Sør-Afrika på catwalk og i galleri

Tiårsjubileet for starten på forskingssamarbeidet mellom Noreg og Sør-Afrika , Oslo Celebrations, skal 17. oktober markerast med eit moteshow på ein catwalk i foajeen i Georg Sverdrups hus (UB).

ETTERLYSER MODELLAR: Fanny Duckert, Wenche Dageid og Shane Colvin etterlyser UiO-tilsette med modellbakgrunn som kan stilla opp på catwalken med klede designa i Sør-Afrika.
Foto: Ola Sæther

- No etterlyser me UiO-tilsette med modellbakgrunn, seier Fanny Duckert,Wenche Dageid og Shane Colvin som alle er engasjerte i Oslo Celebrations.

- Sidan dette blir eit kulturarrangement, er me glade for at både kulturminister Trond Giske og den sørafrikanske kulturministeren har sagt ja til å opna moteshowet 17. oktober kl. 1900. Og det er hundre prosent sikkert at dette blir første gong det blir skipa til eit moteshow i Georg Sverdrups hus, reklamerer dei tre. Modellane vil visa klede laga av sørafrikanske designarar.

- Ei av Sør-Afrikas mest berømte hiphop-grupper, Black Noise, vil opptre med song og dans under framsyninga, legg Dageid til. Men i ventetida går det an å ta turen innom Galleri Sverdrup og sjå bilete og figurar frå Nelson Mandelas heimland. Utstillinga er utforma av grafisk designar, Shane Colvin.

- Me har fått låna den sørafrikanske fotografen Peter Magubanes mest berømte foto av Nelson Mandela. Målet med utstillinga er å visa det moderne Sør-Afrika, forklarar Colvin.

Det blir også vitskaplege seminar, forskingskonferanse, gudsteneste, filmar, fotoutstillingar og debattar med Sør-Afrika som tema i tida fram til 2. november.

Emneord: Sør-Afrika, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 26. sep. 2007 11:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere