- Ikkje lik løn for likt arbeid

Dei har vore tilsette i Teknisk avdeling frå 16 til 20 år, men føler seg oversette. - Lojalitet lønner seg ikkje. Nytilsette som gjer den same jobben får betre lønn enn oss. Det er eit klart brot på prinsippet om lik lønn for likt arbeid, seier driftsbetjentane Julio A. Iglesias, Ole Andreas Kristiansen, Domingo Astroza, Andrzej Laskowski og Njarra Jagne.

FOR DÅRLEG: Driftsbetjentane Julio A. Iglesias, Njarra Jagne, Ole Andreas Kristiansen, Andrzej Laskowski og Domingo Astroza synest UiO lønner dei for dårleg.
Foto: Ola Sæther

Dei har alle ei lønn på mellom lønnssteg 29 og 34, frå 261 200 til 280 100 kroner i året. Tre av dei er med i Tenestemannslaget, ein er med i Parat og ein av dei er uorganisert.

- Me ser likevel at mange andre i Teknisk avdeling går raskt forbi oss i dei lokale lønnsforhandlingane. Nokon har til og med eit lønnssteg på nesten 50, altså 362 900 i året. Det tolkar me som ei nedvurdering av den jobben me gjer. I alle festtalar på universitetet blir det heile tida framheva kor fint og ryddig og kor flotte hageanlegga er på universitetsområdet. Det kan dei takka oss for. Men me overlever ikkje på fine ord. Me vil gjerne at UiO viser at det set pris på oss i dei lokale lønnsforhandlingane også, seier dei fem. Ole Andreas Kristiansen har arbeidd på universitetet sidan 1989.

- Før jobba eg mest i privat sektor. Då eg byrja som driftsteknikar på UiO, sa dei til meg at du ikkje har den beste lønna her, men du vil alltid ha ei stigande lønn. Den gongen jobba me ein god del overtid, men etter kvart blei arbeidet organisert slik at eg fekk lite overtid. I dag jobbar eg halv tid i Oslo kommune, og har i praksis ti lønnssteg høgare enn det eg har i den halve jobben eg har på UiO, sjølv om eg har vaktjobb begge stader, seier Kristiansen. Ingen av dei fem synest dei får gode nok tilbakemeldingar.

- Me vil gjerne at dei viser oss litt respekt for den jobben me gjer. Hovudproblemet i lønnspolitikken til Teknisk avdeling ligg i urettferdig og skeiv fordeling av dei midlane som avdelinga alt har til disposisjon. Og det er representantane våre i det lokale lønnsforhandlingsutvalet som har makt til å gjera noko med det, meiner Laskowski.

- Har sakka akterut

- Etter at meir pengar blei delte ut i dei lokale lønnsforhandlingane, synest me at me har sakka langt akterut i høve til andre tilsette i Teknisk avdeling. Mange nytilsette som gjer den same jobben som oss, får langt betre lønnsvilkår. For oss ser det difor ut som om prinsippet om lik lønn for likt arbeid ikkje gjeld lenger. Det einaste det tener til, er å splitta oss, meiner dei. Også driftsbetjent Hafiz Gul Mohammad og driftsleiar Adam Rogers støttar kollegaene sine.

Sidan dei har vore så lenge på universitetet, sit dei inne med masse lokalkunnskap om bygningane og universitetsområdet.

- Det må vera viktig for universitetet at dei har så mange medarbeidarar som har vore lojale arbeidstakarar gjennom så mange år. Me synest det bør telja med når dei vurderer kven som skal få høgare lønn, foreslår dei.

- Kan bli verdas beste arbeidsplass

Om UiO brukar dei verkemidla universitetet har, ser dei likevel lys i enden av tunnelen,.

- UiO kan bli verdas beste arbeidsplass, dersom universitetet brukar den kompetansen det har på arbeidslivsforsking, trur dei. I dag er dei langt frå nøgde med situasjonen.

- Det skaper både kaos og mistrivsel mellom oss, når nokon som har jobba kortare tid enn oss, likevel får høgare lønn for likt arbeid, meiner dei. Det er likevel berre på ein måte Teknisk avdeling kan hindra at misnøya spreier seg.

- Lønnene våre må bli heva. Så enkelt er det, slår dei fast.

- UiO prioriterer dei lågtlønna

Personaldirektør Elisabeth Halsen meiner UiO og fagforeiningane har arbeidd målretta for å få opp lønna til dei som arbeider i driftsstillingar på universitetet.

- Dei siste åra har me jobba mykje for å heva lønnene til desse gruppene. Og i det lokale lønnsoppgjeret sist haust var det semje mellom arbeidsgjevar og fagforeiningane om å heva lønna til driftsteknikarane. Dette er store grupper, og me var spesielt opptekne av å få opp dei som var aller lengst nede på lønnsstigen, altså frå lønnssteg 29 til 32. No er det få personar igjen på desse lønnstrinna. Heile Vakt- og alarmsentralen blei til dømes gitt lønnstrinn 40, og også den siste nytilsette fekk dette lønnstrinnet, seier ho.

- Kvifor får nytilsette høgare lønn enn dei som er her frå før?

- Driftsteknikarar ligg vanlegvis på lønnstrinn 33 og 34, men fagutdanna ligg generelt høgare. Det kan vera årsaka til at nytilsette får høgare lønn enn dei som er her frå før. Og det same kan skje i samband med nytilsetjingar i andre stillingar ved UiO, seier Halsen, som synest dei tilsette i driftsstillingar kom godt ut av det lokale lønnsoppgjeret.

- Driftsstillingar utgjer 1,64 prosent av lønnsmassen, og dei fekk 2,43 prosent av den pengesummen som var til utdeling, understrekar ho.

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2007 11:03 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere