5000 skuleelevar inntar UiO

5000 skuleelevar kjem til Universitetet i Oslo på Open dag torsdag 8. mars. Komikarparet Kjetil og Kjartan skal underhalda dei frammøtte. - Det blir garantert den store attraksjonen, fortel prosjektleiar Julie Øybø (biletet) i Informasjonsavdelinga.

5000: Prosjektleiar Julie Øybø ventar innrykk av 5000 skuleungdomar til Open dag på UiO tordag 8. mars.
Foto: Ståle Skogstad

Kjetil og Kjartan frå "Kjetil- og Kjartan-show" kjem til UV-kjellaren i Helga Engs hus kl. 13.45. Dei har yrkesbakgrunn som lektor og høgkulelektor, og kjenner godt til læraryrket. Dei vil ha eit minishow om "De nye lærervikarene". Men hovudmålet med arrangementet er ikkje å gi folk underhaldning, men ein peikepinn på kva studium UiO har.

På nettstaden til Open dag, går det fram at UiO ynskjer å gi potensielle studentar ein smakebit på korleis det er å studera ved Universitetet i Oslo og visa fram dei studia som finst. Det blir utdanningsmesse og forelesingar. Det vil også bli høve til å å bli kjent med nokre av dei utanomfaglege studentaktivitetane, som finst på UiO¨. Nytt av året er guida turar på universitetsområdet. Guidane er studentar som har studert på UiO ei stund, og turen fylgjer ei løype rundt til dei viktigaste attraksjonane på Blindern.

- Over 5000 skuleelevar har meldt seg på arrangementet, fortel Julie Øybø.

Emneord: Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 7. mars 2007 14:29 - Sist endra 10. des. 2008 14:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere