Frikjenner forskar for grovt brot på vitskapleg praksis

Det er manipulert og fabrikkert med datamaterialet i ein vitskapleg artikkel der forskaren som i fjor haust blei skulda for forskingsfusk, er førsteforfattar. Undersøkingskomiteen kan likevel ikkje prova at det er forskaren sjølv som står bak dette. Komiteen frikjenner dermed forskaren for grovt brot på vitskapleg praksis, men kan påvisa at forskaren står bak mindre alvorlege brot på denne praksisen. Han har blant anna ikkje gitt opp referansar til funn gjort av studentar han har vore rettleiar for.

MANIPULERING: Komitéiar Kim von Weisenberg viser korleis rådata er blitt manipulerte og fabrikkerte i ein av dei vitskaplege artiklane undersøkingskomiteen har gått gjennom,
Foto: Ola Sæther

Det var 25. september i fjor det først blei kjent at ein forskar som hadde hatt hovudstilling som professor ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås og som fram til sommaren 2006 hadde hatt deltidsstilling som professor ved Senter for utvikling og miljø, var mistenkt for å ha fabrikkert og manipulert vitskaplege data.

Forskaren hadde primært arbeidd med økologiske problemstillingar og undersøkt samspelet mellom jord, sopp og plantar under tropiske og tempererte forhold. Han hadde også arbeidd med biologisk mangfald og hadde både bidratt med bøker og arbeid i vitskaplege tidsskrifter og bøker.

To månader seinare blei det sett ned ein undersøkingskomité leidd av den finske skogforskaren Kim von Weisenberg, som er professor emeritus ved Helsingfors universitet.

Eitt alvorleg brot på god vitskapleg praksis

Resultatet av granskinga blei lagt fram av von Weisenberg på ein pressekonferanse på Universitetet for miljø og biovitskap på Ås i formiddag.

Komiteen har gått gjennom 11 artiklar der det er brukt rådata, og berre i den såkalla artikkel 60 har komiteen funne klare prov for at datamaterialet er både manipulert og fabrikkert.

Det er difor heilt klart slått fast at det objektivt sett har gått føre seg alvorleg brot på god vitskapleg praksis i den artikkelen, som behandlar effektane på den langsiktige produksjonsevna til marka ved intensiv bomullsdyrking. Artikkelen er basert på rådata samla inn av førsteforfattaren med fleire i Mali i 1998.

Dei data som blir presenterte i artikkelen går imot det rådande paradigmet innanfor planteproduksjon. Den generelle oppfatninga er at dyrking leier til ei utarming av den langsiktige produksjonsevna til marka.

Det var sterk kritikk frå to professorar frå UMB og UiO, som til slutt førte til at førsteforfattaren trekte tilbake artikkelen i juni 2006. No har komiteen altså påvist klare prov på manipulering og fabrikkering av datamaterialet i denne artikkelen.

Kan ikkje peika på personar

Derimot kan ikkje komiteen peika på den eller dei personane som har gjort dette.

Fakta i saka er heller ikkje slik at det er ei sannsynleg overvekt for at ein bestemt person har utført forfalskingane. Komiteen understrekar vidare at den heller ikkje har noko grunnlag for å ha noka oppfatning om nokon eventuelt kunne ha motiv for å stå bak manipuleringa.

I den siste delen av konklusjonen på granskinga av den artikkelen, går komiteen svært langt i å frikjenna den aktuelle forskaren for å ha triksa med tala i artikkel 60:. " Siden det er NN som er part i saken, finner komiteen å ville tilføye at man har vanskelig for å se hans motiv. De resultater som underbygges gjennom de feilaktige tabeller, strider mot de faglige oppfatninger NN elles har gitt uttrykk for på dette området, og fremstår dertil som relativt amatørmessig utført."

Mindre alvorlege brot

Derimot er komiteen heilt klar på at vedkomande forskar har handla i strid med god vitskapleg praksis i ein artikkel som blei skriven i 2002, fordi han ikkje kan leggja fram rådata. I ein tredje artikkel har forskaren også handla i strid med god vitskapleg praksis, fordi han ikkje har gitt opp referansar til funn som er gjort av studentar han har vore rettleiar for.

Trass i at forskaren er frikjent for dei mest alvorlege brota på vitskapleg praksis, er dei mindre brota alvorlege nok til at det truleg ikkje blir enkelt for han å halda fram med ein vitskapleg karriere. Det vedgår også komitéleiar Kim von Weisenberg.

- Han ville ikkje blitt tilsett som forskar ved Helsingfors universitet, sa han på spørsmål frå Uniforum.

Einige i konklusjonane

Både rektor Knut Hove ved Universitet for miljø- og biovitskap og rektor Geir Ellingsrud ved UiO, seier seg i hovudsak einige i konklusjonane til undersøkingskomiteen.

Dei understrekar at saka har resultert i gjennomgang og endring av rutinane ved begge universiteta når det gjeld krava som må stillast til dokumentasjon av forskingsaktivitet. Komiteen understrekar at mangelen på eit klart regelverk for handtering og lagring av data har vore ein veikskap i systemet ved dei to universiteta.

Hove meinte at saka også har fått fylgjer for UMB.
- Det er bakgrunnen for at me har innført eit betre system for kvalitetssikring av forskinga og forskingsetikken ved universitetet, sa UMB-rektoren.

UiO-rektor Ellingsrud hadde liknande røynsler.

- Denne saka har vore eit ordentleg lærestykke for oss, men ikkje minst Sudbø-saka gjorde at me sette i gang med tiltak som skal hindra brot på god vitskapleg praksis. Elles er eg glad for at dei tinga som er avdekte ikkje har hatt store vitskaplege eller samfunnsmessige konsekvensar. Det har diverre gått mest ut over stipendiatane, slo han fast.

Hove fortalde at dei doktorstipendiatane og masterstudentane som blei skadelidande på grunn av denne saka, no har fått kompensasjon og hjelp til å få fullført prosjekta sine.

- Ingen eigne inntekter

Også advokat Harald Stabell (biletet), som representerer forskaren, var til stades på pressekonferansen. Han avviser at klienten hans vil gå til sak mot universiteta.


- Nei, han har heile tida forstått at det var naudsynt med ei gransking. Med konklusjonen til undersøkingskommisjonen reknar han seg sjølv som reinvaska, og han håpar at han vil få tilbake ein jobb innanfor vitskapen.

- Kva lever han av i dag?

- Han har ingen eigne inntekter, men han har ei kone som arbeider. Advokatutgiftene hans betalar Forskarforbundet.

- I mellom linjene skin det gjennom at forskaren har vore sjuk. Kan det ha spelt ei rolle i undersøkinga?

- Det kan vera ein av grunnane til at han ikkje hugsar alt som har skjedd.

Emneord: Etikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 13. des. 2007 15:49 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere