Uklart om Kvalitetsreforma har gitt høgare kvalitet

- Det er enno uvisst om Kvalitetsreforma har auka kvaliteten i norsk høgare utdanning og forsking, konstaterte statsråd Tora Aasland då regjeringa la fram Statusrapport for Kvalitetsreforma i høgare utdanning (St.melding nr. 7) i dag. Men ho lova at regjeringa skal vurdera finansieringssystemet på nytt.

UVISST OM KVALITET: - Det er uklart om Kvalitetsreforma har gitt betre kvalitet, konstaterte statsråd Tora Aasland, då ho la fram den første stortingsmeldinga si i dag.
Foto: Ola Sæther

- Forskarane sine innspel om at det blir for lita tid til samanhengjande forsking, vil føra til at regjeringa vil koma med forslag til moglege endringar og korrigeringar av finansieringssystemet fram mot 2009-budsjettet, lova minister for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland. Ho er også svært nøgd med omlegginga av gradsstrukturen.

- Eg synest at reforma på mange område har vore svært vellukka, og eg meiner at universitet og høgskular har gjort ein svært god jobb med å gjennomføra hovudpunkta. Både studentar og tilsette har fått ein kvardag med nye sjansar og betre rammevilkår, sa ho.

Innført i 2003

Etter at Kvalitetsreforma blei innført i 2003 har utdannings- og forskingslandskapet endra seg ganske dramatisk. Universiteta og høgskulane har fått større fridom, gradsstrukturen er endra, studentane har fått tettare oppfylging og det har kome på plass eit system for kvalitetssikring.

Statusrapporten har gått gjennom ulike sider av Kvalitetsreforma, sidan ho blei innført for fire år sidan. Rapporten byggjer på evalueringar gjort av både NIFU-STEP, Rokkansenteret i Bergen og dei lokale evalueringane ved universiteta i Oslo og Bergen. Dessutan har Kunnskapsdepartementet tatt med tal frå ein OECD-rapport om høgare utdanning i Noreg og Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking for studentar frå 2005.

Fleire studiepoeng

Rapporten viser at trass i at kvar student no får meir i lån og stipend frå Lånekassen enn før Kvalitetsreforma blei innført, arbeider dei like mykje ved sida av studia som før. Og studentane studerer på ein annan måte enn før, med tettare oppfylging, men også med strengare krav om obligatorisk oppmøte, obligatoriske innleveringar og fleire eksamenar. Det gjennomsnittlege talet for studiepoeng for kvar student har likevel auka.

Auka merksemd mot kvalitet og innhald

Samtidig viser Aasland til at Kvalitetsreforma både er ei studiereform og ei styringsreform og at det gjennom reformarbeidet har kome på plass nye og naudsynte strukturar.

- I det vidare arbeidet må merksemda dreiast meir mot kvalitet og innhald, både når det gjeld undervisning og forsking, seier ho. I stortingsmeldinga går det også fram at regjeringa vil vurdera å innføra kandidatar som ein indikator i finansieringssystemet for universitet og høgskular. Regjeringa vil koma tilbake til det spørsmålet i samband med framlegget til statsbudsjett for 2009.

Formidlingskomponent lagt på is

Den tidlegare varsla formidlingskomponenten i finansieringssystemet for universiteta og høgskulane er førebels lagt på is. Grunngjevinga for dette er at tidlege simuleringar av delar av Formidlingsutvalet II sine forslag til indikatorar viser at dei ikkje er godt nok tilpassa dei særskilde oppgåvene til høgskulane.

Kunnskapsdepartementet vil arbeida for å betra statistikk- og indikatorgrunnlaget og seinare vurdera ein formidlingskomponent i finansieringssystemet.

Meldinga viser også at reforma, saman med ny lov om universitet og høgskular, har gitt universiteta og høgskulane auka fridom i faglege, økonomiske og organisatoriske spørsmål.

Regjeringa understrekar at institusjonane sjølve difor må finna dei beste lokale løysingane på mange av dei utfordringane som evalueringa av Kvalitetsreforma avdekkjer. Dei må difor utvikla ein strategi, som gjer heilt klart kva dei prioriterer, står det i meldinga.

Studentutvekslinga har auka i tida etter at Kvalitetsreforma blei innført. Departementet vil no vurdera internasjonalisering i utdanninga i ei eiga stortingsmelding som blir lagt fram hausten 2008.

- Viktig med brei oppslutnad

På pressekonferansen fekk Tora Aasland spørsmål om det var noko i vurderinga av Kvalitetsreforma som tidlegare statsråd Kristin Clemet ikkje også kunne ha skrive under på.

- Det må ho sjølv kunna svara på, men for meg er det viktig å ha brei oppslutnad både frå det politiske miljøet og frå institusjonane, svarte Aasland, som lovde at regjeringa skulle fylgja opp løyvinga til 350 stipendiatstillingar for budsjettåret 2008. Men ho ville ikkje ta ansvaret for at universiteta og høgskulane no må kutta over 300 millionar kroner.

- Eg vil berre oppfordra dei til ikkje å lata kutta gå ut over studietilbodet. Dessutan har eg heller ikkje noko ynskje om å detaljstyra universiteta og høgskulane, men eg blir gjerne med på å diskutera forskjellige saker med dei, slo ho fast.

NSU og Dørum kritiske

Norsk Studentunion har ikkje ei like positiv oppfatning av Kvalitetsreforma som statsråd Tora Aasland har. Organisasjonen etterlyser ein klarare politikk og meir vilje frå regjeringa.

- Studenten skulle lykkast i større grad, men spring verken fortare gjennom utdanninga eller blir betre på vegen. Sjølv om statsråden seier at dette framleis er måla, foreslår ikkje regjeringa stort for at me skal koma dit, seier Per A. Langerød, leiar av Norsk Studentunion (NSU).

Heller ikkje stortingsrepresentant for Venstre, Odd-Einar Dørum er imponert.

- Eg er glad for at me no har fått ei evaluering av Kvalitetsreforma på bordet, men det er eit faktum at den raudgrøne regjeringa sin budsjettpolitikk set Kvalitetsreforma på spel, peikar han på.

- Solhjell, Aasland og Djupedal har dei to siste åra drive med konstant taltriksing der dei hevdar Noreg aldri har satsa meir pengar på høgare utdanning. Det heng rett og slett ikkje saman med dei faresignala me no får frå universiteta og høgskulane, seier Dørum.

Emneord: Universitetspolitikk, Undervisning, Kvalitetsreformen Av Martin Toft
Publisert 30. nov. 2007 16:50 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere