Stifta singelklubb på UiO

35 personar, 29 kvinner og seks menn dukka opp då Velferdsutvalet inviterte til stiftingsmøte av singelklubben på UiO den 29. januar. Den største utfordringa blir å få fleire menn til å bli med i klubben.

STIFTA SINGELKLUBB: Initiativtakar Terje Sagvolden ynskjer dei frammøtte velkomne til stiftinga av singelklubben på UiO.
Foto: Martin Toft

- Eg jobbar i biblioteket og er omgitt av kvinner og treffer menn berre over skranken. Det er så lett å treffa på kvinner og så vanskeleg å treffa menn i sosiale samanhengar, var hjartesukket frå ei av dei 29 kvinnene.

Initiativtakar Terje Sagvolden meinte at det var viktig å ha aktivitetar som menn også ville interessera seg for.
Sjølv såg han føre seg hytteturar i jule- og påskeferien og felles utflukter på ulike kulturarrangement. Andre såg føre seg ein felles biltur gjennom historiske stader i Europa.

- Det er i alle fall viktig at det kjem fleire menn, for sjølv om det er tabu å seia det, så er mange av oss på utkikk etter ein livspartnar, sa ei anna av dei frammøtte kvinnene.

- Men ein singelklubb kan ikkje berre vera det, for om alle skulle bli par, ville jo singelklubben gå i oppløysing, meinte ein av mennene. Klubben har fylgjande e-postadresse: singleklubben@admin.uio.no

Emneord: Fakultetene, Velferdsutvalget, Velferd på UiO Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2007 09:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere