Uniforum rettar: Stillingsutlysingar enno ikkje avgjorde på ILOS

- Først rett etter påske blir det lagt fram eit forslag til i kva rekkjefylgje ledige stillingar ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) skal lysast ut. Det presiserer fungerande instituttleiar Karen Gammelgaard overfor Uniforum. Det er altså ikkje avgjort, slik Uniforum kom i skade for å skriva på førstesida i avisa i dag. Uniforum seier seg lei for feilen.

Det er dermed ikkje korrekt at det alt er avgjort at ledige stillingar på spansk, engelsk, russisk, tysk og italiensk ikkje blir lyste ut, slik Uniforum kom i skade for å skriva i ingressen både i papiravisa og i nettavisa i dag.

Den 11. april legg ei arbeidsgruppe altså fram tilrådingar til tiltak framover for å få budsjettet på instituttet i balanse. Rapporten som blir tilgjengeleg for alle på nettet, blir fylgd opp av eit allmøte for alle dei tilsette fredag 13. april.

Emneord: HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2007 12:48 - Sist endra 10. des. 2008 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere