På nett med UiOs kunst

- Det har vore stor interesse for UiOs kunst overalt der den er blitt utstilt. Difor er eg glad for at me no har klar ei nettside der ein kan sjå skattar frå kunstsamlinga til universitetet, seier kunstforvaltar Ulla Uberg ved UiO. Denne veka blir kunsten på universitetet digital, og alle som vil kan gå inn og sjå den på www.kunstsamlingen.uio.no.

NETTKUNST: Kunstforvaltar Ulla Uberg kan sjå UiOs kunst både på nettet og i kunstlageret.

Foto: Ståle Skogstad

- For meg er dette berre ei byrjing. Målet er å byggja ut nettstaden etter kvart. Eg har oppdaga at etter kvar kunstomvising eg har hatt, så ynskjer folk å vita kvar dei kan sjå meir av desse kunstverka. Då er det fint å kunna visa til ein eigen nettstad med UiOs kunst, synest Uberg. Også hennar eiga kunstspalte i Uniforum kjem til å bli lagd ut på nettet.

- Det må sjåast som ein naturleg del av det som ligg under kunnskapsparaplyen. På denne måten formidlar me kunst til folk på og utanfor universitetet. Og dette er nettopp kunst som er der folk er. UiOs kunstsamling har vore ein skjult skatt som ikkje er blitt formidla, konstaterer ho.

I første omgang er det alle rektorportretta, alle uteskulpturane i sentrum og på Blindern og ei liste over alle utsmykkingar finansierte av Kunst i offentlege rom (KORO) som er lagde ut på nettet.
- Men nettsida får nye tekstar og nye bilete kvar månad, lovar Ulla Uberg, og innan eit halvt år skal ein også kunne søkje i kunstsamlinga sin database.

Emneord: Kunst, Museene Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2007 09:39 - Sist endra 19. mai 2011 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere