USAs ambassadør: - Presidentskifte gir ikkje ny politikk

- Mange meiner at president George Bush er symbolet på alt som er gale med amerikansk politikk. Men eg er overtydd om at det blir liten skilnad på den politikken han fører og den den vinnande presidentkandidaten vil føra. Det sa USAs ambassadør i Noreg, Benson K. Whitney, då han trefte studentar ved Universitetet i Oslo torsdag 8. februar.

MØTTE STUDENTAR: USAs ambassadør i Noreg, Benson K. Whitney møtte studentane på britiske og amerikanske studiar då han besøkte UiO torsdag 8. februar.
Foto: Martin Toft

Hovudformålet med besøket var å få fleire norske studentar til å ta delar av studiet i USA, og samtidig få fleire amerikanske studentar til å ta eit lengre opphald ved eit norsk universitet. Men ambassadør Benson K. Whitney let også studentane sleppa til med politiske spørsmål. Og utan å bli spurt direkte om det, tok han opp USAs angst etter 11. september 2001.

- Framleis meiner 68 prosent av amerikanarane at terrorisme er eit direkte trugsmål mot USA. Difor vil heller ikkje dagens krig mot terrorisme bli endra, når George W. Bush forlét Det kvite huset. Det er klart når ein høyrer kva dagens presidentkandidatar seier om kva politikk dei vil føra.

- USA må tola å få retta masse sinne mot seg, sidan det er verdas einaste supermakt. Den som tar på seg leiarskap i verda, risikerer at ikkje alle vil lika det du gjer. Det gjeld både i politikken, på jobben og på skulen. Eg synest det er bra at Europa tok ansvaret for å få løyst konflikten i Libanon. Men då risikerer også europeiske land at ikkje alle vil lika det dei held på med, slo han fast.

Krigen i Irak viktigare enn klimaendringane

Whitney meinte også at klimaendringane ville koma til å spela ei rolle i den amerikanske presidentvalkampen.

- Det vil den heilt sikkert, men krigen i Irak vil spela ei endå større rolle, dersom den ikkje er slutt før valkampen tar til. USA blir ofte framstilt som eit klimamonster fordi me ikkje har skrive under t.d. Kyoto-avtalen. Faktum er at USA er den leiande makta i kampen mot klimaendringane. Me er i full gang med å utvikla teknologi som kan nytta seg av alternativ energi, som til dømes hydrogen, biodiesel og kjernekraft.

Ny teknologi er svaret

- Eg trur ikkje me skal be folk i Kina og i India om at dei diverre ikkje kan oppleva den same veksten som folk i Vesten, fordi det vil påverka klimaet. Menneska har alltid hatt eit ynske om å betra liva sine . Nei, då har eg meir trur på at me kan endra måten me lever på gjennom å utvikla ny teknologi. Me må difor satsa på forsking som kan utvikla ny og alternativ teknologi, meinte den amerikanske ambassadøren.

Lova enklare studentutveksling

Og han lova at i framtida skal det bli mykje enklare for studentar å ta ein del av studia i USA.

- Det er heilt klart at studentane treng meir informasjon om dette tilbodet. Det er grunnen til at me har etablert den nye webportalen usastudier.no. På den måten får studentane hjelp til å få svar på alt dei treng vita, før dei bestemmer seg for å dra og kvar dei vil dra.

- Det har jo ofte vore ei svær papirmølle og mykje byråkrati før ein får endeleg klarsignal til å ta eit studieopphald i USA?

- Det har me også gjort noko med. Me er i ferd med å gå gjennom prosedyrane for å få studentvisum, og me ser på måtar for å straumlinjeføra den prosessen, lova han.

- Ein viktig grunn til at studentar ikkje kan studera i USA er dei høge studieavgiftene. Kva vil de gjera med dei?

- Me vil forsøka å letta dei økonomiske utfordringane gjennom å finna nye offentlege og private finansieringskjelder og skaffa betre informasjon til studentane om dei kjeldene som eksisterer. Slik håpar me å oppnå målet om å auka studentutvekslinga mellom USA og Noreg med 50 prosent i løpet av dei neste fem åra, fortalde ambassadør Benson K. Whitney til dei 11 studentane som hadde møtt opp.

Emneord: USA Av Martin Toft
Publisert 8. feb. 2007 17:15 - Sist endra 10. des. 2008 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere