Srinivasa S. R. Varadhan mottok Abelprisen

Den indiske matematikaren Srinivasa S. R. Varadhan (67) fekk utdelt Abelprisen i matematikk for 2007 av kong Harald i Universitetets Aula i ettermiddag. Varadhan får prisen for bidraget sitt til teorien om det sannsynlege og særleg for arbeidet sitt med å utvikla ein einskapleg teori for store avvik.

ABELPRISEN: Abelprisvinnar Srinivasa S. R. Varadhan viser fram det synlege provet på at han har mottatt Abelprisen for 2007.
Foto: Ola Sæther

Han arbeider ved Courant Institute of Mathematical Sciences ved University of New York. Også dronning Sonja, statsminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Øystein Djupedal stilte opp for å hylla årets Abelprisvinner. Oslo Strykekvartett og Isa Katharina Gericke stod for dei musikalske innslaga under seremonien.

Prisen som er på 6 millionar norske kroner, blei i dag delt ut for femte gong av Det Norske Vitskapsakademiet. Statsminister Jens Stoltenberg er vert for banketten som regjeringa held på Akershus Slott i kveld til ære for Abelprisvinnaren. I morgon kan du lesa Uniforums eksklusive intervju med Abelprisvinnar Srinivasa S. R. Varadhan i Uniforum nett no.

Emneord: Internasjonalisering, Forskning, Niels Henrik Abel2 Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2007 15:03 - Sist endret 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere