Irans tidlegare president overrekte bokgåve til UiO

Irans tidlegare president Mohammad Khatami overrekte i formiddag ei gåve på fleire hundre bøker til persiskstudiet ved UiO. Bokgåva blei tatt imot av førsteamanuensis i persisk, Finn Thiesen. Khatami er i Noreg for å delta på eit seminar i regi av Kjell Magne Bondeviks institusjon Oslosenteret for fred og menneskerettar.

BESØKTE UIO: Irans tidlegare president Mohammad Khatami overrekte både bokgåver og andre gåver til persiskforskar Finn Thiesen (t.v.), då han besøkte UiO i dag. Bak Kjell Magne Bondevik.
Foto: Martin Toft

Irans tidlegare president Mohammad Khatami er invitert av Noregs tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik til å leia eit lukka seminar om religion, demokrati og ekstremisme, arrangert av Oslosenteret for fred og menneskerettar. Khatami var Irans president frå 1997 til 2005, og blei rekna som reformvennleg.

Den første delen av seminaret går føre seg på UiO. Under opphaldet på Blindern, fekk også Mohammad Khatami tid til å overrekkja ei gåve på fleire hundre bøker til persiskstudiet ved Det humanistiske fakultetet.

Førsteamanuensis Finn Thiesen tok imot bøkene på vegner av det persiske fagmiljøet ved UiO. Også studentar i persisk fekk utdelt gåver av den tidlegare iranske presidenten, som sjølv har universitetsgrader i filosofi frå universiteta i Esfahan og Teheran. Han har også undervist ved det religiøse universitetet i Qom, før han blei statsråd og seinare president.

Etter ein lengre samtale rundt bordet med tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik og førsteamanuensis Finn Thiesen, gjekk dei to tidlegare statsleiarane saman ut av lokalet for å delta på seminaret om religion, demokrati og ekstremisme.

Emneord: Internasjonalisering, Iran Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2007 11:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere