Styrekandidat Dag Einar Thorsen:: - Kvalitetsreforma har gjort mykje ugagn

- Kvalitetsreforma har gjort mykje ugagn ved universitetet. Det synest styrekandidat Dag Einar Thorsen, som meiner innføringa av kortare grader og mindre omfattande kurseiningar i all hovudsak har vore skadeleg for den undervisinga UiO driv. Det kjem fram i Uniforums utspørjing av dei fire kandidatane som kjempar om å bli dei mellombels vitskapleg tilsette sin nye representant i Universitetsstyret. Valet tar til 21. mai og blir avslutta 24. mai.

UGAGN: Styrekandidat Dag Einar Thorsen meiner Kvalitetsreforma har gjort mykje ugagn ved universitetet.

Dag Einar Thorsen er stipendiat ved Institutt for statsvitskap og er fødd i 1979.

- Korleis stiller du deg til spørsmålet om valt eller tilsett rektor?

- Eg ser ikkje nokre tungtvegande grunnar til å gå over til ei ordning med tilsett rektor, eller ei ordning med såkalla einskapleg leiing på det sentrale nivået ved UiO. Dei som har gått inn for ei eller begge av desse reformene har, slik eg ser det, ikkje lukkast i å argumentere godt nok for sine standpunkt. Prinsipielt er det viktig at vi held fast på at det skal vere eit demokratisk vald innslag i den daglege leiinga også sentralt ved UiO. Det same kan også seiast å gjelde på nivåa under den sentrale leiinga, der eg går inn for at dekanar og instituttstyrarar framleis skal veljast av og blant dei tilsette.

- Kva synest du om dagens styringssystem ved UiO?

- Generelt er eg sterkt uroa over at vi ser ut til å få eit stadig større, mektigare og meir sjølvmedvite byråkrati ved universitetet, som ikkje går av vegen for å detaljstyre dei vitskapleg tilsette si tid og ressursane deira. Innføringa av meir systematisk bruk av såkalla mål- og resultatstyring tidlegare i år er i så måte berre den siste i ei rad av små og store reformer som samla trugar med å kvele dei vitskaplege tilsette sin faglege fridom.

- Her er det, slik eg ser det, ikkje rom for å fire på prinsippet om at dei vitskapleg tilsette skal stå fritt i val av forskingstema eller opplegg for undervisning. Dersom vi skal vinne tilbake noko av den faglege fridomen som har gått tapt dei siste åra, må vi syte for at nokre av dei
ressursane som i dag går tapt i eit nokså topptungt byråkrati vert overførte til andre stader der dei kan gjere meir nytte for seg. Dette kan til dømes gjerast ved at den i dag ofte overarbeidde administrasjonen ved grunneiningane får meir ressursar og fleire tilsette.

- Kva saker vil du jobba for om du blir valt inn i styret?

- Som dei mellombels tilsette sin styrerepresentant vil eg i fyrste rekkje arbeide for at tendensane til innsparingar og forkortingar som vi har sett på andre studietilbod ved universitetet ikkje smittar over på forskarutdanninga. Eg vil kjempe for at det ikkje vert ytterlegare nedskjeringar i forskarutdanninga, no som vi har fått på plass dei nye og mindre omfattande ph.d-gradane som erstatning for dei gamle doktorgradane. Universitetet må særleg unngå å gjere arbeidssituasjonen for dei mellombels tilsette til ein salderingspost.

- Korleis stiller du deg til eit nærare samarbeid mellom næringslivet og UiO?

- Universitetet må sjølvsagt samarbeide med næringslivet og andre tunge samfunnssektorar der det er naudsynt og ynskjeleg. Men vi må samstundes vere vare for at eit slikt samarbeid med næringslivet ikkje må få truge universitetets sjølvstende eller dei universitetstilsette sin faglege fridom.

- Vi må vere spesielt tydelege på at eit samarbeid berre kan gå føre seg på universitetets eigne føresetnader. Utgangspunktet må vere at samarbeidet skal vere mellom likeverdige partnarar, og at næringslivet eller andre ikkje skal få lov til å diktere føresetnadene for samarbeidet.

- Kva er haldninga di til Kvalitetsreforma?

- Den såkalla Kvalitetsreforma har gjort mykje ugagn ved universitetet. Særleg innføringa av kortare grader og mindre omfattande kurseiningar har i all hovudsak vore skadeleg for den undervisinga vi driv her. Samstundes er det viktig ikkje å falle attende til ein fåfengd og nokså
sentimental nostalgi.

- I staden må universitetet syte for at det vert rydda plass til eit meir gjennomtenkt og heilskapleg opplegg på lågare grad innafor ramma av den nye, særnorske bachelorgraden, og at undervisninga på høgare grad og i forskarutdanninga ikkje vert ytterlegare uthola. Universitetet må også presse på for at det vert løyvd pengar og ressursar til å verkeleggjere nokre av dei gode intensjonane i reforma, til dømes tettare oppfylging av studentane og meir skrivetrening undervegs i studiet.

- UiO har planar om tre store byggjeprosjekt dei næraste åra, Life Science-bygning i Gaustadbekkdalen, nytt historisk museum i Bjørvika og nytt veksthus i Botanisk hage. Dersom du må velja, kva byggjeprosjekt vil du prioritera?

- Sjølv om det ikkje er lett å svare på slike hypotetiske problemstillingar, så vil eg seie at alle dei tre prosjekta leverer sterke søknader om å verte prioriterte.

- Samstundes må ikkje slike prestisjeprosjekt prioriterast framfor naudsynte utbetringar på dei bygningane vi allereie har. Vi kan difor raskt komme i ein situasjon der eit eller to av desse prosjekta må utsetjast eller i verste fall skrinleggjast dersom det kjem nye "kvileskjer" i løyvingane til universitetet.

- Om vi kjem i ein slik uheldig situasjon, meiner eg at musea må få meir formålstenlege lokale til sine særs viktige formidlingsoppdrag og at desse to prosjekta må prioriterast. Å måtte prioritere mellom dei to museumsprosjekta er meir smerteleg, men her er det å håpe at vi kan sleppe unna eit slikt val dersom fleire går med i spleiselaget til det planlagde veksthuset.

- På kva måte vil du jobba for dei mellombels vitskaplege tilsette si sak i Universitetsstyret?

- Som nemnd over vil eg arbeide for at forskarutdanninga ikkje vert endå meir avkorta, og at dei mellombels tilsette sin arbeidssituasjon ikkje vert skadelidande i dei prioriteringane som må gjerast i dei snevre økonomiske rammene som vi nok framleis må slite med i åra som
kjem.

- Eg vil samarbeide aktivt med fagforeiningane til dei mellombels tilsette, og arbeide for at alle får ein reell sjanse til å fullføre perioden sin som mellombels tilsett på ein god måte.

- Kva er den viktigaste saka for denne veljargruppa?

- Universitetet sine mellombels tilsette er ei variert veljargruppe, og det kan vere vanskeleg å peike på ei enkeltsak som den viktigaste for alle. Det er likevel mykje som er felles, og mellom anna burde ynsket om høgare kvalitet på sjølve forskarutdanninga, men og eit meir langsiktig ynske om at universitetet held på si sjølvstendige stilling stå høgt på lista til mange av dei.

- Kvifor bør denne veljargruppa stemma på deg og ikkje på dei andre under valet på ny representant til styret?

- Då eg las dei andre kandidatane sine program, vart eg slått av mangelen på ei samla og tydeleg universitetspolitisk tilnærming. Det kan sjå ut som om dei andre kandidatane ikkje evnar å vere tydelege nok på kva for utfordringar universitetet samla sett står overfor i åra som kjem og korleis vi bør møte dei.

- Vi mellombels tilsette vil tene på å ha ein styrerepresentant som er varig engasjert i universitetspolitiske spørsmål, og som av den grunn ikkje berre går til val på ein rad tilfeldig samanraska enkeltsaker, eller som ikkje evnar å uttrykkje seg i meir enn høgst generelle vendingar.

- Kven av dei tre andre kandidatane står nærast di politiske linje, og kven står deg fjernast?

- Fordi Kirkengen og Jensenius i liten grad avslører si overordna universitetspolitiske linje, og Aavitsland held seg til temmeleg generelle formuleringar, vert eg til ein viss grad tvinga til å gjette kven av dei som står nærast mi eiga linje.

- I løpet av sine særs kortfatta program avslører likevel Kirkengen og Jensenius seg som meir ukritiske enn både Aavitsland og meg til nokre av dei nyaste påfunna, mellom anna ordninga med såkalla gjennomføringsstipend og ny finansieringsmodell. Difor vil eg nok gje andrestemma mi til Aavitsland, men eg er i stuss over korleis eg skal rangere dei andre to.

- Er det ei bestemt sak du brenn meir for enn dei andre kandidatane?

- Etter det eg les i programma våre, kan det virke som om det berre er eg som er tydeleg på at å hevda interessene for dei mellombels tilsette også har ei meir langsiktig side. Mange av oss tar sikte på å halda fram ved UiO etter at vi er ferdige med periodane våre som mellombels tilsette, og difor saknar eg ein tydelegare omsorg for universitetet også på lang sikt i programma til dei andre kandidatane.

- Dersom ikkje ein gong dei mellombels tilsette er tydelege i sitt forsvar for universitetet sitt sjølvstende og dei tilsette sin faglege fridom, kven skal då vere det?

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. mai 2007 14:07 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere