UD vil etablera kunnskapssenter om Latin-Amerika

Utanriksdepartementet arbeider for å etablera eit kunnskapssenter om Latin-Amerika. - Målet er å styrkja og samla kompetansen om Latin-Amerika i Noreg, fortel underdirektør Hege Araldsen i Latin-Amerikaseksjonen i UD til Uniforum. Universiteta i Oslo og Bergen skal delta i planlegginga.

LATIN-AMERIKA: Utanriksdepartementet har tatt inititativet til å byggja opp eit kunnskapssenter om Latin-Amerika i Noreg. Biletet viser børsen i Mexico by.
Foto: Martin Toft

Det var ei arbeidsgruppe som blei sett ned av utviklingsminister Erik Solheim, som først kom med framlegget om å etablera eit eige Latin-Amerikainstitutt i Noreg.

Hovudmålet var å få etablert eit senter for kunnskap om Latin-Amerika, som kunne vera uavhengig av personar. Saman med Kunnskapsdepartementet har Utanriksdepartementet sendt ut tilbod til fleire konsulentar om å leia arbeidet med ei nærare utgreiing av dette forslaget.

- Fristen for å koma med tilbod, er utvida til slutten av denne månaden, men når me har bestemt oss for kven som skal få oppdraget, blir det sett ned ei eiga arbeidsgruppe som skal jobba saman med denne konsulenten, som skal både organisera og leia utgreiingsarbeidet og føra ein rapport i pennen.

- I arbeidsgruppa skal det sitja representantar frå dei fremste fagmiljøa på Latin-Amerika i Noreg, altså Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Det skal også vera med ein representant for StatoilHydro, som er det norske selskapet som har størst investeringar i Latin-Amerika, fortel Araldsen.

Ulike modellar

Arbeidsgruppa skal gå gjennom fleire ulike modellar for korleis eit kunnskapssenter om Latin-Amerika skal organiserast. Modellane kan både ha næringspolitiske, utanriks- og utviklingspolitiske og utdannings- og forskingsrelevante interesser. Utanriksdepartementet har sett av ein halv million kroner til dette arbeidet.

- I starten var planen å byggja opp eit Latin-Amerikainstitutt, med Afrika-instituttet i Sverige og Asia-instituttet i Danmark som modell. No har me landa på at me heller vil ha eit kunnskapssenter om Latin-Amerika, opplyser Araldsen til Uniforum. Ho kan enno ikkje seia når arbeidsgruppa vil vera ferdig med utgreiingsarbeidet sitt.

- Det som er sikkert, er at me vil senda det ferdige forslaget ut på ein grundig høyringsprosess til alle aktuelle utdanningsinstitusjonar og instansar før me tar ei endeleg avgjerd, lovar ho.

- Strålande

- Dette er heilt strålande, seier professor Kristi Anne Stølen ved Senter for utvikling og miljø.

- Etter at eg har drive med Latin-Amerikaforsking i 35 år, er det bra at det endeleg kjem på dagsordenen. Så me som driv med Latin-Amerikaforsking, synest at dette er flott og det er eit initiativ som me støttar og som me håpar blir realisert, seier ho.

Emneord: Internasjonalisering, Forskning, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2007 11:41 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere