Teologi får pris for godt læringsmiljø

Avdeling for kompetansehevande studium ved Det teologiske fakultetet er tildelt prisen for godt læringsmiljø ved Universitetet i Oslo. Det bestemte Universitetsstyret i dag. Prisen, som er på 250 000 kroner, blir delt ut på UiOs årsfest i september.

Det er Studentparlamentet som har foreslått at Avdeling for kompetansehevande studium ved Det teologiske fakultetet skulle få denne prisen.

I grunngjevinga viser dei til det nyskapande arbeidet fagpedagogiske utviklingsarbeidet dei driv på Bachelorprogrammet i teologi og kristendom. Det blir spesielt vist til satsinga på nett og at det er lagt vekt på at bruken av nye læringsverkty ikkje går utover deltakinga.

Formålet har heile tida vore fokusert på å skapa eit heilskapleg og inkluderande læringsmiljø utifrå nye kunnskapsomgrep og nye arbeidsmetodar. Studentparlamentet viser til at førelesingane blir kringkasta over nett i samtid via ei enkelt dataløysing og blir distribuert automatisert som ein Podkast som sikrar at studentar som ikkje var til stades eit nyttig kompensasjon.

I tillegg blir all pensumlitteratur gjort tilgjengeleg uavhengig av medium. Det vil seia at avdelinga skaffar tilgang til kompendium i elektronisk form og som lydbok. Eit anna moment som blir nemnt, er de oppstartsveka som legg vekt på å skapa eit godt samspel mellom studentar og fagpersonar.

Emneord: Studentsaker, Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2007 14:23 - Sist endret 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere