Vil oppheva blasfemiparagrafen

Det er på tide å oppheva den norske blasfemiparagrafen. Det var alle paneldeltakarane einige om i ein debatt som Norsk senter for menneskerettar arrangerte i dag. Også den mest skeptiske i panelet, advokat Abid Raja meinte at dei framtidige endringane i paragraf 135 A i straffelova vil gi like godt vern for dei truande som dagens blasfemiparagraf.

GUD TRENG IKKJE VERN: Gud treng ikkje vern, berre den truande, meinte Jan Helgesen, Abid Raja, Eivind Smith, Shoaib Sultan og Ulla Schmidt.
Foto: Ola Sæther

Det var i samband med lanseringa av årboka om menneskerettar i Noreg for 2006, Norsk senter for menneskerettar i formiddag inviterte til ein debatt om den norske blasfemiparagrafen. Stortingsrepresentant Carl I. Hagen frå Framstegspartiet har i eit dokument 8-framlegg i Stortinget foreslått at blasfemiparagrafen blir oppheva. Sjølv om framlegget denne gongen kjem frå Framstegspartiet, fekk det nesten unison støtte frå eit breitt panel sett saman av kyrkjeforskar Ulla Schmidt, juristane Eivind Smith, Jan Helgesen og Abid Raja og statsvitar Shoaib Sultan, som er generalsekretær for Islamsk Råd i Noreg.

- Ja, det er på tide å oppheva blasfemiparagrafen, ikkje minst av omsyn til religionen sin eigen dynamikk i samband med religionsfridom, meinte Ulla Schmidt, som er forskar ved Stiftinga Kyrkjeforsking og professor II ved Det teologiske fakultetet, UiO. Ho viste til samanhengen mellom blasfemiparagrafen og religionsfridom.

- Blasfemi blir oppfatta forskjellig innanfor forskjellige kulturar. Det som er blasfemisk for nokon, er det ikkje for andre. Skuldingar om blasfemi kan heller ikkje sjåast uavhengig av kampen om hegemoniet på tolking av religiøse spørsmål. Blasfemi og religionskritikken har også samanheng med makta overfor tilhengjarane med spesielle tolkingar innanfor og forskjellige politiske oppfatningar utanfor trussamfunnet, sa Schmidt.

- Vesentleg å legitimera kritikk av religionen

- Å legitimera kritikk av religionen er vesentleg i arbeidet for å skilja ut illegitime maktmidlar og maktmisbruk i trussamfunn. Difor er eg for å oppheva blasfemiparagrafen, fordi det bør vera rett å framføra blasfemiske påstandar. Det tyder ikkje at det er rett å framsetja dei, men det må gjerast på ein annan måte enn gjennom lovforbod. For meg er det meir eit moralsk eller etisk spørsmål for den einskilde, konstaterte Ulla Schmidt.

- Gud treng ikkje vern

Også generalsekretær for Islamsk Råd, Shoaib Sultan var langt på veg samd med henne.

- På ein måte er eg einig i at blasfemiparagrafen ikkje fungerer slik den ligg føre i dag. Gud treng ikkje vern, medan den truande kan vernast på andre måtar og gjennom rasismeparagrafen eller andre lovparagrafar.

- Når det gjeld karikaturstriden, så kan ein sjå litt dei grupperingane som stod bak i dei landa der flagg og ambassadar blei brende. I Palestina var det medlemar av Fatah, ikkje av Hamas, og i Egypt og Syria brukte dei lite demokratiske regjeringane i desse landa den striden for å vekkja harme mot Vesten, i staden for mot regima i desse to landa. Av den grunn er eg heller ikkje nokon skarp forsvarar av blasfemiparagrafen, fordi vernet kan takast vare på gjennom andre lovparagrafar, slo Sultan fast.

- Politi og straff er ikkje svaret

Og han fekk støtte frå professor i offentleg rett, Eivind Smith, som også leidde Ytringsfridomskommisjonen.

- Eg er framleis for å oppheva blasfemiparagrafen, også fordi det kan gi eit godt bidrag til å markera avstand mellom religion og stat. I første omgang vil det råka Statskyrkja, men det kan likevel gi eit breiare bilete enn berre det. For meg er det svært viktig å skilja mellom om ein likar smaklause karikaturar eller ikkje. Ein må skilja mellom juridiske problem og smakløyse og mellom utanrikspolitikk og religion. Politi og straff er ikkje svaret, men det er debatt.

- Det er dei truande som skal vernast, ikkje Gud. Sjølv om framlegget er eit FrP-forslag, og av nokon blir kalla muslimhets, så synest eg det er mykje betre å ta ein diskusjon om det. Både Finland og Sverige klarer seg utan ein blasfemiparagraf. Ein skal verna dei som føler seg krenka, men ikkje hindra at dei kan føla seg krenka. Religionsfridom må ikkje bli vern mot all form for kritikk eller harselas. Difor må ein også skilja tydeleg mellom blasfemiforbod og vern av minoritetar. Dessutan skal ein heller ikkje slå ned på folk som fleipar med jomfrufødselen. Stortinget bør difor oppheva blasfemiparagrafen no, understreka Smith.

- Skal ikkje gå ut over andre rettar

Det var berre advokat Abid Raja, som til ein viss grad kunne forsvara eksistensen av ein eigen blasfemiparagraf.

- Sjølvsagt skal folk få rett til å ytra seg, men det skal ikkje gå ut over andre rettar. Gudane treng ikkje vern, men det gjer dei truande. Skal det vera rett til å koma med hatefulle ytringar mot andre religionar? Ein kan jo ikkje trykkja alle slags kjærleikshistorier i Se og Hør, heller. Vil det stilla seg annleis med vern av homofile i høve til vern av muslimar? Det vil stilla seg annleis, fordi muslimar både på grunn av språket og evna til å delta i debatt ikkje har same tilgang til pressa, som redaktørar av aviser og magasin. Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk kunne ikkje tenkja seg å trykkja blasfemiske ytringar mot kristne, medan han synest det er ok mot muslimar. Det er liten konsekvens i eit slikt standpunkt, syntest han.

- Når me tar ordet i ein slik debatt, gjer me det på vegner av somaliske analfabetar, kurdiske asylsøkjarar og pakistanske arbeidarar. Det er nettopp desse gruppene som treng vern. Å ta til orde for å fjerna blasfemiparagrafen, vil gi oss Fritt Ord-prisen for å driva med vinden, men for meg blir det viktigare å starta ein debatt om grensene for ytringsfridomen, la Raja til.

- Får ein meir edrueleg debatt

Han fekk ikkje direkte støtte frå førsteamanuensis Jan Helgesen ved Norsk senter for menneskerettar, UiO.

- Min første tese er at Gud ikkje har krav på respekt gjennom lovverket. Min andre tese er at me ikkje treng vern av religion, men av den truande. Den tredje tesen min går ut på om eit individ skal ha større vern på grunn av tru enn på grunn av til dømes seksuell legning eller at det tilhøyrer ei etnisk gruppe. Viss me meiner at religion er så spesielt at den treng vern, så er ikkje blasfemiparagrafen tingen. Då er det betre å utvikla andre lover for å verna dei truande, til dømes forbod mot hatefulle og rasistiske ytringar, og forbod mot ytringar som oppfordrar til hat og sosial uro.

- Religionsfridom har heller ingen felles standard i Europa. Det har fleire dommar frå Strasbourg-domstolen vist. Det er ikkje berre meir effektivt å oppheva blasfemiparagrafen, men me vil også få ein meir edrueleg debatt, trudde Jan Helgesen.

- Eg meiner at paragraf 135 A i straffelova som forbyr å truga nokon på grunn av deira religion eller livssyn, gir nok vern til dei truande. Det er ikkje ei tru, men eit individ som skal vernast, slo han fast. Det var Abid Raja open for.

- Endringa av denne paragrafen høyrest bra ut for meg. For meg er det greitt med debatt, dialog og kritikk. Men samtidig skal lovene også verna dei som trur, på same måte som dei skal verna dei som ikkje trur. Ingen skal heller bli slått ned, fordi dei meiner kvinnesynet i Islam må reviderast, slo han fast.

Emneord: Sentrene, Forskning, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 11. mai 2007 17:40 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere