Fylkesmannen melder Kvinnherad Energi til politiet

Fylkesmannen i Hordaland har meldt Kvinnherad Energi til lensmannen, fordi selskapet ikkje har fylgd pålegget om å stansa anleggsarbeidet i Muradalen like ved Baroniet Rosendal. Saka er no send vidare til Miljøverndepartementet.

MELDT TIL POLITIET: Fylkesmannen i Hordaland har meldt Kvinnherad Energi til politiet fordi det ikkje har fylgd pålegget om å stansa anleggsarbeidet nær Baroniet Rosendal.
Foto: Ola Sæther

Det var 29. januar Fylkesmannen vedtok å stansa arbeida med oppgradering av Muradalen kraftverk kombinert med nytt vassbehandlingsanlegg. Fylkesmannen har fått tilsvar på stansingsvedtaket sitt frå Kvinnherad Energi ved advokaten til selskapet, Bjarte Døssland. I tilsvaret gjer advokat Døssland gjeldande at det ikkje ligg føre rettsleg grunnlag for Fylkesmannens vedtak i saka, og at vedtaket såleis er ugyldig.

Fylkesmannen har ikkje funne grunnlag for å endra vedtaket sitt. Difor finn Fylkesmannen det rett, også av omsyn til Kvinnherad Energi AS og tidsmomentet i saka, å sjå tilsvaret som ei klage på pålegget om å stansa arbeidet som er sett i gang. Saka blir difor send til Miljøverndepartement for vidare handsaming, går det fram av Fylkesmannens nettsider.

Dei vil no altså ha hjelp frå politiet for å stansa anleggsarbeidet og har difor meldt saka til lensmannen i Kvinnherad.

- Stor forståing for avgjerda

Styrar Anne-Grete Honerød ved Baroniet Rosendal er svært glad for at Fylkesmannen set hardt mot hardt i denne saka.

- I og med at Kvinnherad Energi og Kvinnherad kommune ikkje har tatt til etterretning Fylkesmannen i Hordaland sine gjentekne krav om at det skal utarbeidast reguleringsplan, før ei eventuell utbygging i Hattebergvassdraget kan finna stad, har me sjølvsagt stor forståing for at Fylkesmannen no har bede lensmannen i Kvinnherad om hjelp til å stansa det pågåande anleggsarbeidet og send heile saka over til Miljøverndepartementet.

- Det er allereie gitt fleire pålegg om stans av det påbyrja anleggsarbeidet, seier Anne Grete Honerød i ein kommentar til Uniforum. Ho synest dette er eit grovt overtramp.

- Den planlagde utvidinga av det eksisterande småkraftverket på ca 8 GWh frå 1950-åra går føre seg ulovleg i kulturmiljøet til Baroniet Rosendal - i ein unik og praktfull nasjonal heilskap av natur og kultur, understrekar ho.

Emneord: Baroniet Rosendal, Museene Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2007 17:32 - Sist endra 10. des. 2008 15:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere