Lars Walløe leier stipendpanel for europeisk forskingsråd

Medisinprofessor Lars Walløe skal leia panelet som skal vurdera kven som skal få startstipend frå det europeiske forskingsrådet innanfor bruksretta biologi. - Eg er sjølvsagt svært nøgd med å bli plukka ut, men det vil også bli ein tøff jobb, seier Walløe til Uniforum.

LEIER STIPENDPANEL: Medisinprofessor Lars Walløe leier eit stipendpanel for det europeiske forskingsrådet.
Foto: Ståle Skogstad

Det europeiske forskingsrådet (ERC) har fått inn over 9167 søknader til dei 200 startstipenda for yngre forskarar som blei lyste ut tidlegare i år. 26 av søknadane kjem frå UiO, etter det Forskingsadministrativ avdeling kjenner til. Stipenda vil vera på mellom 100 000 og 400 000 euro (800 000 til 3,2 mill. kr.) og gå til yngre og lovande forskarar frå eitt til ni år etter at dei avslutta den første doktoravhandlinga si.

46 prosent av søknadane som er komne inn, er innanfor fysikk og teknologi, 37 prosent kjem frå biologi, farmasi og medisin, medan 17 prosent av søknadane kjem frå samfunnsvitskap og humanistiske fag. Alle søknadane skal evaluerast av 20 fagpanel som er sette saman av 244 toppforskarar frå Europa og andre delar av verda.

Medan medisinprofessor Lars Walløe skal leia panelet som skal vurdera søknader innanfor bruksretta biologi, skal UiO-professorane Nils Christian Stenseth, Mats Tilset, Johan P. Olsen og Harald Stenmark delta i panela som vurderer søknader på andre fagområde. Også May Britt Moser frå NTNU og Laszlo P. Csernai frå Universitetet i Bergen skal delta i to av panela.

-Morosamt

Men Lars Walløe blir den einaste norske professoren som skal leia eitt av desse panela, og det synest han er flott. Det gir han klart uttrykk for på telefon frå konferansen til vitskapskomiteen til Den internasjonale kvalfangskommisjonens i Anchorage i Alaska.

- Det er litt morosamt at EU vel ein forskar frå eit ikkje-medlemsland til å leia eit slikt panel, sjølv om det er langt færre panel enn medlemsland.

- Kva trur du var grunnen til at valet falt på deg?

- Dei har vel tru på at eg kan gjera den jobben, samtidig som dei har fagleg tillit til meg. Det er ikkje urimeleg å tolka det slik, seier Walløe.

Til no har panelet han leier fått inn heile 400 søknader. Men søknadane må gjennom ein innfløkt prosess før panelet kan tildela stipenda.

- Vil dela ut 10 startstipend

- Eg har no fått ein CD med alle desse søknadane og eg skal saman med sekretariatet i Brussel fordela dei på dei andre ti medlemane av panelet. Alle søknadane skal vurderast av minst to, men helst tre panelmedlemmer. Me skal møtest i Brussel i juli for å velja ut 10 prosent av søknadane. Desse søkjarane blir inviterte til å senda inn meir detaljerte søknader, som vil bli vurderte av uavhengige fagfeller, og dei vil dessutan bli intervjua av panelmedlemar på eit møte i november. Truleg kjem panelet vårt til berre å dela ut 10 startstipend, fortel Walløe.

Den store oppslutnaden om desse startstipenda trur han skuldast at det er første gong dei blir lyste ut.
- Tidlegare var det berre dei nasjonale forskingsråda som kunne løyva pengar til forskingsprosjekt. Det har vore eit sakn at det ikkje har eksistert eit europeisk forskingsråd som også kunne løyva pengar. Men no eksisterer det altså.

- Spørsmålet er om ikkje dette forskingsrådet etter kvart må få endå meir pengar, slik at det kan dela ut andre typar stipend også. Dessutan må det ikkje bli så vanskeleg å få eitt av desse stipenda at folk ikkje vil søkja, meiner Walløe.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2007 15:40 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere