På øving med Universitetets symfoniorkester

Dei spelar når den akademiske prosesjonen kjem inn i Universitetets Aula på årsfesten. Dei spelar når 3000 nye studentar står på Universitetsplassen for å høyra velkomsttalen til rektor. Og når rektor og universitetsdirektør inviterer til adventskonsert for alle dei tilsette første søndag i advent, så er det dei som skapar den musikalske julestemninga.. Uniforum har vore på øving med Universitetets symfoniorkester.

CELLISTEN: Anders Lindstad er cellist i Universitetets symfoniorkester.
Foto: Ola Sæther

Kvar måndag klokka 17.45 har Universitetets symfoniorkester øving i Universitetets Aula. Då byter den travle IT-konsulenten den berbare datamaskina med slagverk, medan den statlege byråkraten legg vekk dei tørre sakspapira, og tar fram notebladet for å vera klar til å spela på trombonen sin på Sleigh Ride av Leroy Anderson. Og universitetsprofessoren let tankane om norsk politikk liggja, medan han prøver å finna den rette rytmen til kontrabassen i ein Symfonisk dans nr. 4 av Edvard Grieg.

Orkesteret starta som Studentorkesteret, men då dei fekk Universitetets Aula som fast øvingslokale i 1988, blei orkesteret omdøypt til Universitetets symfoniorkester. Studieåret 1986/87 feira dei 100-årsjubileum, men eigentleg er historia til orkesteret nesten like gamal som historia til universitetet.

Røter tilbake til 1830

- Røtene i universitetsmiljøet kan førast heilt tilbake til 1830-åra. Men det var først frå 1946 at orkesteret blei knytt til Universitetet i Oslo, med plikt til å delta på akademiske festdagar, seier trombonist Nils Olav Refsdal, som også er informasjonsansvarleg i styret for orkesteret. I dag har orkesteret 103 medlemar frå 18 til godt over 70 år, men alle er ikkje med på alle konsertar samtidig.

- To av dei er professorar, nokre er studentar og éin går i den vidaregåande skulen. Men dei aller fleste har tidlegare vore studentar ved Universitetet i Oslo. Og det er også blant studentane me rekrutterer flest medlemar. Me har musikarar som har vore med i orkesteret i 50 år, fortel Refsdal, som sjølv er statsvitar og arbeider i Utlendingsdirektoratet.

Medan alle musikarane er amatørar, er ikkje det tilfellet med den kunstnarlege leiaren. Sidan 2006 har det vore Cathrine Winnes Trevino, som no har fødselspermisjon. Ho overtok etter Eldar Nilsen, som var dirigent frå 1999 og kunstnarleg leiar frå 2001.

ØVINGSLOKALET: Universitetets symfoniorkester øver kvar måndag i Universitetets Aula.

Dirigent i 42 år

- Men den som skal ha æra for å ha bygd Studentorkesteret opp til symfoniorkester, må vera Harald Brager-Nielsen, som var fast dirigent for orkesteret i heile 42 år, frå 1926 til 1968. Seinare har både Sverre Bruland (1968-78), Alan Suttie (1978-84), Dag Nilssen (1984-91) og Angus Straton Christie (1991-99) vore dirigentar for orkesteret, seier Refsdal.

Fordi den kunstnarlege leiaren Cathrine Winnes Trevino har hatt fødselspermisjon, har orkesteret hatt forskjellige dirigentar på alle konsertane det har hatt så langt denne sesongen.

Søndag 25. november blei orkesteret leidd av dirigenten Morten Wensberg, då det blei spelt verk av Beethoven, Agathe Backer Grøndahl, Grieg, Lizst og Saint-Saëns.

Då Uniforums fotograf var på øving med orkesteret, heldt dei på med prøvar til adventskonserten som skulle haldast den første søndagen i desember. Då skulle orkesteret spela både Symfonisk dans nr. 4 av Edvard Grieg, Sleigh Ride av Leroy Anderson, og det skulle også spela til allsongen av "Deilig er jorden" .

UiO er hovudsponsor

- Det er Universitetet i Oslo som er hovudsponsoren vår, ved at det tildeler oss rundt 160 000 kroner i året, og ved at orkesteret får ha Universitetets Aula som gratis øvingslokale. Det er me svært takksame for. Og det er også difor me ser det som hyggelege oppdrag når me stiller opp på festdagane til Universitetet i Oslo, seier Nils Olav Refsdal.


- Billettsalet frå dei fem konsertane me spelar i året er ei anna hovudinntektskjelde for Universitetets symfoniorkester. Det første høvet til å høyra Universitetets symfoniorkester på nyåret, blir sundag 17. februar i Universitetets Aula.

- Då skal me spela Symfoni nr. 2 i D-dur av Johannes Brahms, utdrag frå Hundrad folketonar frå Hardanger av Geirr Tveitt og Trompetkonsert av den armenske komponisten Alexander Arutiunian. Trond Husebø skal dirigera oss. Me er svært glade for at trompetisten Tine Thing Helseth har sagt ja til å delta som solist på den konserten, fortel Refsdal.

KONSENTRASJON: Blåsarrekkja i full konsentrasjon.

Emneord: Universitetspolitikk, Velferd på UiO, Velferdsutvalget, Kultur Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2007 11:44 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere