Mannlege forskarar vinn lønnskampen på UiO

Menn i vitskaplege stillingar er vinnarane i dei lokale lønnsforhandlingane ved UiO. Dei får fleire startpakker, og dei har oftare forskingsterminar i utlandet enn kvinner i vitskaplege stillingar. Det viser tal som viserektor Inga Bostad og likestillingsrådgjevar Anna Vibeke Lorentzen har lagt fram.

TORER IKKJE: - Kvinner torer ikkje søkja på faste stillingar i like stor grad som menn, trur likestillingsrådgjevar Anna Vibeke Lorentzen.
Foto: Martin Toft

Universitetet i Oslo er det første universitetet i Noreg som har likestillingsvurdert dei ulike budsjetta på institusjonen. Med inspirasjon frå Canada tok viserektor Inga Bostad saman med likestillingsrådgjevar Anna Vibeke Lorentzen initiativ til at det blei gjort ei forundersøking på korleis tre ulike budsjett blei fordelte mellom kvinner og menn i vitskaplege stillingar. Dei fekk med seg spesialrådgjevar Per Heitmann i Økonomi- og planavdelinga og seksjonssjef Ingrid Uldal ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Både når det gjeld lønn, fordeling av startpakker og utanlandsopphald oppdaga dei til dels store skilnader mellom kvinner og menn i vitskaplege stillingar.

- Me såg først på data frå dei lokale lønnsforhandlingane i 2002, 2004 og 2006 i eit likestillingsperspektiv. Ein første gjennomgang tyder på at menn får det dei største lønnstillegga. I gjennomsnitt for kvar person over alle dei tre åra har kvinner i vitskaplege stillingar fått 90 prosent av lønnsauken i høve til det menn i same stillingar har fått i 2.3.3-forhandlingane og rundt 80 prosent ved dei individuelle 2.3.4.-forhandlingane, opplyser Inga Bostad og Anna Vibeke Lorentzen til Uniforum.

- Torer ikkje søkja faste stillingar

- Kva er grunnen til dette?

- Me har ein viss indikasjon på at dette har å gjera med at kvinner er meir smålåtne med å be om lønnsauke enn det menn er. På medisin har dei gjort ei undersøking som viser at kvinner både er dyktige og gjerne vil jobba med forsking. Men dei torer ikkje søkja på faste stillingar i like stor grad som menn.

- Dessutan reknar me med at mange kvinner ikkje tid eller tolmod til å venta på ei fast stilling på universitetet etter avslutta doktorgrad. Difor takkar dei ja til det første og beste tilbodet dei frå det private næringslivet. Trass i dette skal det likevel ikkje vera skilnad på lønn mellom kvinner og menn på universitetet. Likt arbeid av lik verdi skal ha same lønn, understrekar Lorentzen.

Inga Bostad legg til at det neste steget blir å sjå meir detaljert på prosessane fram til lønnsfordelingane og forska meir på kva strukturar og rutinar som ligg bak.

- Det gjeld all likestillingsvurdering: Først ser me på om det er viktige skilnader mellom kjønn på eit område av budsjettet og deretter ser me på kva prosessar som kan ha ført til den skeive fordelinga, understrekar Bostad.

Flest startpakker til menn

Arbeidsgruppa for likestillingsvurdering av planar og budsjett ved UiO har også gått gjennom startpakkeordninga frå 2003 til 2007. Der er det endå større skilnad mellom kvinner og menn i vitskaplege stillingar.

- Våre undersøkingar viser at under ein tredel av søknadane kjem frå kvinner. Av 123 godkjende startpakker har berre 35 gått til kvinner og kvinner får også færre pengar enn menn. I den same perioden var 28 prosent av dei nytilsette professorane og 35 prosent av dei nytilsette førsteamanuensane kvinner. Dermed har kvinner fått færre startpakker i høve til talet på nytilsette kvinner i stillingar som førsteamanuensis.

- Me kjem også til å gå nærare inn på desse tala fordi det ser ut til at søkjar og mottakar av ei startpakke ofte ikkje er den same personen, fortel Lorentzen.

- Kva kan gjerast for å endra på denne situasjonen?

- Først må me kartleggja situasjonen endå betre og visa at det er ein klar skilnad og kunna dokumentera det. Det er det aller viktigaste no. No ser me på startpakker, lønnsforhandlingar og utanlandsopphald, og etter kvart skal me sjå på utanlandsreiser. Den endelege rapporten skal me ha klar i midten av juni i år. Då kan rapporten kanskje bli ei orienteringssak i Universitetsstyret, seier ho.

Lorentzen trur det kan vera fleire måtar å endra desse forholda på.
- Når det gjeld å rekruttera forskarar internasjonalt, spesielt til realfaga, så trur eg det er viktig å sjå på det i eit likestillingsperspektiv også. Ved NTNU i Trondheim til dømes, har dei også startpakker, men berre for kvinner som kjem frå fagmiljø som har stort underskot på kvinner, slår ho fast.

Kjønnsfordeling av reiser

Og no ynskjer arbeidsgruppa altså å gå laus på kjønnsfordelinga av reiser til internasjonale konferansar.

- Det er svært viktig for forskarane for å knyta kontaktar og få eit internasjonalt nettverk. Difor ynskjer me no å gå gjennom alle reiserekningane for dei siste åra ved enkelte fakultet og institutt og sjå om me finn store skilnader mellom kvinner og menn i vitskaplege stillingar, seier Lorentzen. Førebels veit ho ikkje kor stort omfanget av den ferdige rapporten blir.

- Me har ikkje bestemt oss for korleis me skal gå vidare med dette. Eit forslag er at UiO kan oppretta eit mastergradsprosjekt på til dømes Økonomisk insttutt der dei kan sjå nærare på planar og budsjett ved UiO frå eit likestillingsperspektiv, legg ho til, før ho inviterer alle UiO-tilsette til markering av 8. mars på Blindern.

- Kvinnedagen byrjar med frukost i Klubben, Georg Sverdrups hus klokka 08.30 og held fram med seminar om kvinner og pengar i Rådssalen i Adminstrasjonsbygningen. Seinare blir det seminar om likestilling og likestillingsintegrering i Auditorium 2 i Georg Sverdrups hus før dagen blir avslutta med tapas i Klubben, fortel Anna Vibeke Lorentzen.

Les meir her:

Emneord: Likestilling, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. mars 2007 17:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere