I grunngjevinga for å gi henne prisen heiter det at ho har bidratt sterkt til fornyinga av den sosialantropologiske forskinga, også i Noreg, gjennom fleire viktige og nyskapande forskingsprosjekt og publikasjonar.
Ho har doktorgrad frå University of Oxford i 1981, og seinare arbeidde ho som forelesar ved University of Edinburgh. Howell blei tilsett ved Sosialantropologisk institutt i 1987.
Dei som nominerte henne til forskingsprisen trekkjer også fram forskinga hennar på urfolket Chewong i regnskogen i Malaysia. Ho har fylgt denne folkegruppa i over 30 år og i 2006 bidro ho til ei bok som oppsummerer sentrale aspekt ved endringane dei har gått gjennom i møtet med det malaysiske storsamfunnet. Dei siste åra har ho forska på slektskap og internasjonal adopsjon. Howell har også vore redaktør av Norsk Antropologiske Tidsskrift.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere