Indisk matematikar får Abelprisen for 2007

Den indiske matematikaren Srinivasa S. R. Varadhan (67) er tildelt Abelprisen i matematikk for 2007. Det kunngjorde preses i Det Norske Videnskaps-Akademi, jussprofessor Jan Fridthjof Bernt klokka 12.00 i dag. Prisen er på seks millionar kroner.

ABELPRISVINNAR 2007: Den indiske matematikaren Srinivasa S. R. Varadhan er tildelt Abelprisen for 2007. (Foto: Abelprisen/Det Norske Vitskapsakademiet)

Varadhan får prisen for bidraget sitt til teorien om det sannsynlege og særleg for sitt arbeid med å utvikle ein einskapleg teori for store avvik. Han arbeider ved Courant Institute of Mathematical Sciences ved University of New York. Det er same staden som den tidlegare Abelprisvinnaren Peter D. Lax, og det er dermed første gong eit matematisk institutt har to Abelprisvinnarar.

I ei pressemelding drar kunnskapsminister Øystein Djupedal fram arbeida til prisvinnaren.

- Arbeida til årets vinnar viser at forsking på svært kompliserte teoretiske problemstillingar i neste omgang kan bidra til å løysa problem me møter i dagleglivet, seier Djupedal. Varadhan er fødd og utdanna i India. Han har doktorgraden sin frå det indiske instituttet for statistikk i Calcutta.

Det er ein internasjonal komité sett saman av fem framifrå forskarar innanfor det matematiske fagfeltet som har vurdert dei nominerte kandidatane til prisen og gitt innstillinga si til styret i Det Norske Vitskapsakademiet.

Abelprisvinnar Srinivasa S. R. Varadhan vil få overrekt prisen av Hans Majestet kong Harald under ein seremoni i Universitetets Aula i Oslo, tysdag 22. mai 2007, kl. 1400.

Emneord: Niels Henrik Abel, Abelprisen Av Martin Toft og Lars Hoff
Publisert 22. mars 2007 11:29 - Sist endra 26. mars 2009 15:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere