Protesterer mot lønnsauken til toppdirektørar

Berre 11 professorar tener betre enn teknisk direktør Frode Meinich etter at dei lokale lønnsforhandlingane no er avslutta. Med to steg opp til lønnstrinn 87, får han ei årslønn på 828 000 kroner. Fem av 21 direktørar får ein samla separat lønnsauke på 236 000 kroner. Både NTL og Parat protesterer.

PROTESTERER: NTL-leiar Ellen Dalen og Parat-leiar Ole Martin Nodenes protesterer mot at direktørane ved UiO løyver seg sjølve ei god lønnsutvikling samanlikna med andre tilsette.
Foto: Ola Sæther

520 andre UiO-tilsette deler ein felles pott på 11,2 millionar kroner. Blant fagdirektørane i Sentraladministrasjonen får altså både teknisk direktør Frode Meinich, assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen, studiedirektør Monica Bakken, forskingsdirektør Terje Mørland og direktør for Internrevisjonen, Sveinung Svaberg justert opp lønna si to eller tre lønnstrinn. Det fører til at teknisk direktør Frode Meinich no er lønnsleiande av fagdirektørane med lønnstrinn 87.

- Eg er nøgd med å ha fått ein lønnsauke etter fire år ved UiO, seier Meinich i ein kommentar til Uniforum.

- Kva synest du om at berre 11 professorar no tener betre enn deg?

- Det har eg inga formeining om. Eg vurderer mi lønn, så får andre vurdera si lønn, seier han.

Med lønnstrinn 87 får han to lønnstrinn meir enn assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen, som også får to ekstra lønnstinn og ei ny årslønn på 778 000 kroner. Av fagdirektørane som fekk lønnsauke, tener framleis Sveinung Svanberg og Monica Bakken dårlegast med høvesvis lønnssteg 75 og 78, medan Terje Mørland etter dei siste forhandlingane får lønnssteg 81.

Under 10 prosent av dei UiO-tilsette, altså rundt 520 personar, fekk høgare lønn etter dei lokale lønnsforhandlingane. Nokre av dei som tener dårlegast i Teknisk avdeling, har fått opp lønna frå lønnstrinn 30 til 32, altså ei årslønn på 276 800 kroner. Det vil seia ein halv million lågare enn dei best lønna direktørane.

Reagerer kraftig

I ein protokolltilførsel reagerer både Parat og NTL kraftig på den profilen dei lokale lønnsforhandlingane til slutt fekk. Der heiter det blant anna at "Parat og NTL er motstandere av at UiOs direktører skal bevilge seg selv en svært god lønnsutvikling sammenlignet med andre ansatte."

- Dei 21 direktørane utgjer berre ein halv prosent av lønnsmassen til UiO. Det vil seia at dei berre skulle ha delt ein pott på 65 000 kroner, sett i høve til eige lønnsnivå, om dei hadde vore ordinære tilsette. Slik det blei, får dei altså fire gonger meir i lønnsauke i høve til andre tilsette. Og dersom me berre ser på fagdirektørane i Sentraladministrasjonen isolert sett, vil lønnsauken deira vera vesentleg høgare i høve til andre tilsette, seier Ole Martin Nodenes, som er leiar for fagforeininga Parat.

- Sidan UiO no har varsla kutt på rundt 205 millionar kroner, bør fagdirektørane vera gode førebilete, også i lønnsforhandlingane. Når dei løyver seg sjølve fire gonger meir i lønnsauke enn det den ordinære tilsette får i gjennomsnitt, så er det eit svært dårleg signal, konstaterer han. I denne saka står Parat saman med NTL og leiaren Ellen Dalen.

- Me er også svært kritiske til at avdelingsdirektørane i Sentraladministrasjonen skal ha ein så stor del av lønnsauken. Det er svært provoserande at det skal vera så lett for dei å få lønnsauke i forhold til andre tilsette. Spesielt med tanke på at dei på den eine sida sender signal om auka satsing på forsking, medan dei på den andre sida i praksis ber fakulteta om budsjettkutt, synest ho.

Gjennomslag for seniorpolitikk

Nodenes er likevel svært nøgd med at Parat med støtte frå dei andre fagforeiningane har fått gjennomslag for ei av sine store kampsaker.

- Parat har vore svært oppteken av at UiO utarbeidar ein seniorpolitikk. Og sjølv om seniorpolitikken enno ikkje er på plass, ser me at utgangspunktet til arbeidsgjevaren er godt, og me reknar difor med at det blir sett i verk tiltak frå 1. januar 2008. Denne saka har me flagga heile vegen, og fordi den er så viktig for oss, har me truga med brot i dei lokale lønnsforhandlingane, om me ikkje ville få gjennomslag for denne saka, seier han til Uniforum.

Nodenes meiner at UiO framleis manglar ein heilskapleg livsfasepolitikk.

- Me tenkjer i første rekkje på dei tilsette sin rett til å utvikla kompetansen sin og korleis UiO skal rekruttera gode hovud i framtida. Den saka ligg framleis, men me har grunn til å tru at også arbeidsgjevar no ser behovet for å få dette på plass.

- Korleis er du nøgd med profilen på det lokale lønnsoppgjeret?

- Eg er nøgd med fordelinga mellom dei teknisk/administrative tilsette og dei vitskaplege. Dessutan er eg svært glad for at alle fagforeiningane, i hovudsak, har stått saman, seier Nodenes.

Ellen Dalen viser til ein protokolltilførsel NTL er åleine om.
- Arbeidsgjevar har lagt inn krav som er høgare enn storleiken på den potten det blir forhandla om. Nærare bestemt 16 millionar kroner, medan det var 11,2 millionar i potten. Me i NTL meiner dette er uansvarleg og verkar svært udisiplinerande på partane. Urealistiske krav og manglande prioriteringar fører til eit svært dårleg forhandlingsklima, understrekar Dalen, som også reagerer sterkt på at talet på uorganiserte som får tilbod i årets forhandlingar, er dobla i høve til 2006.

- NTL meiner at arbeidsgjevar gjennom årets lokale lønnsforhandlingar har vilja redusera påverknaden til organisasjonane, seier Dalen.

Misnøgd med kvinneprofilen

Ho er heller ikkje nøgd med kvinneprofilen på det lokale lønnsoppgjeret.

- Det har vore mykje lettare å få lønnsauke for ein eldre mannleg professor enn for ein person i ei mellomstilling blant dei vitskaplege tilsette. Det er mange fleire kvinner blant dei enn blant professorane. Det blir ein heilt skeiv politikk i høve til føringane frå den raudgrøne regjeringa og i forhold til rekrutteringspolitikken til UiO, meiner Dalen.

- Utfordrande

Organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen synest ikkje forhandlingane var lette.

- Dei var svært utfordrande sidan me hadde ein liten pott å dela ut. Det stilte krav til alle partar når det galdt prioriteringar. Men eg synest me har fått eit resultat som alle kan stå for, seier Halsen, som ikkje er nøgd med forhandlingsmodellen.

- Eg opplever at modellen er svært ressurskrevjande, og eg er oppteken av at ei evaluering av den kan gi oss ein modell som er meir tenleg.

- Kva synest du om lønnsauken til dei fem fagdirektørane?

- Direktørane blei vurderte etter dei same kriteria som dei andre tilsette, og dei som har fått lønnsauke har fått det på grunnlag av dokumenterte, gode resultat.

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk, Lønn/lønnsforhandlinger
Publisert 22. nov. 2007 11:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere