- Studentane må ikkje bli oppgulpmaskiner

- Universitetet må få studentane til å utvikla evna til kritisk tenking og etisk refleksjon, slik at dei kan ta sjølvstendige standpunkt uavhengig av autoritetar. Dei må ikkje bli oppgulpmaskiner. Det seier filosofiprofessor Andreas Føllesdal og historieprofessor John Peter Collett i ein samtale om universitetsideen.

KRITISKE: - Me må formidla kunnskap som gjer studentane kritiske til den rådande makta og får dei til å ta sjølvstendige standpunkt, meiner Andreas Føllesdal (t.h.) og John Peter Collett.
Foto: Ola Sæther

Det snøar på Universitetsplassen den dagen Uniforum har invitert filosofiprofessor og etikkekspert Andreas Føllesdal ved Norsk senter for menneskerettar og historieprofessor John Peter Collett ved Forum for universitetshistorie til ein samtale om kvar Universitetet i Oslo skal gå, slik at det ikkje trør feil. Collett meiner me må sjå langt tilbake i historia for å sjå dei store linjene.

- Universitetet er alltid undervegs, og det er ingen som alltid er heilt tilfreds med universitetet. Det er klart at universitetet heile tida må endra seg, og det vil seia at nokon gonger herskar det harmoni og andre gonger disharmoni mellom universitetet og samfunnet utanfor.

- Eit lågmål var til dømes på 1890-talet, då Det Kongelige Frederiks Universitet blei sett på som ein konservativ institusjon og låg i krig med Venstre på Stortinget. Men berre to tiår seinare blei universitetet sett på som ein berebjelke for det frie Noreg.

- Det er to formål som står fast: Universitetet forvaltar viktige kulturelle normer og det skal sertifisera folk som skal spela ei rolle i samfunnet på visse måtar. For ein person eller ei yrkesgruppe som ynskjer å få ein eliteposisjon i samfunnet, har vegen oftast gått gjennom universitetet, slår Collett fast.

Og Føllesdal støttar han i det synet:
- Eg er svært einig i det, men i dag er mykje av denne debatten om kunnskap fråverande. I staden bruken ein argument som behovet for globalisering og europeisering for å reformera universitetet. Faren er at tonegjevande grupper då vil reagera, fordi dei ikkje likar det nye, trur Føllesdal.

- Me er ikkje flinke nok til å forklara kvifor me ikkje likar det nye. Så får me valet mellom å bli styrt av Stortinget eller marknaden. Eg meiner at nokre ting bør verken fastsetjast av Stortinget eller marknaden, presiserer Collett.

- Universitetet forvaltar kunnskap som skal koma heilskapen til gode, held han fram.

- Underlagt politisk eller marknadsmessig styring, går det tapt for heilskapen. Eit døme: Det har kome eit nytt medikament på marknaden, og me kan spørja ein professor i farmakologi om å fortelja oss kva tilgjengeleg forsking har vist at verknaden av medikamentet vil vera. Det er gått tapt noko viktig for samfunnet den dagen professoren seier han ikkje kan svara på det spørsmålet, fordi han har ein kontrakt med det selskapet som produserer medikamentet ...

- eller at det vil han gjerne, kan henda utan å fortelja at han er på lønningslista til selskapet, legg Føllesdal til.

- Kritiske spørsmål til makta

- Men kva bør vera målet med kunnskapen universitetet gir?

- Formålet må vera å møta den rådande makta og dei rådande sanningane med kritiske spørsmål. Og då er det svært negativt dersom statsadministrasjonen eller eit fleirtal på Stortinget skal bestemma kva dei vitskaplege tilsette skal forska på, meiner Collett.

- Dei som stiller spørsmål som ikkje passar den rådande makta, vil då få alvorlege problem. Oppgåva vår blir å formidla dette til studentane, slik at dei lærer seg å bruka kjelder kritisk, synest Føllesdal.

- Dei må forstå at den heile og fulle sanninga ikkje ligg i pensum, og at det er mogleg å stilla seg kritiske også til innhaldet i lærebøkene. Me må syna studentane at det som står i lærebøker er ein del av ein vitskapleg prosess. Det er ein viktig grunn til å halda på ex.phil.-undervisninga, som kan gi refleksjon om kva vitskap er og korleis vitskapleg kunnskap er blitt til. Det skal vera krevjande å vera student på universitetet. Difor må dei også ha fridom. Fridom er naudsynt for å kunna reflektera, meiner universitetshistorikaren.

- Kritisk tenking og etisk refleksjon

- Litt innsikt er ein farleg ting. Studentane skal ha evna til å kunna reflektera over kva vitskapleg kunnskap er. Universitetet må få studentane til å utvikla evna til kritisk tenking og etisk refleksjon, slik at dei kan ta sjølvstendige standpunkt uavhengig av autoritetar. Dei skal ikkje vera oppgulpmaskiner.

- Tradisjonelt har universitetsstudia vore annleis enn andre studium når det gjeld breidda på faget. Studentar får vita kva som blir rekna som solid vitskapleg belegg både innanfor naturfaga og innanfor humaniora. Det vil ikkje studentane på høgskulane få undervisning i.

- I dag er diverre vitskapleg metode blitt lagt til fakulteta og blitt meir spesialisert. Dermed handlar det til dømes om juridisk etikk og metode for jusstudentane. Men framleis vil universitetsstudentane treffa studentar frå andre fag og fakultet og sjå skilnader og likskapar med sitt eige fag. Og det fører jo til at jusstudentar ser at dei kan ha nytte av kurs i teorien om kor sannsynleg det er at det og det skjer, også ved Økonomisk eller Matematisk institutt. Og det er nettopp det som forklarar omgrepet danning, konstaterer Føllesdal.

- Annleis, men noko til felles

- Det er svært viktig at studentane blir konfronterte med folk med andre fag og med andre karriereplanar enn dei sjølve. Noko av dette blir borte, dersom ein berre skal vera saman med andre folk som skal bli lærarar, juristar eller legar. På den måten ser ein at ein har noko til felles med andre, men at ein likevel er annleis, synest Collett.

- For meg sjølv var ein viktig del av studiet at eg fann ut kva eg skulle bli, når eg blei stor, vedgår Føllesdal.

- Eigenutvikling, refleksjon og breidd er tre nøkkelord for eit universitetsstudium. Du får høve til å utvikla deg og bli kjent med deg sjølv. Og koplinga mellom undervisning og forsking er svært viktig, fordi studentane ikkje berre skal læra faget, men også forstå noko av prosessen som gjorde at faget blei til. Det får me til gjennom undervisninga i ex.phil. og i ex.fak. Difor er det viktig at undervisninga er forskingsbasert, slik at den som underviser heile tida blir tvinga til å ha ein kritisk refleksjon til si eiga forsking og sitt eige fag, kvitterer Collett.

-"Bullshit-radar"

- Eg ventar av studentane mine at dei utviklar ein "bullshit-radar ", som slår ut kvar gong dei forstår at nokon snakkar vås og ikkje har gode vitskaplege eller andre argument for det dei seier, håpar Føllesdal.

- Har dette blitt verre eller lettare å få til med innføringa av Kvalitetsreforma?

- Eg er uroa over at Kvalitetsreforma faktisk gjer det vanskelegare å velja fag over fakultetsgrensene. For er det noko eg angrar på frå mi eiga studietid, så er det at eg ikkje gjekk på forelesingar i fag eg ikkje skulle ha eksamen i, fortel Collett.

- Kvalitetsreforma har vore ei europeisering og ikkje ei amerikanisering av høgare utdanning, og ei reform som dei europeiske statsrådane har vore heilt einige om. Medan bachelorstudiet tar tre år i Europa, så tar det fire år i USA. Og ved mange av dei beste universiteta der skal til dømes fysikkstudenten ha kunnskap om noko språk, noko kunsthistorie, i tillegg til omfattande kunnskap i sitt eige fag, seier filosofiprofessoren.

- Fjernar oss frå dei amerikanske universiteta

- Målet med reforma var å ta opp konkurransen med dei amerikanske universiteta, medan me i røynda fjernar oss frå dei. Me gjer oss spesialiserte, litt dummare og litt meir innskrenka. I USA står idealet om "liberal education" sterkt, med danning gjennom breidd. Vitsen er ikkje at du skal kunna alt mogleg, men at du skal kunna ha ei form for etisk danning av deg sjølv. Idealet for danningsuniversiteta på 1800-talet var å få til ei leiarutdanning med stor vekt på etisk kompetanse. Du skulle læra å kjenna deg sjølv og vita korleis du opptrer og utnyttar dømmekrafta di, meiner Collett.

- Me er einige om måla om betre kontakt mellom studentar og forelesarar, fleire skriftlege prøver og betre tilbakemeldingar. Problemet er at heile reforma har vore underbudsjettert. På ei av dei mange verdsrangeringane er det offentlege University of North Carolina at Chapel Hill i USA om lag på same nivå som Universitetet i Oslo. Men der er det halvparten så mange studentar på kvar forskar som ved UiO.

- Korleis skal me få Noregs og kanskje verdas beste hovud til UiO, både blant tilsette, og blant studentar? spør Føllesdal.

- Universitetsleiinga må som arbeidsgjevar ha som hovudmål at arbeidsmiljøet skal vera så godt at alle dei tilsette trivst. Dessutan må UiO bli flinkare til å forklare kvifor fem av åtte senter for framifrå forsking hamna her. Dei kan invitera andre universitetsleiarar til å visa korleis eit forskingsuniversitet blir drive, foreslår Collett.

- God dømmekraft

Og Føllesdal meiner UiO må tenkja framover.

- Me må spørja oss kva type leiarar me vil at Noreg skal ha om 20 år og kva kunnskap me vil gi dei. Eg reknar med at me gjerne vil gi dei god dømmekraft. Og det lærer dei ikkje så lett på eit tre år langt bachelorstudium med for liten lærarstab, understrekar Føllesdal.

- Eg vil gjerne slå fast ein gong for alle at Universitetet i Oslo aldri har vore noko elfenbeinstårn. Det har vore sentralt med i utviklinga av det norske samfunnet gjennom alle dei åra det har vore i funksjon. Det har vore med og bygd opp det norske velferdssamfunnet, som er bygd på prinsipp som lik tilgang til utdanning og helse og styring av økonomien for å unngå kriser og halda arbeidsløysa nede. Noreg er på toppen av FNs statistikkar over kva land det er best å bu i. Det har ikkje kome av seg sjølv. Dette har UiO vore sterkt delaktig i. UiO er historisk bygd på demokratiske og antiaristokratiske ideal. Ein akademikar frå UiO har fått med seg at han eller ho er samfunnet sin tenar og ikkje samfunnet sin herre, minner Collett om.

Emneord: Forskning, Undervisning, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2007 09:29 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere