UiO kan få ny finansieringsplan

- Det blir ei betre fordeling av resultatbaserte inntekter, med større vekt på forskingsaktivitet og mindre på studiepoeng, dersom UiO-styret vedtar fleirtalet sitt framlegg til ny finansieringsplan. Det meiner SV-dekan Asbjørn Rødseth. Han har leidd utvalet som har laga framlegget. Eit mindretal i utvalet, med Forskarforbundets leiar Bjørn Øgaard i brodden, er ueinig.

HJELPEMIDDEL: - Det grunnleggjande me har gjort, er å laga eit hjelpemiddel for Universitetsstyret, seier SV-dekan og utvalsleiar Asbjørn Rødseth.
Foto: Ola Sæther

Viss fleirtalet i utvalet får støtte frå Universitetsstyret, vil ein høgare del enn i dag av UiOs inntekter bli basert på publikasjonspoeng og andre indikatorar for forskingsaktivitet, medan ein mindre del enn i dag vil vera basert på studiepoeng.

- Pengeoverføringane som er baserte på studiepoeng, vil likevel vera høgare enn dei overføringane som er baserte på indikatorane for forskingsaktivitet. Men balansen vil bli betre enn i dag, understrekar utvalsleiar Asbjørn Rødseth. Han legg til at ein anten kan lika eller mislika den vekta Kunnskapsdepartementet legg på enkle resultatindikatorar når midlar blir fordelte til institusjonane. - Faktum er uansett at universitetsbudsjettet er resultatavhengig. Då er det betre å gjera den interne fordelinga av resultatmidlar forklarleg, enn å lata som om alt me får frå departementet er basismidlar, står han fast på.

Framlegget går ut på å dela finansieringa inn i fire hovudgrupper, basert på primæroppgåvene til Universitetet i Oslo. Det gjeld forskingsbasert utdanning, forsking og forskarutdanning, samfunnskontakt, inkludert formidling, innovasjon og etter- og vidareutdanning og forvalting av samlingane på t.d. musea. Inntektene til desse hovudgruppene blir delte inn i tre: ei basisløyving, ei resultatbasert løyving og ei løyving til spesielle satsingar. I tillegg kjem tildeling til sentrale tenester som bibliotek, IT og Sentraladministrasjonen.

Hjelpemiddel for Universitetsstyret

- Det grunnleggjande me har gjort, er å laga eit hjelpemiddel for Universitetsstyret. Så er det opp til styret å fylla det med innhald. Til sjuande og sist vil det vera dei politiske vala styret gjer, som vil avgjera fordelinga mellom fakulteta og dei andre einingane. Men denne finansieringsmodellen vil synleggjera desse vala mykje betre enn i dag, understrekar Rødseth.

Dersom forslaget får fleirtal i styret, vil berre to tredelar av dei resultatbaserte løyvingane blir førte nedover frå UiO sentralt. Den siste tredelen skal ta omsyn til at ein tredel av kostnadene til universitetet blir dekte sentralt. I høve til i dag går utteljinga for studiepoeng ned frå 75 til 67 prosent av satsane til Kunnskapsdepartementet. Utteljinga for doktorgradar blir den same som i dag. Samla sett vil forskingsresultata telja meir enn i dag.

- Dei ulike einingane styrer gjennom å fastsetja basisløyvingane, og då må UiO-styret ta høgd for kor mange studentar kvart fakultet skal ha og kva slags laboratorieforsking UiO skal ha. Det vil også måtta ta stilling til kor store satsingar universitetsmusea skal ha. Dermed blir det ein samanheng mellom dette og prioritering av fag. På den måten har me laga dei handtaka i budsjettet som styret må dra i for å endra den grunnleggjande dimensjoneringa av einingane. Men Universitetsstyret bestemmer altså korleis desse handtaka skal brukast, understrekar Rødseth.

Meir forståeleg

Han er overtydd om at den nye modellen blir lettare å forstå enn den gamle finansieringsmodellen til UiO.

- Halvparten av dagens løyvingar ligg i ein svart sekk som ingen har forstått innhaldet av. Vår modell vil forklara kvifor den er blitt sånn, og det vil bli lettare å gjera prioriteringar, trur Rødseth. Modellen vil også ta opp igjen framlegget om å innføra reell internhusleige på UiO.

- Me trur at det vil føra til ei betre prioritering av arealbruken. Alle einingane vil få overført pengar som skal brukast til å finansiera internhusleiga, men me vil ha ein annan måte å fordela husleiga på enn det som blei foreslått i det framlegget styret sende tilbake til Teknisk avdeling for eit par år sidan, trur Rødseth.

Basisløyvinga må utgjera 80 prosent

Forskarforbundets leiar Bjørn Øgaard og studentrepresentant Benjamin Johnsrud utgjer mindretalet i utvalet. Dei vil blant anna at utteljing for studiepoengproduksjon blir redusert frå framlegget på 67 prosent til maksimum 20 prosent. Dei foreslår at dei pengane som blir sparte inn på dette, blir overførte til basisløyvingar og satsingar på den forskingsbaserte utdanninga.

Dei ynskjer også at utteljing for publikasjonspoeng bør koplast fri frå resultatkomponenten og leggjast til basistildelinga for forsking og forskarutdanning. Dermed vil basisløyvinga utgjera 80 prosent av dei samla løyvingane til universitetet. Når det gjeld arealbetaling, så meiner mindretalet at ordninga i hovudsak må vera som i dag. Modellen blir presentert for styret 2. mai.

Forskarforbundet skipar til eit eige debattmøte om forslaget til ny finansieringsplan i Aud. 2 i Eilert Sundts hus 23. april kl. 8.30. Både rektor Geir Ellingsrud, utvalsleiar Asbjørn Rødseth og mindretalsrepresentant Benjamin Johnsrud vil delta.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2007 10:04 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere