Noreg kan nå budsjettmålet for forsking i 2020

Dei offentlege investeringane i forsking og utvikling kan nå målet på éin prosent av bruttonasjonalproduktet i 2020, dersom det finst politisk vilje til det. Dersom forskingsløyvingane blir på same nivå som i perioden 2001-2007, blir det ingen vekst, og det må sjåast på som eit politisk nederlag når ein ser på ambisjonane i Forskingsmeldinga. Det er konklusjonen i ein rapport NIFU STEP har laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Forskingsrådet.

BER OM SATSING NO: Leiar for Forskarforbundet, Bjarne Hodne (t.h.) ber kunnskapsminister Øystein Djupedal om å setja i gang auka satsing på forskarrekruttering no.
Foto: Ola Sæther

Kunnskapsminister Øystein Djupedal vil leggja fram ei stortingsmelding om rekruttering og forskarutdanning våren 2008.

Det lova han i samband med at NIFU STEP i går ettermiddag la fram ein ny rapport om behovet for forskarrekruttering i Noreg. Den slår fast at det framleis er eit underskot på 650 stipendiatstillingar i høve til opptrappingsplanen i Kvalitetsreforma. Det er Kunnskapsdepartementet og Noregs forskingsråd som altså har bede NIFU STEP vurdera resultata av opptrappingsplanen for forskarrekruttering for 2001-2007 i samband med at planperioden no går ut.

I rapporten går det fram at talet på stipendiatstillingar steig frå 3450 i 2001 til 4300 i 2005, medan det etter opptrappingsplanen burde ha vore 4600 stipendiatstillingar i 2005 og 5300 i 2007. Sidan det blei oppretta 350 stipendiatstillingar på budsjettet i 2006 og ingen i 2007, ser det altså ut til å bli ein mangel på 650 stillingar samanlikna med måla i opptrappingsplanen.

Dekkjer ikkje behovet til realfaga

Rapporten frå NIFU STEP viser at tilgangen på doktorandar i perioden 2001 til 2007 ikkje dekkjer behovet innanfor matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag, og berre delvis innanfor humaniora.

På den same tida har det vore ein liten overproduksjon i samfunnsvitskap, medisin og landbruks- og veterinærfag.
Forskingsinstituttet konkluderer difor med at det i denne perioden har vore eit udekka behov på 800 forskarar med doktorgrad.

Det blir likevel vist til at med alle dei nye stipendiatstillingane som blei oppretta på budsjettet i perioden 2003-2006, så vil ein truleg ikkje vera så svært langt frå målet. NIFU STEP meiner difor det er realistisk å nå målet om 1100 årlege disputasar i 2010, dersom opptrappingsplanen blir fylgd.

Arbeidet med rapporten har vore leidd av forskaren Aris Kaloudis, og rapporten slår også fast at dei samla løyvingane til forsking har auka mellom 2001 og 2005. Den offentlege finansieringa av forsking har auka frå 9,7 milliardar til 12,9 milliardar kroner, medan finansieringa frå næringslivet har auka frå 13,1 milliardar til 14,3 milliardar i den same perioden.

Kunnskapsminister Øystein Djupedal ser at ambisjonsnivået er høgt.

- Me har store utfordringar med omsyn til dei måla som er sette for norsk forskingsinnsats. Målet er krevjande. Heile regjeringa er opptatt av dette, og forskingsutvalet til regjeringa drøftar ambisjonsnivået for norsk forsking og kva som kan vera eit realistisk nivå på investeringane i åra framover, seier Djupedal.

Naudsynt med vekst i forskingsbudsjetta

NIFU STEP slår altså fast at det må til ein vekst i forskingsbudsjetta i åra fram til 2020, dersom målet om at staten sin del av investeringar i forsking og utvikling skal vera på éin prosent av BNP i 2020.

Eit nullvekstscenario vil seia at forskingsbudsjetta i åra framover vil vera på same nivå som i perioden 2001-2007. Det vil likevel seia at det norske forskingssystemet har behov for 1100 ferske doktorar i 2008 og 1300 ferske doktorar i 2010, om det skal vera ein nullvekst.

Det mest ambisiøse målet er å auka forskingsbudsjetta så mykje at dei offentlege investeringane i forsking og utvikling vil utgjera éin prosent av bruttonasjonalproduktet. Det medfører at ein ganske stor del av den offentlege forskingsfinansieringa bør kanaliserast til forskarutdanning og til investeringar i vitskapleg utstyr, men også til å betra forholdet mellom forskarårsverk utførte av forskarar med høgare grad og forskarårsverk utførte av støttepersonale.

Dette kallar NIFU STEP for scenario B, og dei reknar med at det kan vera mogleg å nå dette målet også når det gjeld andre utfordringar knytte til forskarutdanning og tilgang på høgt kvalifisert arbeidskraft. Føresetnaden er likevel at det blir ein årleg auke på 480 doktorstudentar fram til 2016. Det er rundt 130 fleire enn ambisjonsnivået til opptrappingsplanen til regjeringa.

Fleire næringslivsfinansierte doktorar

Rapporten sluttar seg også til målet i den siste forskingsmeldinga om å oppretta fleire doktorgradsutdanningar som er finansierte av næringslivet. Det kan vera eit verkemiddel som kan hjelpa til med å styrkja rekrutteringa til norsk forsking og som har kapasitet i seg til å auka næringslivet sine investeringar i forsking.

I rapporten heiter det at dess meir finansiell involvering i doktorgradsutdanning frå næringslivet, dess større er sjansane for å få til ein meir langsiktig, permanent og harmonisk auke av omfanget av forskinga i næringslivet.

Auka investeringar i bygningar

Forskingsrådet må saman med universitets- og høgskulesektoren gå saman om å utarbeida konkrete planar for opprusting av eksisterande bygningar og i tillegg planar for investeringar i nybygg. Det trengst også nytt og betre vitskapleg utstyr.

Desse utgiftene må prioriterast i ein tidleg fase av opptrappinga, fordi det vil kunna auka realismen i ein plan for framtidig vekst i FoU-ressursane, og det vil redusera presset på forskarutdanninga i dei første åra fram til 2010-2012, står det i tilrådinga frå NIFU STEP.

Forskingsinstituttet viser til at dei tiltaka som må til for å nå éin-prosentmålet, også kan brukast til ei meir systematisk og breiare involvering av næringslivet, som til dømes nyskapingsretta doktorgradsprogram. Det blir spesielt lagt vekt på program innanfor materialteknologi og energiforsking, som kan både engasjera og involvera etablerte bedrifter. Berre på den måten kan næringslivet nå målet om at deira samla investeringar i forsking og utvikling, skal utgjera to prosent av bruttonasjonalproduktet, er konklusjonen i rapporten frå NIFU STEP.

- Manglande vilje

Leiaren for Forskarforbundet, Bjarne Hodne er ikkje overraska over innhaldet i rapporten.

- Den viser konsekvensen av skiftande regjeringar sin manglande vilje til å oppfylla måla som Stortinget har vedtatt. I løpet av ein tiårsperiode vil kvar tredje forskar gå av for aldersgrensa. Difor har me behov for ein ny opptrappingsplan for forskarrekruttering. I dag er det eit så stort etterskot av forskarar, at det må handlast med ein gong. Og det må ikkje skje så seint at me ikkje får erstatta dei som blir pensjonistar dei næraste åra, seier Hodne.

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2007 15:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere