Først ute med elektronisk val

Det første elektroniske valet som omfattar heile UiO, blir ein realitet når dei 1600 mellombels vitskaplege tilsette skal stemma inn sin kandidat i Universitetsstyret frå 21. til 24. mai. Tidlegare har berre dekanvalet ved Det teologiske fakultetet i fjor haust vore elektronisk.

ETTERLYSER KANDIDATAR: - Me vil oppfordra dei mellombels vitskaplege tilsette til å levera inn fleire framlegg på kandidatar til dette valet, seier Harald Baldersheim som leier Det sentrale valstyret.
Foto: Ola Sæther

- Veljarane kan sitja framfor PCen sin og stemma, og resultatet skal bli klart straks valet er over, lovar Harald Baldersheim, som leier Det sentrale valstyret ved UiO. På den første valdagen blir det oppretta ein eigen valportal på nettet, som fortel korleis veljarane skal gå fram, og korleis røystinga skal gå føre seg.

- Alle som er tilsette i 50 prosent eller meir i ein mellombels vitskapleg stilling ved UiO, har røysterett ved dette valet, fortel Baldersheim.

Dei mellombels vitskaplege tilsette omfattar både doktorstipendiatar og postdoktorstipendiatar, men også blant andre universitetslektorar og førsteamanuensar i mellombelse stillingar. Fristen for å fremja kandidatar går ut 26. april, og førebels er det berre kome inn forslag på éin kandidat.

- Me vil oppfordra dei mellombels vitskaplege tilsette til å levera inn fleire framlegg på kandidatar. Alle som har stemmerett, har forslagsrett. Den som kan veljast inn i Universitetsstyret, må ha minst ei halv stilling valdagen og vera tilsett for meir enn eitt år, seier Baldersheim.

Betre valdeltaking

- Kvifor bestemte Universitetsstyret seg for å avvikla dette valet elektronisk?

- Dette skal først og fremst gjera det lettare å delta, og difor håpar me at det også skal få opp valdeltakinga. For å seia det med det amerikanske software-selskapet som utvikla det første dataverktøyet for elektroniske val: "Vote in your underwear!" Mange meiner at det høgtidelege ved eit val dermed blir borte, men me trur at det vil føra til større valdeltaking.

- Men dei som av ein eller annan grunn ikkje kan stemma elektronisk, kan dei få stemma på den gamle måten?

- Dei kan stemma manuelt, men dei må gjera det via Det sentrale valstyret. Det kan til dømes gjelda for forskjellige grupper funksjonshemma, i tilfelle det elektroniske valverktøyet ikkje har tatt omsyn til dei, seier Baldersheim.

Det er USIT som har utvikla dataverktøyet som skal brukast under det elektroniske valet, som altså skal gå føre seg mellom 21. og 24. mai.

- Valportalen vår stengjer presis klokka 16.00 24. mai, og valresultatet skal vera klart like etterpå, lovar Baldersheim. No ber han om at dei mellombels tilsette i vitskaplege stillingar kjem med framlegg til kandidatar før fristen går ut 26. april.

- Valperioden varer i eitt år frå 1. august 2007 til 31.07. 2008. Den som blir vald, får høve til å fremja synspunkta til veljargruppa si, slår Baldersheim fast. Dei som vil ha meir informasjon om valet, kan gå inn på fylgjande nettside: http://www.admin.uio.no/ia/styrevalg/

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2007 15:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere