Språkkompetansesenteret utsett

Rektoratet utset planane om å oppretta eit språkkompentansesenter ved UiO. - I den vanskelege budsjettsituasjonen UiO er i, er det vanskeleg å starta noko nytt, når me heile tida er opptekne av å kutta utgifter, seier viserektor Inga Bostad og prorektor Haakon Breien Benestad. No håpar dei på økonomisk bidrag frå Stiftinga Fritt Ord.

MÅ UTSETJAST: Planane om å etablera eit språkkompetansesenter på UiO må utsetjast., opplyser viserektor Inga Bostad og prorektor Haakon Breien Benestad.
Foto: Ståle Skogstad

Dermed blir det berre framlegget om ein eigen språkstrategi som kjem opp i Universitetsstyret over nyttår. Planane om eit språkkompetansesenter, med blant anna Københavns Universitet som modell, er førebels skrinlagde. Årsaka er altså den vanskelege budsjettsituasjonen som UiO er i etter at regjeringa førte vidare kvileskjeret til tidlegare statsråd Øystein Djupedal også i det siste framlegget til universitets- og forskingsbudsjett.

- Synd

- Det er synd, for det er eit stort behov for god opplæring både i norsk og engelsk for studentar og tilsette. Likevel vil me bruka dette høvet til å sjå på korleis me kan styrkja og samla alle dei språkressursane som finst, hovudsakleg på Det humanistiske fakultetet, seier Inga Bostad, som leier språksenterutvalet ved UiO. Også prorektor Haakon Breien Benestad synest dette er leitt.

- Eg har sagt til forskingsminister Tora Aasland at det er ei skam at me ikkje har nok pengar til at me kan tilby Fullbrightstudentane våre eit norskkurs. No håpar me at kanskje Stiftinga Fritt Ord kan hjelpa oss med å finansiera eit eige språkkompetansesenter, seier Benestad.

- Fritt Ord har jo klart å stabla på beina eit fantastisk litteraturhus i Oslo, i tillegg til at det finansierer eit professorat ved Institutt for media og kommunikasjon, legg Bostad til.

Det var 31. mars 2006 UiOs utval for språkpolitikk (Hveem-utvalet) la fram innstillinga si "Snart to hundre. Universitetet i Oslo og språket i internasjonaliseringens tidsalder." Utvalet bad Universitetsstyret vedta at norsk er hovudspråket ved UiO, at kunnskapen til dei tilsette i to eller fleire språk - i hovudsak norsk og engelsk - skulle styrkjast, og at fagmiljøa sjølve skulle få avgjera kva som skulle vera forskings- og publiseringsspråket.

Den mest konkrete tilrådinga var likevel forslaget om å oppretta eit eige språkkompetansesenter for å nå desse måla. Saka har fleire gonger blitt utsett, og sidan planane om eit språkkompetansesenter førebels er lagde på is, vil det vera ei ganske amputert språksak som kjem på Universitetsstyrets bord etter nyttår.

Vedtar språkstrategi

- Då skal me vedta ein eigen språkstrategi for UiO. Den vil byggja på tilrådingane til Hveem-utvalet og dei høyringsfråsegnene som er komne inn. Me tar difor fullt ansvar for å oppretthalda norsk som fagspråk og undervisningsspråk. Til dømes ynskjer me at alle masteroppgåver og doktoravhandlingar som er på engelsk eller eit anna framandspråk, skal ha eit samandrag på norsk og vice versa, understrekar Bostad. Men det er likevel ikkje alle tilrådingane som kan bli fylgde.

- Kravet om at alle innføringsbøker skal vera på norsk, er umogleg å oppfylla på medisinstudiet. Men Det medisinske fakultetet har likevel gjort ein stor innsats for å ta vare på norsk som fagspråk, ikkje minst gjennom ei eiga ordliste for forfattarar og ei språkspalte i Tidsskrift for Den norske Legeforening. Der kjem det inn gode framlegg til norske ord for faguttrykk på latin, fortel Benestad.

Men dei vil gå inn for at Universitetsstyret held fast på hovudinnhaldet i innstillinga til Hveem-utvalet.

- Før helga blei det kjent at fleire og fleire masteroppgåver blir skrivne på engelsk. Men alle oppgåver på bachelornivå skal i hovudsak skrivast på norsk. Det kjem me til å gå inn for, lovar Bostad.
-
All viktig informasjon til alle tilsette skal dessutan koma både på norsk og engelsk. Hovudmålet vårt blir likevel å ta vare på norsk som fagspråk og undervisningsspråk. Og me har dessutan eit spesielt ansvar for å nytta nynorsk til desse formåla også. Sist, men ikkje minst har me ansvar for å formidla forsking til vanlege folk på norsk. Men Universitets- og høgskulerådet må ta på seg det nasjonale ansvaret for dette, meiner Bostad og Breien Benestad.

- Bør bruka ressursar på dette

Leiaren for UiOs språkutval, professor Helge Hveem, forstår at UiO er i ein vanskeleg budsjettsituasjon.

- Men denne saka er så viktig at universitetet bør vera villig til å bruka ressursar på dette. Då me la fram innstillinga våren 2006, kom me med nokre framlegg som kravde nye ressursar, medan andre ikkje gjorde det.

- Eg synest difor at det bør setjast i gang ein totrinnsrakett, der ein først kunna realisera dei tiltaka som ikkje kravde store ekstra kostnader på budsjettet. Deretter kunne ein greidd ut dei tiltaka som kravde det. Skilting på engelsk for å gjera det lettare for utanlandsstudentar å orientera seg der dei ferdast, bør jo vera eit tilbak som kan setjast i verk straks. Også kravet om eit samandrag på norsk av alle doktoravhandlingar, bør kunne innførast ganske raskt, synest Hveem.

Emneord: Økonomi, Språkpolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2007 14:01 - Sist endra 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere