Første doktor frå Forskarlinja på medisin

Anders Myhre blir den første kandidaten frå Forskarlinja på medisin som kan kalla seg for doktor. Det skjer når han disputerer fredag 7. desember. Myhre har brukt berre eit halvt år meir på å bli doktor enn det resten av kullet hans har brukt på å bli legar.

FØRSTE DOKTOR: Anders Myhre blir den første studenten på forskarlinja på medisin som kan kalla seg for doktor. Bak står medstudent Ingrid Moss Kolseth, Jacob Wang og Signe Flood Kjeldsen.
Foto: Ståle Skogstad

- Du treng ikkje vera ein kløppar for å bli forskar, men du må vera ambisiøs og få ting lagt til rette for at du skal kunna utføra god forsking. Dessutan handlar det om å ha ein god porsjon flaks, seier Anders Myhre, den første studenten på forskarlinja som snart kan kalla seg for både doktor og lege.

For tida er han i turnusteneste på Sjukehuset i Vestfold i Tønsberg, men dei siste to vekene har han fått permisjon for å førebu seg til disputasen. Den handlar om blodforgifting.

- Eg har forska på den typen bakteriar som er opphavet til over halvparten av blodforgiftingane. I hovudsak er det immunforsvaret sitt motåtak på denne bakterien som fører til at folk døyr av blodforgifting.

- Blodtrykket fell og blodet levrar seg, og det fører til at pasienten fort taper motstandskrafta. Organa til pasienten sviktar. I avhandlinga mi har eg sett på kva rolle desse bakteriane har i denne prosessen, og gjennom ulike funn eg har gjort i laboratoriet, viser eg korleis denne responsen frå immunforsvaret kan dempast gjennom utvikling av eit middel som døyver den effekten. Då vil ikkje pasientane som får denne typen bakteriar lenger døy av organsvikt på grunn av motreaksjonen frå immunforsvaret, forklarar Myhre.

Forskingsarbeidet har han gjort i forskingsgruppa til professor Ansgar O. Aasen ved Institutt for kirurgisk forsking på Rikshospitalet. Forskingsgruppa steller med kirurgisk intensivmedisin og prøver å finna svaret på korleis ein kan behandla og førebyggja kirurgiske infeksjonar og sepsis (blodforgifting).

Prosjektet til Anders Myhre er ein del av eit prosjekt som forskingsgruppa har arbeidd med i mange år. Myhres prosjekt er utført i nært samarbeid med akademiske miljø i Storbritannia og med det farmasøytiske selskapet GlaxoSmithKline R&D i USA.

Imponerte

- Anders Myhre har gjennomført heile doktorgradsarbeidet som medisinarstudent og skal no disputera berre eit halvt år etter den avsluttande eksamenen. Medan kravet til ein medisinsk doktorgrad er at den skal innehalda tre vitskaplege artiklar, har han skrive ei doktoravhandling på grunnlag av heile fem vitskaplege artiklar, publiserte i internasjonale tidsskrift, understrekar både dagleg leiar for Forskarlinja, Jarle Breivik og administrativ leiar Maje Siebke som er svært imponerte over innsatsen til den snart uteksaminerte doktoren.

- Det har gått svært fint, men eg har ofte hatt dårleg tid. Det har vore ålreit å gå på forskarlinja, for det har gitt meg høve til å fordjupa meg i emne som eg ikkje ville hatt tid til å gå grundigare inn i på det ordinære medisinstudiet, seier Myhre.

80 studentar

Forskarlinja blei starta opp i 2002 og har i dag om lag 80 studentar, som forskar på ulike prosjekt ved Det medisinske fakultetet. Alle studentane forlengjer medisinstudiet med eitt år, der dei forskar og tar forskarkurs på heiltid. Deretter held dei fram med medisinstudiet, medan dei forskar på deltid og i sommarferiane.

- Me rekrutterer rundt ti prosent av kvart medisinarkull til Forskarlinja. Og mest alle har ambisjonar om å gå vidare til doktorgrad, konstaterer Breivik og Siebke. Ordninga har nyleg gjennomgått ei nasjonal evaluering og kan visa til svært gode resultat. Men Anders Myhre har møtt ein del vanskar i byrjinga.

- Lånekassen var ikkje godt nok informert om opplegget til Forskarlinja då eg søkte om stipend og lån der den første gongen. Men det ordna seg etter kvart, så no har eg ikkje noko problem med Lånekassen lenger, fortel han. Uansett kunne han ikkje tenkt seg å lata vera å gå på denne linja.

- Stor bonus

- Den viktigaste lærdomen vår er at me får vita korleis me kan handsama informasjon og lesa vitskaplege artiklar. Også for dei som bestemmer seg for å hoppa av forskarkarrieren og satsa på ein karriere som lege, vil det vera ein stor bonus. Ein annan ting som eg har lært, er at det er viktig å byrja som forskar så tidleg som mogleg. Då slepp du å kjenna at du ofrar for mykje for forskinga.

- Dei som går på forskarlinja, må også tidleg vera aktive med å velja seg eit forskingsmiljø som dei er sikre på at dei vil trivast i. Då blir det også lettare for dei å få brukt interessene sine på ein bra måte, meiner han.

Breivik og Siebke synest også rettleiarane har god nytte av Forskarlinja.

- Dei er nøgde med ordninga og er blitt gode på å leggja til rette forskingsprosjekta slik at studentane kan kombinera forsking med den faste undervisninga. Dette samspelet mellom studiet og forskinga har lært oss mykje om universitetsorganiseringa, seier Siebke og Breivik, som begge gjerne trekkjer fram ein annan ting.

- Gir studentar leiarskap

- Me har klart sett kor effektivt det kan vera å gi studentar leiarskap og ansvaret for drifta av eiga utdanning. Dei har mellom anna etablert ein nasjonal forskingskonferanse for medisinstudentar som går på rundgang mellom dei fire medisinske fakulteta i Noreg.

- Gjennom den kontakten har dei vore med på å knyta leiinga nærare saman, og Forskarlinja har blitt eit unikt samarbeid mellom dei fire eldste norske universiteta, har dei registrert.

Og myten om forskaren stemmer ikkje på desse studentane.

- Mange trur at dei som vil bli forskarar er asosiale nerdar. Dei som går på forskarlinja er tvert imot blant dei mest ressurssterke fagleg og sosialt. Dei er slett ikkje blant dei første som går heim etter ein fest. Eg har difor inntrykk av at det er svært populært blant medisinarstudentane å ta Forskarlinja, slår Anders Myhre fast.

Fakta om Forskarlinja:
- etablert i 2002
- skal betra rekrutteringa til medisinsk forsking
- tar opp 10 studentar kvart semester
- studiet tar eitt år lenger enn medisinstudiet
Emneord: Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2007 09:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere