6,9 mill. kr. i underskot på språkinstitutt

Studentane får færre emne å velja mellom når Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) skal kvitta seg med eit samla underskot på 6,9 millionar kroner for 2005 og 2006. Rett etter påske blir det lagt fram forslag om i kva rekkjefylgje ledige stillingar skal lysast ut. Ei arbeidsgruppe analyserer no årsakene til underskotet.

DYRARE: - Det er dyrare å undervisa i språk enn i fag som er basert på undervisning i store forelesingssalar, understrekar fungerande instituttleiar Karen Gammelgaard ved ILOS.
Foto: Ola Sæther

- Instituttstyret har vedtatt at budsjettet skal gå i null i 2007, og det trur eg me klarer, seier fungerande instituttleiar Karen Gammelgaard.

Det samla budsjettet for 2007 er på over 73 mill. kr. I fagporteføljen til ILOS finn ein allmenn litteraturvitskap og språkfag som engelsk, spansk, tysk, fransk, portugisisk, russisk og italiensk. Ein del av underskota frå dei fem gamle institutta blei også tatt med inn i det nye kjempeinstituttet med nærare 150 tilsette.

- Hovudgrunnen til at underskotet er så stort, er at me har undervist meir enn det me har hatt råd til. Difor har dei fast tilsette forskarane jobba svært hardt, slik at dei ikkje har kunna tatt ut den forskingstida dei har rett til. For at dei skulle få oppfylt denne retten, har me også leigt inn mange timelærarar. Det er ein av grunnane til at me har brukt meir pengar enn me har, seier Gammelgaard til Uniforum.

I samarbeid med fakultetsleiinga har instituttet sett saman ei arbeidsgruppe, leidd av prodekan for forsking og forskarutdanning, Mette Halskov Hansen. Den 11. april skal gruppa ha ferdig ein rapport som viser kva som har vore hovudårsakene til det store underskotet, og peika på tiltak framover for å få budsjettet i balanse. Rapporten blir fylgd opp av eit allmøte for alle dei tilsette fredag 13. april.

Færre tilbod

Gammelgaard ser at instituttet ikkje kan ha like mange tilbod som i dag.
- Det som er klart, er at me ikkje kan tilby undervisning i alle emne kvart einaste semester. I praksis vil det seia at det i enkelte emne berre kjem til å bli undervist kvart andre semester eller sjeldnare. Studentane får færre emne å velja mellom, men gevinsten blir at dei truleg får betre forskingsbasert undervisning, peikar ho på. Gammelgaard vil gjerne trekkja fram innsatsen alle som er involverte i undervisninga på instituttet gjer for å leggja om undervisninga.

- Det blir eit svært skippertak for heile instituttet. Eg trur det kan samanliknast med vanskane med å få snudd ein supertankar. Samtidig tar det tid å få informert alle som er om bord i tankaren, om kva som skal gjerast. Instituttleiinga vil i alle fall forsikra alle om at me skal forsøka å vera så rettferdige som mogleg, lovar ho.

Skal få ned underskotet

Ho har løpande kontakt med HF-dekan Trine Syvertsen.
- Me blei einige om at me må halda fram med arbeidet med å få ned underskotet, men spørsmålet om vidare hjelp frå fakultetet, er det opp til fakultetsstyret å bestemma. Det hadde vore til stor hjelp, men me er innstilte på å klara det på eiga hand, slår ho fast.

Ho vedgår at det er stor mangel på tilsette på mange av faga på instituttet.

- Faktisk så er den ledige stillinga i italiensk litteratur, som det har vore så mykje diskusjon om, berre dimensjonert til ei 20 prosent stilling. Det er behov for fleire heile stillingar på engelsk, britisk kultur, spansk og tysk litteratur og andre fag. Me burde ha tilsett folk i desse stillingane, men det kan me ikkje gjera så lenge den økonomiske situasjonen er så vanskeleg som den er no.

- Men dersom instituttet ikkje får økonomisk naudhjelp frå fakultetet, kva vil de gjera då?

- Då må me utsetja tilsetjingane i desse stillingane. Men eg vil gjerne presisera at det er instituttleiinga og instituttstyret som har det fulle og heile ansvaret for underskotet, og ansvaret for å få det i balanse.

-Dyrt å undervisa i språk

- Kva er den viktigaste grunnen til underskotet?

- Det er dyrare å undervisa i språk enn i fag som er basert på undervisning i store forelesingssalar. Uttalen i russisk er det umogleg å retta på i eit stort auditorium. Difor må det vera færre studentar per lærar på eit språkfag. Kunnskapsdepartementet ser ikkje ut til å ha tatt omsyn til dette, då dei bestemte reglane for finansiering av språkfaga, meiner Gammelgaard. Det er likevel éin ting ho er nøgd med.

- Drifta av instituttet går med eit lite overskot, sidan me ikkje har brukt pengar på nye datamaskiner, kopimaskiner og møblar, konstaterer ho. Det blir heller ingen oppseiingar.

- Ingen fast tilsette forskarar vil mista jobben. Bruken av timelærarar vil halda fram der det er naudsynt, slik at studentane får den undervisninga dei har krav på i til dømes italiensk litteratur.

- Ville dette underskotet ha vore like stort utan innføring av Kvalitetsreforma og utan omorganiseringa?

- Det som har skjedd har skjedd, og me har ingen sikre haldepunkt for å seia at desse reformene kan skuldast for det, meiner ho.

No vil Karen Gammelgaard ha forskarane til å reisa på internasjonale konferansar og delta som gjesteprofessorar ved utanlandske universitet.

- Diverre har dei fått altfor dårleg tid til å reisa i samband med forsking. No håpar me at omlegginga av undervisninga vil gi dei betre tid til å forska og pleia kontakten med kollegaer i andre land.

Emneord: Økonomi, Studentsaker, HF: nytt institutt for språk, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2007 09:11 - Sist endra 10. des. 2008 14:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere