Forskarar kan kniva om EU-milliardar

Forskingsprosjekt på UiO fekk tildelt nesten 200 millionar kroner frå EUs 6. rammeprogram, og kom dermed desidert best ut av alle dei norske universiteta. - No oppfordrar me forskarane våre til å bli endå flinkare til å søkja pengar frå EUs 7. rammeprogram, seier EU-rådgjevarane Ingrid Sogner, Lars Øen og Mette Topnes i Forskingsadministrativ avdeling ved UiO.

KVALITETSSTEMPEL: - Det er ei aukande oppfatning av at EU-prosjekta er eit kvalitetsstempel i seg sjølv og at UiO har mange prosjekt som fortener støtte, trur Ingrid Sogner, Lars Øen og Mette Topnes.
Foto: Ola Sæther

EUs 7. rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling er verdas største på sitt område med ei samla økonomisk ramme på over 400 milliardar euro for perioden 2007-2013. Den norske programkontingenten for deltakinga vil vera på rundt 8,9 milliardar kroner. Programmet inneber samarbeid mellom forskingsinstitusjonar og bedrifter frå ei rekkje land, også utanfor Europa.

- Denne gongen vil me at endå fleire forskarar melder seg på i konkurransen om desse pengane. EU gir pengar til individuelle forskingsprosjekt også, og akkurat som for EUs 6. rammeprogram omfattar det ikkje berre bruksretta forsking i medisin, naturvitskap og teknologi, men i høgste grad også prosjekt innanfor humaniora og samfunnsvitskap, fortel seniorrådgjevar Ingrid Sogner.

- UiO-forskarar bør leia prosjekt

Og sjølv om det norske bidraget er på 8,9 milliardar kroner over ein sjuårsperiode, kan det godt henda at dei norske forskingsprosjekta får meir enn denne summen i støtte.

- UiO har hatt mange koordinatorar for EU-prosjekt, men no ynskjer me at endå fleire forskarar frå vårt universitet tar på seg den leiande forskarrolla for dei prosjekta det blir søkt om støtte til, seier seniorkonsulent Mette Topnes.

- Og dei som har bestemt seg for å søkja om EU-støtte, kan få hjelp til å setja opp eit budsjett av fageininga, eller dei kan få hjelp til å setja opp eit budsjett av oss EU-rådgjevarar, legg seniorkonsulent Lars Øen til.

- Ja, eg vil faktisk seia det så sterkt at mange av prosjektsøknadene er underbudsjetterte i høve til kva sum dei ber EU om å støtta dei med. Difor bør dei koma til oss, slik at me kan få sett opp eit meir realistisk budsjett for dei. Då kan dei få meir pengar enn dei elles ville fått, understrekar Topnes. Forskingsadministrativ avdeling kan også gi dei økonomisk støtte til prosjektetableringsarbeidet.

Kvalitetsstempel

Dei tre har merka eit sterkare trykk frå universitetsleiinga for å få sett i gang arbeidet med å få fleire forskarar til å søkja om EU-støtte.

- Det er ei aukande oppfatning av at EU-prosjekta er eit kvalitetsstempel i seg sjølv og at UiO har mange prosjekt som fortener støtte, trur dei tre.

Nytt i det 7. rammeprogrammet er ei satsing på grensesprengjande grunnleggjande forsking i regi av eit eige europeisk forskingsråd.

- Dette forskingsrådet vil dela ut over 200 startstipend på mellom 100 000 og 400 000 euro (800 000 til 3,2 mill. kr.) til yngre og lovande forskarar. Det blir gitt til forskarar frå eitt til ni år etter at dei avslutta den første doktoravhandlinga si. Det nyttar altså ikkje å søkja om dette stipendet, dersom du nyleg har avslutta di doktoravhandling nummer to, minner Sogner om. Det vil koma årlege utlysingar av dette stipendet, og ei tilsvarande støtteordning blir òg utlyst for røynde forskarar til hausten.

Dekkjer lønnsutgiftene til forskarar

Finansieringsmodellen vil vera annleis enn tidlegare.
- EU har innført ein felles finansieringsmodell som alle universiteta må bruka. Modellen har ikkje vore lett å tilpassa korkje vårt system eller systema til andre europeiske universitet. Det positive med modellen er at EU også vil dekkja 75 prosent av lønnsutgiftene til fast tilsette forskarar, fortel Øen. Dei forskarane som treng å ta turen til Brussel for å forhandla direkte med EUs forskingsbyråkratar, har no eit tilbod som dei ikkje har hatt tidlegare.

- Dei kan få bruka Forskingsrådets Brusselkontor som møtelokale. Og når dei er på UiO kan dei nytta seg av nettsidene til United Kingdom Research Office (UKRO), som er sett saman av alle dei britiske forskingsråda. No er også UiO meldt inn, og alle forskarar kan dermed få skreddarsydd informasjon om EUs 7. rammeprogram via denne nettstaden. Denne informasjonen kan vera ein av grunnane til at dei britiske universiteta gjorde det best av alle i EUs 6. rammeprogram, fortel dei tre EU-rådgjevarane ved Forskingsadministrativ avdeling på UiO.

Og den 21. mars frå kl. 12.00 til 14.00 arrangerer dei informasjonsmøte i Klubben i Georg Sverdrups hus. Fristen for å søkja om pengar frå EUs 7. rammeprogram går ut i løpet av april.

Emneord: EU Av Martin Toft
Publisert 19. mars 2007 16:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere