Leitar etter traume hos barnevernsbarn

Om nokre år kan det bli lettare å påvisa omsorgssvikt, og det vil vera mogleg å kartleggja kva traume barn som blir omplasserte får. Det kan skje takka vera resultata av forskinga ved den nyetablerte Eininga for kognitiv utviklingspsykologi ved Psykologisk institutt, UiO.

BARNEVERNSBARN: - No er me i gang med forskingsprosjekt på barn som veks opp i regi av barnevernet, seier førsteamanuensis Annika Melinder, som leier Eininga for kognitiv utviklingspsykologi.
Foto: Ståle Skogstad

Det er ny digital teknologi som no gjer det mogleg å utføra undersøkingar og målingar som forskarane på Psykologisk institutt ikkje har kunna gjera tidlegare. I dei heilt nye laboratoria til Eining for kognitiv utviklingspsykologi kan dei gjera testar av augerørsler og av hjernefunksjonar. Det forklarar førsteamanuensis Annika Melinder, som leier den nye eininga.

- I Kikut-rommet kan me måla augerørsler hos barn frå dei er tre til ni månader. Då viser me dei forskjellige bilete eller filmar på ein skjerm og så skannar me augerørslene. Om me viser eit bilete av ei skei med mat som er på veg mot munnen, vil eit normalt barn festa blikket på munnen før skeia har nådd munnen. Det viser at små barn kan føresjå ei sosial hending. Me trur at eit barn som opplever omsorgssvikt, vil vera forseinka med å gjera slike handlingar i høve til typiske barn, seier Melinder.

Barn som har opplevd omsorgssvikt og sterke negative hendingar, er ei viktig målgruppe for Melinders laboratorie- og forskingsverksemd. Ho og dei andre forskarane ser også på andre utviklingstrekk hos barn.

Barn og bilete

- Me kan til dømes undersøkja korleis barn fokuserer på trugande detaljar i eit bilete, og om det er skilnad på kor mykje barn ser på slike detaljar i høve til nøytrale objekt. Forskar Gustaf Gredebäck, med bakgrunn frå Uppsala universitet, er ekspert på eyetracking og kjører fleire eksperiment i laboratoriet.

I det nye laboratoriet har dei høve til å fotografera ei mor og barnet hennar samtidig.

- Då kan me finna ut korleis barn reagerer på å bli avviste, oversette, eller korleis barn reagerer på ein samspelpartnar som er blid og er med i eit normalt hyggeleg samspel. Eit teikn på uttrykkslause og avvisande ansikt, er at barnet byrjar å hosta og føler seg utilpass, seier Melinder, og tar oss inn på "Hatterommet", det andre flunkande nye laboratoriet.

Først ute med å integrera to system

På eit bord ligg ei hette med mange elektrodar.
- Når denne hetta blir plassert på hovudet til eit lite barn, så kan me gjera ei hendingsrelatert undersøking, eller ei såkalla ERP-undersøking (Event Related Potential) av eit barn som får høyra ulike lydar eller sjå på forskjellige bilete. I dag har hetta 32 elektrodar, men snart håpar med å få eit nytt system med 128 kanalar. Då vil me prøva å integrera augerørsleapparatet med ERP. Dersom me klarer det, vil dette vera det første laboratoriet i verda som får det til med barn, konstaterer Melinder.

Forskinga ved eininga tar sikte på å koordinera kognitiv psykologi og utviklingspsykologi. Tidlegare har forskarane på dette feltet vore spreidde på fleire fagmiljø.

Forskar på omplassering av barn

- Me vil gjerne fokusera på tidleg kognitiv utvikling. Akkurat no er me i gang med eit forskingsprosjekt på barn som veks opp i regi av barnevernet. Ein av stipendiatane våre, Gunn Astrid Baugerud held på med eit heilt unikt plasseringsstudium. Ho ser på korleis barn som opplever ei akutt omplassering utviklar seg i høve til barn som opplever ei planlagd omplassering.

- Meininga er at ho både skal observera barna når dei blir omplasserte, og gjera nye undersøkingar ei veke og 3 månader seinare, før forskaren fylgjar dei opp etter fem og 15 år. Til dette forskingsprosjekt har me fått dispensasjon frå regelen om informert samtykke. Difor må stipendiaten vår vera klar til å rykkja ut når ho får melding om at noko er på gang, fortel ho. Melinder synest at dette har vore eit forsømt område av forskinga.

- Det er blitt forska på kva traume krig, tsunami og overgrep fører til hjå barn. Men kva traume staten sjølv påfører barnet når det blir omplassert, er aldri blitt skikkeleg undersøkt. Difor er me takksame for at Barne- og likestillingsdepartementet har finansiert to tredelar av denne forskinga for oss, understrekar Melinder.

Eit anna prosjekt handlar om samanhengen mellom genetikk og reaksjonar som aggresjon og utagerande åtferd. Stipendiat Linn Fikke jobbar med det feltet. I samarbeid med Rettsmedisinsk institutt og Ullevål universitetssjukehus kjem dei til å søkja Forskingsrådet om pengar til eit nytt prosjekt som skal sjå på barnemishandling.

- Fleire prosjekt er også orientert mot praktisk vitnepsykologi. Resultatet av denne forskinga blir det viktig å formidla vidare til politiet, slik at dei får supplert metodane sine med nye innfallsvinklar og får eit betre innblikk i korleis dei skal avhøyra barn, forklarar Annika Melinder.

Emneord: Forskning, Psykologi Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2007 15:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere