- Kunst er meditasjon

Som 14-åring skreiv Zhang Bin frå Beijing dikt og drøymde om å bli kunstmålar. Ho blei forskar i kunsthistorie. Men framleis både målar og skriv ho. Fredag 16. februar blir kunsten hennar stilt ut i Galleri Sverdrup på Blindern.

BILETE PÅ UTSTILLING: Kunstnaren og forskaren Zhang Bin er svært glad for at ho får stilla ut måleria sine i Galleri Sverdrup. Det er også kinesiskprofessor Halvor Eifring.
Foto: Martin Toft

- Eg er svært glad for at eg har fått høve til å visa fram bileta og dikta mine til eit norsk publikum i Galleri Sverdrup. Og eg håpar dei kan skapa interesse for kinesisk kultur og samtidig visa at menneska er like uansett kvar dei bur. Dei viser både sorg, glede og kjærleik anten dei bur i Kina eller i Noreg. Så eg håpar utstillinga kan vera med på å knyta vennskap mellom nordmenn og kinesarar, seier Zhang Bin i samtale med Uniforum og av og til med kinesiskprofessor Halvor Eifring som tolk.

Zhang Bin kom til Noreg med ein doktorgrad i kunsthistorie for å delta i eit av forskingsprosjekta til professor Christoph Harbsmeier. Men kollegaene hennar fann ut at ho også hadde andre talent.

- Eg fortalde dei at eg både måla og skreiv dikt, og ein dag tok eg med meg nokre av arbeida mine. Dei likte det dei såg, og Halvor Eifring og Christoph Harbsmeier meinte at eg burde ha ei utstilling i Galleri Sverdrup. Og på den måten byrja snøballen å rulla, fortel ho.

2000 år gamal tradisjon

Tidlegare har ho også hatt separatutstilling i National Art Museum of China i Beijing. I Noreg er det ikkje vanleg å kombinera måleri og poesi, i motsetning til tradisjonen i Kina. Kinesisk kunst har utvikla seg på eiga hand i over to tusen år og skil seg sterkt frå vestleg kunst. Den stadige bruken av kontrastar og motsetningar er inspirert av tanken om yin og yang, medan samansmeltinga av det subjektive og det objektive har røter i zen. Mange av motiva stammar frå konfutsianisme, taoisme og buddhisme. I stor grad avspeglar kunsten levesett og tenkemåte hos lærde kinesarar i det gamle Kina.

Poesi og kunst høyrer saman

- Den kinesiske kunstmålinga er nært knytt til skriving. Kvar detalj i måleriet er i nær slektskap med både linjene og strekane i kinesisk kalligrafi eller bokstavkunst. Slik reflekterer heile måleriet både forma og strukturen til eit kinesisk skriftteikn, forklarar Zhang Bin. Når ho målar, brukar ho denne tradisjonen. Men dikta hennar er annleis.

- Dikta mine tilhøyrer den modernistiske tradisjonen, og når eg brukar dei saman med måleria mine, blir den gamle måleritradisjonen bunden saman med moderne poesi og omvendt. Det komplekse i det enkle blir verdsett i kinesisk kunstmåling. Tradisjonen kan også delast inn i figurativt måleri, landskapsmåleri og blomstermåleri.

- Så det er difor du ikkje målar ei gate frå dagens Beijing?

- Nei, det ville ikkje ha passa inn i den tradisjonen, smiler ho. Zhang Bin ser ikkje noko problem i å driva med kunstmåling og samtidig vera forskar.

- Både kunstmålinga og diktskrivinga fører til at eg får rydda opp i tankane mine og også får tenkt på ting som har å gjera med forsking. Slik er kunsten meditasjon for meg. Men eg opplever det som ein stor kamp kvar gong eg skal måla. Eg må vera i det rette humøret og ha god inspirasjon, dersom eg skal få til eit måleri eg blir nøgd med, fortel Zhang Bin.

Utstillinga har ho kalla for "Det lystige insekt" ,og det er også tittelen på ei poesisamling ho har gitt ut i Kina.

- Det lystige insektet heiter "chan" på mandarin og sikade, eller grashoppe, på norsk, og det er eit symbol på det lykkelege mennesket. I kinesisk tradisjon er mennesket ein del av naturen og naturen og mennesket er knytt saman til ein felles einskap. Det prøver eg å få fram gjennom bileta og dikta mine.

- Har du fått inspirasjon til å måla andre ting under opphaldet ditt i Oslo?

- Ja, eg har lyst til å måla norsk natur og norske vinterlandskap.


Utstillinga av Zhang Bins bilete i Galleri Sverdrup på Blindern opnar fredag 16. februar kl. 12.15 i samband med Lunsj med kultur. Då vil Zhang Bin lesa eigne dikt på kinesisk, medan Halvor Eifring vil lesa dikta på norsk. Musikaren Steinar Ofsdal skal spela kinesiske fløyter og norsk seljefløyte.

(Kjelder: Zhang Bin, Halvor Eifring og utstillingsprogrammet)

Emneord: Internasjonalisering, Galleri Sverdrup Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2007 11:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere