Styret løyver truleg 16,1 mill. kr. til POLS

Det nye lønns- og personalsystemet POLS ved UiO bør få ei ekstraløyving på 16,1 millionar kroner. Det foreslår universitetsdirektør Hanne Harlem som ber Universitetsstyret om å slutta seg til framlegget på møtet onsdag 2. mai. Bakgrunnen for dette er problema med innføringa av det nye systemet, og den uvissa dette skaper når det gjeld utbetaling av lønn og refusjonar og avstemming mot rekneskapssystemet.

16,1 MILL. TIL POLS: Rektor Geir Ellingsrud og resten av Universitetsstyret løyver truleg 16, 1 mill. kr. ekstra til POLS.
Foto: Ståle Skogstad

Pengane skal takast frå reserven til styret, og dei skal brukast til å styrkja talet på tilsette som arbeider med prosjektet og til oppfylging av innføringa av POLS.

Innføringa av det nye lønns- og personalsystemet har fått sterk kritikk frå representantar for Tenestemannslaget ved UiO i Uniforum, medan direktør Marianne Andreassen i Senter for statleg økonomistyring (SSØ) i same avis har gått ut og forsvart planen for innføring og gjennomføring av systemet ved UiO.

Handsaminga av saka skal skje bak stengde dører. Det same skal ei anna kjenslevar sak, nemleg Riksrevisjonens munnlege forklaring av revisjonen av Universitetet i Oslos rekneskap for 2006.

Avviser klage frå Jon Sudbø

Ei anna sak som truleg vekkjer stor interesse, er forslaget om å stå fast på det tidlegare vedtaket om å kalla tilbake doktorgraden til Jon Sudbø, overlegen ved Radiumhospitalet og førsteamanuensis II ved UiO, som for rundt halvtanna år sidan tilstod at han hadde fuska med forskingsresultat.

Han har klaga inn vedtaket om å ta ifrå han doktorgraden, men i framlegget til vedtak frå universitetsdirektør Hanne Harlem blir klagen avvist, fordi ein ser det som påvist at Jon Sudbø har manipulert med datagrunnlaget i dei tre første artiklane i doktoravhandlinga si. Ein ser det difor som dokumentert at det ligg føre fusk av vesentleg omfang i avhandlinga.

Universitetsdirektøren bed difor styret om å avvisa klagen, fordi doktorgraden er tildelt på feil grunnlag og vedtaket om tildeling er ugyldig. Samtidig heiter det i framlegget til vedtak at Universitetsstyret tar doktorgraden frå Jon Sudbø og ber universitetsdirektøren syta for at doktordiplomet blir innlevert.

Ingen auke i kopiprisen

Universitetsstyret skal også ta stilling til realfagsatsinga på UiO og oppfylginga av UiOs interne evaluering av Kvalitetsreforma. Til glede for studentane, gjer ikkje universitetsdirektøren framlegg om å heva prisane på kopiar, betaling av utskrifter, prisar på kompendium og kopisamlingar og prisen på kopieringsautomatar for studieåret 2007/2008. Prisane blir dei same som for studieåret 2006/2007, dersom styret vedtar innstillinga.

Bak stengde dører skal Universitetsstyret diskutera kunngjeringstekst og kravspesifikasjon for universitetsdirektørstillinga.

Møtet vil gå føre seg i styrerommet i 3. etasje i Fysikkbygningen på Blindern.

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2007 16:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere