Skal gjera universitetshistoria levande

Filmopptak frå bygginga av universitetsbygningane på Blindern og kreeringa av Winston Churchill til æresdoktor. Det er berre to av skattane frå UiOs historie som kan bli tilgjengelege for alle når Museum for universitets- og vitskapshistorie opnar den nye nettstaden sin i september.

LEIANDE: - Den nye nettstaden skal med åra bli leiande på universitets- og vitskapshistorie i Noreg, lovar dagleg leiar Bjørn Vidar Johansen og prosjektleiar Anette C. Lund ved MUV.
Foto: Ola Sæther

I 2011 feirar Universitetet i Oslo 200 år. I september i år og i god tid før jubileet vil Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) ha klar ein nettstad som kan gi alle interesserte eit innblikk i historia til Noregs eldste universitetet.

- Hovudkategoriane vil bli UiOs historie frå 1811 og fram til i dag, faghistorie, historia om menneska på universitetet og historia om universitetsbygningane. Den sistnemnde kategorien vil innehalda artiklar om samanhengen mellom arkitekturen og aktivitetane ved UiO gjennom 200 år. Det fortel ein entusiastisk Bjørn Vidar Johansen, som er dagleg leiar for museet. Han har fått kjøpt fri Anette C. Lund frå Universitetsdirektørens kontor til å leia prosjektet med å utvikla den nye nettstaden. Begge fortel om korleis UiOs historie no kan bli tilgjengeleg for folk utanfrå.

Søkbar fotobase

- Universitetshistorisk fotobase kjem til å bli søkbar for publikum. Det arbeidet er Eining for digital kommunikasjon alt i gang med. På den måten kan me endeleg gi skikkeleg respons på den store interessa det har vore for den databasen sidan den blei etablert for nokre år sidan, fortel Johansen og Lund. Dei har store ambisjonar for den nye nettstaden.

- Den skal med åra bli leiande på universitets- og vitskapshistorie i Noreg. Heller ingen andre europeiske universitet me kjenner til, vil ha ein så omfattande nettstad om universitetshistorie, som den som UiO no vil få, konstaterer dei. Både Johansen og Lund er opptekne av at nettstaden ikkje skal bli statisk.

Filmskattar

- Nei, me skal ha utstillingar om universitetsbygningane, og me skal leggja ut gamle film- og lydopptak frå UiOs historie. Me er spesielt krye over at me har filmopptak frå bygginga av universitetsbygningane på Blindern og kreeringa av Winston Churchill til æresdoktor ved UiO i 1948. Dette er verdifulle historiske dokument som me skal gjera tilgjengelege for alle på nettet, fortel dei. Det er ein av UiOs eldste bygningar som får æra av å vera tema for den aller første utstillinga.

- Urbygningen i sentrum er sjølvskriven som første bygningen ut i ei slik nettutstilling. Den er ein av dei flottaste bygningane i landet, og samtidig har det skjedd historiske ting der, som har vore viktige både for landet og for universitetet. Ein annan viktig grunn, er at det nyleg er gjort ei vellykka restaurering av bygningen. Og sist, men ikkje minst, er det ein bygning som mange kjenner til, fordi den ligg sentralt plassert i Oslo, understrekar Johansen, som også gjerne vil trekkja fram forholdet mellom byen og universitetet.

- Me vil gjerne reflektera UiOs nærleik til byen ved å visa til gater som er kalla opp etter folk frå UiO. På den måten kan me oppfylla målet vårt om å gjera universitetet meir tilgjengeleg for folk utanfrå og samtidig få dei så interesserte i universitetsbygningane at dei ynskjer å besøkja dei, seier han.

Etterlyser skribentar

No etterlyser Johansen og Lund universitetspensjonistar, studentar og andre som kan tenkja seg å vera skribentar for den nye nettstaden.

- Det er viktig at me får med folk frå alle fakultet og fag. Alle bør på lengre sikt kunna finna stoff om historia til sitt institutt eller si avdeling. Og alle artiklar som blir lagde ut, skal først kvalitetssikrast av nettredaksjonen som også skal koordinera nettverket av skribentar, fortel Lund.

Nettstaden har dei utvikla i samabeid med designbyrået Gazette og USIT.

- Det grunnleggjande for oss har også vore assistansen frå gode hjelparar som webredaktør John Baarli og webrådgjevar Lise Rogne i Informasjonsavdelinga og Oddmund Møgedal og Kristian Syversen frå USIT. Me er også glade for samarbeidet med Forum for universitetshistorie, som skal bruka den nye nettstaden som formidlingskanal i samband med oppkjøringa til feiringa av 200-årsjubileet i 2011, fortel Johansen og Lund. Og dei som har historisk stoff på lager eller har lyst til å bli skribentar for den nye nettstaden, kan ta kontakt på fylgjande e-postadresse: redaksjon@muv.uio.no Den nye nettstaden får denne adressa: www.muv.uio.no.

Emneord: Museene Av Martin Toft
Publisert 17. apr. 2007 16:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere