektet til sosialantropologen Sidsel Roalkvam og utviklingsøkonomen Desmond McNeill.

- Det er kjekt, og det kjennest godt for ein samfunnsforskar å få pengar frå programområdet for global helse- og vaksinasjonsforsking, seier førsteamanuensis Sidsel Roalkvam, etter at ho har fått vita at Forskingsrådet vil gi forskingsprosjektet ho leier 10 millionar kroner over dei neste fire åra.

Saman med Desmond McNeill, som skal vera prosjektadministrator, skal ho no engasjera doktorstudentar og andre forskarar til å delta i prosjektet. Også studentar og forskarar i India og Malawi skal vera med i forskarnettverket.

- Krev mykje tillit

- Formålet med forskingsprosjektet er å finna forklaringa på kvifor det er så svære svingingar i tid og rom frå eitt år til eit anna når det gjeld utbreiing av vaksinasjon. Og det er ikkje berre mellom landa det er store variasjonar, men også innanfor delstatar og regionar i desse landa. Årsakene til desse svingingane skal me kartleggja gjennom ein komparativ studie av India og Malawi, forklarar Roalkvam.

- Tidlegare forsking har sett fokus på korleis ein kan sikra tilførsel av vaksinar til utviklingslanda, for at barn skal bli vaksinerte. Me trur ikkje det er så enkelt. Det må også setjast fokus på etterspurnad.

- Det krev både kunnskap og mykje tillit å få ei mor til å ta med barnet sitt til ein helsestasjon for at det skal få ein framand substans i kroppen. Då er det heilt avgjerande at mora stolar på staten, helsevesenet og helsearbeidaren. Der denne tilliten er fråverande, får heller ikkje styresmaktene vaksinert barna til denne mora, seier Sidsel Roalkvam til Uniforum.

Ho ser også forholdet mellom helsestyresmaktene og dei som er ute i felten, som svært viktig.

- Nokre av dei som har dagleg kontakt med folk, må få oppgåva med å fortelja mora at dei har krav på vaksinasjon og at det er bra for barnet. Oppgåva vår blir å finna ut kva faktorar som legg best til rette for at ei mor skal koma til ein helsestasjon for å få vaksinert barnet sitt, understrekar ho.

Samanliknar India og Malawi

I forskingsprosjektet vil dei altså utføra ein komparativ studie av dei to landa Malawi og India. Det første landet blir rekna som eitt av dei fattigaste i verda, medan India er eit land med ein langt sterkare økonomi.

- Statistikken som me har gått gjennom, viser at Malawi har klart å få vaksinasjonsprogramma sine ut til ein større del av innbyggjarane enn det India har klart. Det skjer trass i at India har ein stor vaksineproduserande industri og eit betre rusta helsesystem.

- I India er det også store variasjonar mellom delstatane, frå 50 prosent dekning av vaksinar i sør til nærare 80 prosent dekning blant barn i enkelte delstatar i nord. Ein del av årsakene kan vera at det er lettare for folk å ta lindrande medisinar etter at dei er blitt sjuke, enn førebyggjande medisinar som kan hindra at dei blir sjuke, fortel Roalkvam.

Dessutan understrekar ho at organiseringa av helsevesenet også har mykje å seia for variasjonane. - Det er ganske store skilnader mellom der det er eit desentralisert og der det er eit sentralisert helsevesen, peikar ho på.

- Flott med tverrfagleg forsking

Akkurat no er ho i ferd med å koma inn i nye lokale ved Senter for utvikling og miljø i Sognsveien.

- Det er svært flott at UiO har eit senter der det er mogleg å driva tverrfagleg forsking på tema som kan involvera både medisinske forskarar, antropologar, statsvitarar og økonomar. Utan eit slikt miljø, ville det ha vore vanskeleg for oss å få støtte gjennom programområdet Global helse- og vaksinasjosforsking (Globvac), trur ho.

Prosjektet er blitt til i eit samarbeid med Internasjonal helse ved UiO, Christian Michelsens institutt i Bergen, Institutt for sosialantropologi, UiO og Fridtjof Nansens Institutt. Forskarar frå desse institusjonane utgjer kjernegruppa i prosjektet. Men også forskarar ved universitet i Australia, USA; Nederland, India, Malawi og Storbritannia deltar i det vidare forskingsarbeidet.

Emneord: Sentrene, India, Forskning, Afrika, Internasjonal samfunnshelse Av Martin Toft
Publisert 30. jan. 2008 09:34 - Sist endra 10. des. 2008 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere