Kunstgjødsel sponsar veksthus

- Yara var ute etter å sponsa eit tiltak som kunne knytast til selskapet, så då førespurnaden kom om å sponsa eit nytt veksthus på Tøyen, såg me at det var midt i blinken for oss. Det sa konserndirektør Thorleif Enger i Yara, då han og rektor Geir Ellingsrud i formiddag underskreiv avtalen som gir 10 millionar sponsorkroner til nytt veksthus i Botanisk hage.

SPONSORGLEDE: Yara-direktør Thorleif Enger fortel kvifor selskapet gir 10 mill. kr. til nytt veksthus, medan Elen Roaldset og Geir Ellingsrud er glade for det dei høyrer.
Foto: Ola Sæther

Underskrivingsseremonien blei halden under palmane i Palmehuset. Direktør for Naturhistorisk museum, Elen Roaldset uttrykte håp om at den historiske avtalen kunne føra til eit endå nærare samarbeid med Yara.

- Selskapet har jo tatt på alvor oppfordringa frå FNs tidlegare generalsekretær Kofi Annan om å arbeida for å skapa ein grøn revolusjon i Afrika. Her dyrkar me både afrikanske plantar og me har forskarar som har spesialisert seg på afrikanske insekt. Difor håpar eg at begge partar også i framtida kan få både glede og nytte av kvarandre, sa Roaldset. UiO-rektor Geir Ellingsrud uttrykte håp om at eit nytt veksthus kunne bli ein god reiskap for å skapa blest om realfaga.

- Det kan skapa betre rekruttering til realfaga samtidig som det kan gi norsk forsking eit løft. Når det nye veksthuset er realisert, kan det bli ein spennande kombinasjon av forsking og folkeopplysning, trudde han. Konserndirektør Thorleif Enger fylgde opp med å halda ein forsvarstale for bruk av kunstgjødsel.

- Mineralgjødsel gir igjen seks gonger sin eigen energi i form av tre og plantar. Om mineralgjødsel ikkje hadde eksistert, ville det ha blitt brukt mykje meir areal til matproduksjon. Difor må det brukast meir og meir, men sjølvsagt på ein fornuftig måte for å møta dei utfordringane som verda står overfor i dag. I Yara er me svært glade for å sponsa eit nytt veksthus. No vil eg oppfordra dykk til å stå på, slik at bygningen kan bli realisert, sa Enger.

Naturhistorisk museum treng til saman 100 millionar kroner i sponsorkroner før UiO vil bidra med 30 millionar frå fonda til universitetet. Dei siste 70 millionar kronene håpar dei å få staten til å spytta inn i prosjektet, som altså vil få ein samla kostnad på 200 millionar kroner. Så no ventar eldsjelene for eit nytt veksthus i Botanisk hage spente på at nye selskap stiller opp og blar opp dei 90 millionar kronene som manglar før sponsormålet er nådd.
Pengane skal finansiera bygginga av prosjektet "Oase 60º Nord", som var vinnarbidraget til arkitekt Stein Halvorsen i den internasjonale arkitektkonkurransen i 1998.

Emneord: Museene, Veksthus på Tøyen Av Martin Toft
Publisert 27. mars 2007 13:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere