Vil ha reell studentutveksling med Latin-Amerika

32 UiO-studentar tar eit eller to semester ved eit universitet i Latin-Amerika dette studieåret. Men svært få latinamerikanske studentar kjem til UiO. Fagmiljøet på spansk og portugisisk meiner difor det er behov for auka studiestøtte til studentar frå Latin-Amerika.

FLEIRE FRÅ LATIN-AMERIKA: - Berre betre økonomiske ordningar kan føra til at fleire latinamerikanske studentar kjem til UiO, meiner Steinar Sæther og Nelson Gonzalez-Ortega ved ILOS.
Foto: Martin Toft

Over 400 millionar menneske har spansk som morsmål. Samtidig blir språket snakka av 14 millionar menneske som har eit anna morsmål enn spansk. I dag er språket blitt det største framandspråket etter engelsk og tysk i den vidaregåande skulen i Noreg. Det vil seia at mellom 8900 og 10 000 elevar har spanskundervisning på 130 vidaregåande skular over heile landet. Det fører til at talet på spanskstudentar på Universitetet i Oslo stig kvart einaste år.

Generelt aukar interessa for Latin-Amerika, og resultatet av det er at mange studentar også tar portugisisk. Til no har studentane kunna ta ein del av språk- og litteraturstudia ved eit universitet i Latin-Amerika. I studiåret 2006/07 var til saman 22 språkstudentar frå UiO ved eit latinamerikansk universitet. No vil gjerne fagmiljøet på spansk og portugisisk utvida studentutvekslingsprogrammet.

Vil utvida undervisningstilbodet

- Me håpar å få til ei 80-gruppe på bachelornivå og eit tilbod på masternivå i Latin-Amerika-kunnskap med obligatorisk opphald ved eit latinamerikansk universitet. Det skal til saman gi 30 studiepoeng og kostnadene blir dekte av Lånekassen. Og då vil ikkje studia berre vera avgrensa til språk og litteratur, men det kan også vera i latinamerikansk økonomi, politikk, kultur eller i latinamerikansk film og media. Det skal helst vera meir spesialiserte emne enn dei me kan tilby på UiO, fortel Steinar Sæther, som er førsteamanuensis i latinamerikansk kulturkunnskap og Nelson Gonzalez-Ortega, som er førsteamanuensis i latinamerikansk litteratur.

Begge viser til at fagmiljøet no arbeider for å utvida studentutvekslingstilbodet for studentane sine. I løpet av kort tid har dei fått i stand utvekslingsavtalar med Universidad de Chile i Santiago i Chile, San Marcos og La Católica i Lima i Peru og ved Universitetet i Buenos Aires, Universidad de San Andrés og Universitetet i Cordoba i Argentina. Dei kjem i tillegg til avtalar med universitet i Costa Rica og Mexico. Etter kvart håpar dei også å få til ein utvekslingsavtale med fleire universitet i Brasil, der UiO førebels berre har ein avtale med Universitetet i Sao Paolo.

- Latinamerikanske studentar får for lita støtte

- Målet vårt er heile tida å få avtalar med dei beste universiteta innanfor dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga. Difor prøver me også å få til eit samarbeid som byggjer på like premiss. Det som er heilt opplagt er at latinamerikanske studentar som vil ta eit semester eller to ved Universitetet i Oslo får for lita økonomisk støtte i høve til norske studentar som går på eit universitet i Latin-Amerika. Mange av desse landa har stipend for spesialiserte studium i utlandet. Men ofte kan det vera 100 søkjarar til to utanlandsstipend i medisin, økonomi eller informatikk.

- Ofte er det lettare for dei med gode kontaktar enn for andre å få desse stipenda. Difor synest me det er viktig at lærarar og yngre forskarar frå dei universiteta me har avtale med kan koma hit og forelesa for våre studentar om spesialfeltet sitt på spansk eller portugisisk, og samtidig få økonomisk støtte for det, seier Gonzalez og Sæther.

Få studentar frå Latin-Amerika ved UiO

Når ein held studentar i spansk og portugisisk utanom, er det vårsemesteret 2007 registrert 10 UiO-studentar på sju latinamerikanske universitet frå psykologi, økonomi, biologi, fysikk, astronomi, meteorologi og statsvitskap. Samtidig har altså 22 språkstudentar frå UiO vore i ved eit latinamerikansk universitet dette studieåret. Men det er svært få latinamerikanske studentar ved UiO.

- Me ser at det er behov for ei stipendordning for studentar frå land utanfor Europa og USA. Det er jo eit klart ynskje frå norske styresmakter å senda studentar til land som ikkje har engelsk som morsmål også. Det er difor viktig at me kan hjelpa studentar frå fattige universitet til å koma hit, slik at det ikkje berre blir UiO-studentane som får høve til å dra dit. Då vil det bli rein utnytting av det fattige universitetet, synest Sæther og Gonzalez-Ortega.

Dei vil gjerne også slå eit slag for fagmiljøet på portugisisk ved UiO.

- UiO er blant dei få universiteta i Nord-Europa som har undervisning i og spesialkunnskap om portugisisk. Faget har både forskingskompetanse og eit sterkt fagmiljø, som me trur vil vera attraktivt for studentar frå portugisisk-talande land.

(Kjelder: Revista del Instituto Cervantes, Instituto Cervantes, Studieavdelinga, Uniforum, ILOS-administrasjonen, Nelson Gonzalez-Ortega og Steinar Sæther)

Emneord: Latin-Amerika, Studentsaker, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 6. juni 2007 10:53 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere