Skal samla nyskaparar

- Dette skal vera eit glimrande høve til å visa korleis kunnskap kan vidareforedlast i ein symbiose mellom universitet og næringsliv. Det seier innovasjonssjef Katrine Myhre og informasjonsansvarleg Marianne Torp i Birkeland Innovasjon, som inviterer alle interesserte til nyskapingsdag fredag 14. september i GlaxoSmithKline-bygningen i Forskningsveien.

NYSKAPINGSDAG: Informasjonsansvarleg Marianne Torp og innovasjonssjef Katrine Myhre inviterer alle til Birkeland innovasjonsdag fredag 14. september.
Foto: Ola Sæther

Det er leiaren for nyskapingseininga ved Boston University, Ashley Stevens, og den britiske gründaren og forskaren Ken Powell som er dei to største trekkplastera på nyskapingsdagen. Men også den norske gründaren Carl Christian Gilhuus-Moe er det vel verdt å høyra på, ifylgje dei to arrangementsansvarlege.

- Nytt av året er at me har invitert representantar for nyskapingseiningane ved alle dei andre norske universiteta til å stilla ut aktuelle prosjekt frå heile Noreg, seier Myhre og Torp. Begge er opptekne av at me har mykje å læra av andre land som har kome lenger med innovasjonsverksemda enn det me har her i landet.

- I USA og i Storbritannia er dei ofte flinkare til å sjå eit forretningspotensial i forskingsresultata, medan folk i Noreg ofte tvilar på om ideen deira kan kommersialiserast vidare. Me håpar at fleire idéfrø kan spira og gro og slå rot også ved Universitetet i Oslo.

- Birkeland innovasjonsdag (Birkeland Innovation Day) kan vera ein fin dag til å få kopla forskarar med representantar frå næringslivet. Og Birkeland Innovasjon står sjølvsagt til teneste for dei som vil utvikla ideane sine vidare, understrekar dei to.

Emneord: Internasjonalisering, Birkeland Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2007 17:06 - Sist endret 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere